Lay Down Sally
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Lay Down Sally» er ein song av Eric Clapton, skriven av Clapton, Marcy Levy og George Terry. Han vart gjeven ut på albumet Slowhand i 1977 og sidan som singel. Singelen nådde tredjeplassen i USA. Songen er ein countryrock song spelt i same stil som J. J. Cale. Clapton har sagt at andre medlemmar i bandet, som Carl Radle frå Oklahoma, George Terry, Jamie Oldaker og andre påverka songen.
Lay Down Sally Singel av Eric Clapton frå albumet Slowhand | ||
B-side |
«Cocaine» | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1977 | |
Innspelt | Olympic Studios i London | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 3:50 | |
Selskap | RSO | |
Låtskrivar(ar) | Eric Clapton, Marcy Levy og George Terry | |
Produsent | Glyn Johns | |
Eric Clapton-kronologi | ||
«Carnival» (1977) |
Lay Down Sally | «Wonderful Tonight» (1977)
|
Clapton forklarte «Det er så nære eg kan kome, som engelskmann, men bandet er frå Tulsa, og dei spelte dette naturleg. Du klarar ikkje få dei til å spele ein engelsk rockestil, ikkje i det heile. Ideen deira om ein drivande rytme er ikkje å vere høglydt eller noko slikt. Det er subtilt».[1]
Singelen nådde òg 26. plassen på countrylista i USA, den høgaste plasseringa til Clapton på denne lista.