Lensk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lensk (russisk Ленск) er ein by i Republikken Sakha i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lena, rundt 800 km vest for Jakutsk.
Lensk Ленск | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Sakha | |
Først nemnt i Bystatus |
1663 1963 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
24 475 | |
Koordinatar | 60°43′N 114°54′E | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 41137 | |
Nettstad: lensk.narod.ru |
Den opphavlege busetnaden vart første gong nemnt i 1663 i eit område kjend som Muhtuj og vart derfor kalla Mukhtuja. På 18- og 1900-talet var byen ein stad for politisk eksil.
Byen opplevde ein periode med rask vekst på 1900-talet etter oppdaginga og utbygginga av diamantførekomstar i Viljuj-bekkenet. Han fekk bystatus og namnet vart endra til Lensk i 1963.
I 2001 førte ein ispropp i Lena til at så godt som heile vart byen oversvømd og dei fleste bygningane vart øydelagde. Denne katastrofen kunne ha vore forhindra om ein hadde sprengt bort isproppen, men dei lokale myndigheitene hadde ikkje pengar til å kjøpa naudsynt sprengstoff[1]. Byen vart bygd opp igjen.