![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b5/J.J._CALE_%2528cropped%2529.jpg/640px-J.J._CALE_%2528cropped%2529.jpg&w=640&q=50)
J.J. Cale
amerikansk musikar og komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
John Weldon «J.J.» Cale[1] (5. desember 1938–26. juli 2013) var ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar. Sjølv om han prøvde å halde ein låg profil[2] inspirerte han mange musikarar som Neil Young og Eric Clapton, som skildra han som «ein av dei viktigaste artistane i rockehistoria».[3] Han vert rekna som ein del av opphavet til Tulsa Sound, ein laus sjanger basert på blues, rockabilly, country og jazz.
J.J. Cale | |||
![]() Cale i 2007 | |||
Fødd | 5. desember 1938(1938-12-05) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oklahoma City i USA | ||
Død | 26. juli 2013 (74 år) | ||
Dødsstad | La Jolla i California i USA | ||
Fødenamn | John Weldon Cale | ||
Alias | J.J. Cale, J. J. Cale, JJ Cale | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958–2013 | ||
Sjanger | Americana, cajun, blues, swamprock, countryrock, red dirt, Tulsa Sound | ||
Instrument | Gitar, vokal, piano, klaverinstrument, bass, trommer | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | Leathercoated Minds, Eric Clapton, Leon Russell | ||
Plateselskap | Shelter, Mercury, Polygram, Virgin, Rounder, Silvertone | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Gift med | Christine Lakeland | ||
Prisar | Oklahoma Music Hall of Fame |
Cale skreiv mange songar som vart spelt inn av andre artistar, som «After Midnight» og «Cocaine» av Eric Clapton; «Call Me the Breeze» av Lynyrd Skynyrd, John Mayer, Johnny Cash og Bobby Bare; «Clyde» av Waylon Jennings og Dr. Hook; «I Got The Same Old Blues» av Captain Beefheart, Lynyrd Skynyrd, Freddie King og Bryan Ferry og «Magnolia» av Poco, Beck, Lucinda Williams, Iron & Wine, José Feliciano, Ben Bridwell, John Mayer med Eric Clapton og Sadie Johnson.
I 2008 fekk Cale ein Grammypris i lag med Clapton for albumet deira The Road to Escondido.