Laacher See
From Wikipedia, the free encyclopedia
Laacher See er ein kratersjø i Rheinland-Pfalz i Tyskland, nær byane Koblenz og Mayen. Han fyller eit vulkansk krater i fjellkjeda Eifel, det einaste vulkankrateret i Sentral-Europa. Krateret er ein del av vulkanfeltet Aust-Eifel.
Laacher See | |||
innsjø | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kratersjø | ||
Høgd over havet | 275 moh. | ||
Areal | 3,3 km² | ||
Største djupn | 53 m | ||
Kystlengd1 | 8 km | ||
Koordinatar | 50°25′N 7°16′E | ||
Laacher See 50.4125°N 7.27°E / 50.4125; 7.27 | |||
Wikimedia Commons: Laacher See | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Innsjøen ligg 275 meter over havet, har ein omkrets på åtte km og er omringa av høge åsar. Vatnet har ein blåfarge, er svært kaldt og bittert på smak. Innsjøen har ingen naturlege utsig, så vassnivået varierer med fordamping og mengda nedbør. På vestsida ligg benediktinarklosteret Maria Laach, som vart grunnlagd i 1093 av Heinrich II, pfalzgreve av Rhinen.
Krateret vart danna etter at vulkanen Laacher hadde utbrot for mellom 12 900 og 11 200 år sidan. Den gjenverande skorpa kollapsa ned i eit tomt magmakammer berre to eller tre dagar etter utbrotet.[1] Dette utbrotet var 50 gongar større enn utbrotet til Mount St. Helens i 1980. Ein kan finne restane av dette utbrotet over store delar av Europa, og vert ofte nytta til å datere sediment. Ein kan finne mange unike mineral i området,[2] og steinbrot der ein vinn ut byggjestein.
Laacher er framleis rekna for å vere ein aktiv vulkan, noko seismisk aktivitet og store termale anomaliar under innsjøen viser. Framleis strøymer det opp karbondioksid ved søraustkysten,[3] og forskarar meiner at det kan skje eit nytt utbrot kortid som helst.