Klassekampen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Klassekampen er ei dagsavis som er den tredje største papiravisa i Noreg, og ei av dei viktigaste intellektuelle avisene i Norden. Avisa vart grunnlagd i februar 1969 som ei månadsavis for det maoistiske partiet AKP (ml), men har etter år 2000 utvikla seg til å vere ei sosialistisk, men partiuavhengig avis med stoff om politikk og kultur.
Kjappe fakta Type, Org.nummer ...
Klassekampen | |||
| |||
Type | Dagsavis | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 925350605 | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 1969 | ||
Eigarar | Raudt (20 %), Klassekampens Venner (15), Fagforbundet (15), Oktober forlag og Pax forlag (10), Industri Energi (5), småaksjonærar (35) | ||
Grunnlegger(ar) | Pål Steigan | ||
Redaktør(ar) | Mari Skurdal | ||
Språk | Norsk | ||
Politisk posisjon | Sosialistisk | ||
Opplag | 23 414 (2016) | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
Nettstad | www.klassekampen.no |
Lukk
Formålsparagrafen til avis vart vedteken i 1991.
- Avisa Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser – samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold, ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn.
Ansvarleg redaktør er Mari Skurdal (f.o.m. august 2018).
Avisa har ein relativt stor del av stoffet sitt på nynorsk.