Radiokarbondatering
From Wikipedia, the free encyclopedia
Radiokarbondatering, karbondatering eller C-14 metoden («karbon-fjorten»-metoden) er ein metode for datering av organisk materiale. Metoden er basert på at alle levande organismar inneheld ein liten konsentrasjon med den radioaktive karbonisotopen 14C. Så lenge organismen er i live, er mengda av radioaktiv 14C frå næringsinntak konstant. Når organismen døyr, tek han ikkje lenger opp radioaktivitet, og mengda 14C i organismen går langsamt ned. Karbonisotopen med atomvekt 14, har ei kjend halveringstid på 5 730 år, som tyder at etter denne tida er berre helvta av mengda 14C tilbake. Ved å isolere karbonet i prøven og måle mengda radioaktivitet i høve til ferskt organisk materiale kan ein dermed rekne ut kva tid organismen levde. Fordi halveringstida er 5730 år, blir 14C-konsentrasjonen etter kring 50 000 år så liten at han er vanskeleg å måle.