Lago Maggiore
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lago Maggiore (òg kalla Lago Verbano) er den vestlegaste av dei tre store innsjøane nord i Italia, og den nest største i landet etter Gardasjøen.
Lago Maggiore | |||
innsjø | |||
Land | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Område | Albanarfjella | ||
Tilsig | Ticino, Maggia, Toce, Tresa | ||
Utløp | Ticino | ||
Nedslagsfelt | 6 599 km² | ||
Opphaldstid | 4 år | ||
Høgd over havet | 193 moh. | ||
Lengd | 66 km | ||
Breidd | 10 km | ||
Areal | 212,5 km² | ||
Middeldjupn | 177,4 m | ||
Største djupn | 372 m | ||
Koordinatar | 45°57′N 8°38′E | ||
Øyar | Brissagoøyane, Borromeanøyane | ||
Byar | Locarno, Luino, Verbania, Arona | ||
Lago Maggiore 46.098055555556°N 8.7147222222222°E | |||
Kart over Lago Maggiore
| |||
Wikimedia Commons: Lake Maggiore | |||
Han har eit areal på 213 km², ei lengd på 54 km og er 12 km på det breiaste. Innsjøen er danna av isbrear og har eit volum på 37 km³.
Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Ticino, Maggia, Toce og Tresa (som kjem frå Luganosjøen). Elvane Verzasca, Giona og Cannobino renn òg ut i innsjøen. Utsiget er Ticino som munnar ut i Po like søraust for Pavia.
Den ujamne breidda til innsjøen er omgjeve av fjella sør for Alpane i Piemonte og Lombardia. Den vestlege breidda høyrer til Piemonte (provinsane Novara og Provinsen Verbano-Cusio-Ossola) og den austlege til provinsen Varese i Lombardia. Dei nordlegaste områda av innsjøen strekker seg 13 km inn i Sveits, der han utgjer det lågastliggande området i heile Sveits.
Klimaet er mildt om både sommar og vinter og området har middelhavsvegetasjon med vakre hagar med sjeldne og eksotiske planter. Kjende hagar er mellom anna Isola Madre, Isola Bella og Isole di Brissago, Villa Taranto i Verbania og den botaniske hagen Alpinia ovanfor Stresa.
Sveits | Piemonte | Lombardi |
---|---|---|
|
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.