Liv Gulbrandsen
norsk politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Liv Gulbrandsen (fødd 15. februar 1974) er ein norsk barnebokforfattar og medieperson. Ho har tidlegare vore nestleiar i RV, og sat i bystyret i Oslo 2003-2007.[1]
Liv Gulbrandsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1974 (50 år) Oslo ![]() |
Yrke | Forfattar, programleiar, dagleg leiar |
Politisk parti | Raud Valallianse |
Far | Tron Øgrim ![]() |
Mor | Jorun Gulbrandsen ![]() |
Gulbrandsen var aktiv i nærradio, som Radio express i Sandvika, Radio Otek i Ghana og RadiOrakel før ho blei tilsett i NRK P3. Her var ho programleiar for morgonprogrammet Holger Nilsens metode.
Gulbrandsen debuterte som barnebokforfattar i 2006 med Rebekka : den natta jeg ble født. I 2008–09 var ho programleiar for Barne-TV på NRK. Ho var ei tid marknadsføringssjef i Klassekampen.[2] Frå 2009 var Gulbrandsen dagleg leiar i Norsk Filmforbund og frå mars 2011 dagleg leiar i Leser søker bok.[3]
Gulbrandsen er dottera til dei tidlegare sentrale AKP-medlemane Jorun Gulbrandsen og Tron Øgrim.