Remove ads

Ájios Evstrátios (gresk Άγιος Ευστράτιος, Sankt Efstratios), lokalt helst Ai Strátis (Άη Στράτης), er ei lita øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya ligg 30 km sørvest for Límnos og 80 km nordvest for Lésvos.

Kjappe fakta Ájios Evstrátios Lokalt namn Άγιος Ευστράτιος, Geografi ...
Ájios Evstrátios
Lokalt namn Άγιος Ευστράτιος
Thumb
Landsbyen Ájios Evstrátios
Geografi
Thumb
StadEgearhavet
Koordinatar39°31′N 25°00′E
ØygruppeDei nordegeiske øyane
Areal43,325 km²
Administrasjon
LandHellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Límnos
Største busetnadÁjios Evstrátios (257 innb.)
Demografi
Folketal257 (2021[1])
Folketettleik5,9 /km²
Lukk

Ájios Evstrátios er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Límnos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Ájios Evstrátios 270 innbyggjarar, som alle budde i tettstaden med same namn.[1]

Ájios Evstrátios er ei roleg og isolert øy. Klimaet er tørt med lite nedbør om vinteren og lange, varme somrar. Landskapet er hovudsakleg steinete med lite og låg vegetasjon. Havet omkring er derimot rikt på fisk, og fiske er hovudnæringa her. Det er fleire flotte strender rundt øya som Ájios Antonios, Lemonies, Avlakia og andre, som ein kan nå med kaik. Øya har båtsamband til Límnos, Ájios Konstandínos, Kými og Kavála.

Øya er kalla opp etter Sankt Efstratios, som levde i eksil på øya på 800-talet fordi han stod imot den biletstormande politikken til den austromerske keisaren Leon Armenaren.

Øya vart nytta til å huse politiske fangar i eksil på 1930-talet. I 1968 vart øya råka av eit jordskjelv som øydela dei fleste bygningane, og desse vart erstatta av betongbygningar som planmessig vart bygd i ein militærleirliknande stil. Øya har likevel ein tiltalande hovudby, òg kalla Ájios Evstrátios. På 1970-talet vart øya igjen nytta til å halde politiske fangar. Den mest kjende av desse var musikaren Mikis Theodorakis.

Remove ads

Byar og tettstader

Den einaste tettstaden i kommunen er:

Meir informasjon Tettstad, Folketal 2011 ...
TettstadFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
Ájios Evstrátios270257
Lukk

Småøyar i kommunen:

  • Ájii Apóstoli (0)
  • Roúmbos (0)

Referansar

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.

Remove ads