Lésvos (gresk Λέσβος), òg kalla Lesbos, er den tredje største øya i Hellas og høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya er òg den åttande største i Middelhavet med eit areal på 1 630 km² og 320 km kystlinje.

Kjappe fakta Lésvos Lokalt namn Λέσβος, Geografi ...
Lésvos
Lokalt namn Λέσβος
Thumb
Satellittbilete av Lésvos
Geografi
Thumb
StadEgearhavet
Koordinatar39°10′N 26°20′E
ØygruppeDei nordegeiske øyane
Areal1 632,8 km²
Høgaste punktLepétymnos, Ólymbos (967 moh.)
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Lésvos
Største busetnadMytilíni (31 714 innb.)
Demografi
Folketal83 755 (2021[1])
Folketettleik51,3 /km²
Lukk

Tidlegare hadde Lésvos 13 kommunar og var i lag med øyane Límnos og Ájos Evstrátios administrert som ein del av Lésvos prefektur. Frå 2011 vart Lésvos eiga periferieining i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2] Frå 2019 omfattar øya dei to kommunane Vest-Lésvos og Mytilíni.[3]

Lésvos har vel 80 000 innbyggjarar og meir enn ein tredjedel bur i hovudbyen Mytilíni, som ligg søraust på øya. Resten av folkesetnaden er spreidd i mindre byar og landsbyar. Dei største av desse er Kalloní, Jéra, Plomári, Ajásos, Eresós og Míthymna (Mólyvos). Mytilíni vart grunnlagd på 1000-talet fvt. av familien Penthilidae, som kom frå Thessalía og styrte fram til revolusjonen i 590–580 fvt. leia av Pittakos av Mytilíni.

Ordet «lesbisk» kjem frå dikta til Sapfo, med sterke kjenslege innhald mot kvinner, og som ofte vert tolka som homoseksuell kjærleik. På grunn av dette vert Lésvos, og særleg byen Eresós, fødestaden til Sapfo, ofte vitja av lesbiske turistar.[4]

Administrativ inndeling

Thumb
Dei to kommunane vart danna i 2019 ved at ein delte opp den tidlegare kommunen Lésvos.[3] ██ Vest-Lésvos ██ Mytilíni

Den noverande kommunestrukturen kom til i 2019 gjennom ein revisjon av den store kommunereforma i 2011,[3] då ein hadde slått saman alle dei tidlegare kommunane på Lésvos til ein kommune, med dei tretten tidlegare kommunane som kommunaleiningar.[2] Dei to nye kommunane er:

Geografi

Øya er fjellkledd og har to store toppar, Lepýtymnos og Ólymbos, begge med ei høgd på 967 moh. Øya har vulkansk opphav, noko som er årsaka til dei mange varmekjeldene.

Øya er frodig og vert stundom kalla Smaragdøya. Elleve millionar oliventre dekker 40 % av øya i tillegg til andre frukttre. Skogar av furu og noko eik opptar 20 % av øya medan resten er består av kratt, grassletter eller urbane strøk. Vest på øya ligg verdas nest største forsteina skog av ekte kjempegran.

Økonomien på øya er hovudsakleg basert på jordbruk. Olivenolje er den største inntektskjelda. Turisme er òg ei viktig næringskjelde og med flyplassen like i sør er Mytilene ein av dei største turistmåla, i tillegg til kystbyane Pétra, Plomári, Míthymna og Eresós. Fiske og produksjon av såpe og ouzo, den greske nasjonallikøren utgjer òg ein del av inntektene.

Klima

Klimaet på øya er mildt middelhavsklima med ein normal årstemperatur på 18 °C. I løpet av eit år kjem det normal 750 mm nedbør. Øya er den mest solrike øya i Egearhavet, og snø og låge temperaturar oppstår sjeldan.

Historie

I følgje gresk mytologi var guden Lesbos vernar av øya. Makareus skal ha vore den første kongen over øya og mange av døtrene hans skal ha gjeve namn til dei større byane. I følgje myta vart søstera hans Kanake drepen for at han skulle verte konge. Stadnamna har derimot sannsynlegvis opphav i lokale gudinner, som seinare vart erstatta av gudane. Homer kallar øya Macaros edos, setet til Makareus. Ein meiner at emigrantar frå fastlands-Hellas, hovudsakleg frå Thessalía, kom til øya seint i bronsealderen og gav ho namnet Lazpas. Dette namnet er bevart i dikta til Sapfo.

Thumb
Gudinna Kybele i stridsvogna si dradd av løver for å vise veg for sola over himmelen.

Dei store mengdene av grå keramikk som er funne på øya og tilbedinga av Kybele, den store modergudinna av Anatolia, tyder på at øya kan ha vore busett sidan steinalderen. Då persarkongen Kyros slo Kroesos (546 fvt.) vart dei jonisk-greske byane i Anataolia og dei nærliggande øyane ein del av Persia fram til persarane vart slått tilbake av grekarane under slaget ved Salamis i 480 fvt. I eldre tider vart øya styrt av eit oligarki, men i antikken utvikla styreforma seg til eit delvis demokrati. I ein kort periode var øya medlem av Det atenske sjøforbundet, men fall ut under peloponnesarkrigen. I hellenistisk tid høyrte øya til forskjellige makedonske kongedøme fram til 79 fvt. då ho vart ein del av Romarriket

I mellomalderen var øya ein del av Austromarriket. I 803 var den austromerske keisarinna Irene i eksil på Lésvos og måtte der spinne for å overleve fram til ho døydde. I 1335 vart øya avstått til den genovesiske Gateluzi av økonomiske og politiske årsaker. Lésvos vart erobra av osmanske tyrkarar i 1462 og var under deira styre fram til 1912 då ho vart ein del av det moderne Hellas. Byane Mytilíni og Míthymna har vore bispesete sidan 400-talet.

Thumb
Kalloníbukta

Etter den andre verdskrigen og den greske borgarkrigen vart dei fleste hus og bygningar bygd opp att. Økonomien betra seg, men ein del innbyggjarar flytta til Nord-Amerika og andre stader i Europa.

Thumb
Fjellet Ólymbos på Lésvos.

Kjende personar

Lésvos er fødestad for fleire kjende personar. I eldre tider utvikla Arion ein spesiell type dikt kalla dityrambe. Stamfaren til tragediar, Terpander, fann opp musikkskalaen med sju notar for lyra. I tillegg har ein diktaren Alkaeos, og den mest kjende diktarinna Sapfo. Fanias skreiv historie.

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Meir informasjon Tettstad, Kommune ...
TettstadKommuneFolketal 2011[5]Folketal 2021[1]
MytilíniMytilíni27 87131 714
PlomáriMytilíni2 9962 756
KalloníVest-Lésvos1 9782 103
Ajía ParaskevíVest-Lésvos2 1952 032
AjásosMytilíni2 3201 934
PolikhnítosVest-Lésvos2 1021 721
PappádosMytilíni1 4421 386
SkópelosMytilíni1 5301 383
MíthymnaVest-Lésvos1 3991 195
PámfilaMytilíni1 4131 188
PétraVest-Lésvos1 1081 112
VariáMytilíni1 1331 100
TaxiárkhesMytilíni1 1071 087
LoutráMytilíni1 0851 025
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.