![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/97/Vicia_ervilia_Sturm7.jpg/640px-Vicia_ervilia_Sturm7.jpg&w=640&q=50)
Linsevikke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Linsevikke (Vicia ervilia) er ein art i erteblomfamilien og blir nytta som matplante.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/30/Leguminosae_Yeros_Rojos_Vicia_Ervilia_in_Madrid.jpg/640px-Leguminosae_Yeros_Rojos_Vicia_Ervilia_in_Madrid.jpg)
Linsevikke | |
![]() Linsevikke | |
Status | |
Status i verda: ![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Faboideae |
Stamme: | Fabeae |
Slekt: | Vikkeslekta Vicia |
Art: | Linsevikke V. ervilia |
Vitskapleg namn | |
Vicia ervilia Willd., 1802 |
Ville stammar av linsevikke er avgrensa til eit område som omfattar Anatolia og nordlege Irak med ei utviding sørover langs fjella i Libanon. Spor av dei tidlegaste domestiserte tilfella er blitt avdekte frå fleire arkeologiske funnstader i Tyrkia som er tidfesta med ubekrefta karbondatering til dei 7. og 6. tusenåra f.Kr.[1]
Planten var ein av dei åtte grunnplantane i jordbruksrevolusjonen, og har vore viktig for sivilisasjonane rundt Middelhavet. Frukta eignar seg spesielt godt som fôr for sau og storfe.[2]
Blomane er kvite med svake lilla nervetråd-teikningar. Frøa i belgfrukta kan minna om raude linser, og for å eta perlebelgfrøea må desse kokast i fleire omgangar for å fjerna ein elles bitter smak.
På engelsk blir planten kallas for bitter vetch, på arabisk kersannah, spansk yero, gresk rovi og tyrkisk burcak.[3] Næringsverdien frå linsevikke har garantert framleis kultivering i Marokko, Spania og Tyrkia. Planten er enkel å kultivera og hausta, og kan bli dyrka på svært grunn, alkalisk jord. Det er restriksjonar i innførsel av linsevikke til Noreg.