From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein kratersjø er ein innsjø i eit vulkankrater, kaldera eller ein maar. Nedbør fyller senkinga i terrenget fram til det oppstår likevekt mellom vatnet som kjem inn og vatnet som fordampar, renn ut via botn eller renn ut via ei elv ved kanten av krateret. Kratersjøar som dekkjer aktive (fumarolske) vulkanventilar vert ofte kalla vulkansjøar, og vatnet i dei er ofte surt, metta med vulkanske gassar og er ofte ugjennomsiktig med grønfarga vatn. Innsjøar i utdøydde eller sovande vulkanar har som regel ferskt vatn og ofte klårt vatn sidan det ikkje har innsig frå elvar eller sediment.
Den høgaste vulkanen i verda, Ojos del Salado på 6 839 meter over havet i Andesfjella, har ein permanent kratersjø med diameter på 100 meter i ei høgd på 6 390 meter over havet på austsida. Dette er truleg den høgastliggande innsjøen i verda, uansett type.
På grunn av dei ustablie omgjevnadane eksisterer enkelte kratersjøar berre mellombels. Kalderasjøar kan derimot vere ganske store og langvarige, som t.d. Tobasjøen som vart danna etter eit utbrot for om lag 70 000 år sidan og som dekkjer eit areal på over tusen kvadratkilomter.
Mange kratersjøar er vakre å sjå på, men dei kan òg vere dødlege. Gassutstrøyming frå Nyossjøen kvelte 1 800 menneske i 1986 og kratersjøar som den på Ruapehu har ofte medverka til katastrofale laharar.
Innsjøar kan òg fylle nedslagskrater, men desse vert vanlegvis ikkje kalla kratersjøar, bortsett frå eit par enkeltetilfelle. Døme på slike innsjøar er Bosumtwi i Ghana og Siljan i Sverige.
Innsjø | Stad |
---|---|
Albanosjøen | Italia |
Lago de Atitlán | Guatemala |
Blue Lake | South Australia |
Bolsenasjøen | Italia |
Braccianosjøen | Italia |
Laguna Chicabal | Guatemala |
Crater Lake | USA |
Cuicocha | Ecuador |
Tianchi | Nord-Korea/ Kina |
Volcán Irazú | Costa Rica |
Kapoho Crater | Hawaii |
Mount Katmai | Alaska |
Rano Kau | , Rapa Nui (Påskeøya) |
Kelut | Indonesia |
Kerið | Island |
Kurile | Kamtsjatka i Russland |
Medicine Lake Volcano | California i USA |
Mashu | Japan |
Nemisjøen | Italia |
Nemrut | Tyrkia |
Newberry Volcano | Oregon i USA |
Nyossjøen | Kamerun |
Pinatubo | Filippinane |
Rano Raraku | Rapa Nui (Påskeøya) |
Mount Ruapehu | New Zealand |
Shikotsu | Japan |
Soufrière | Saint Vincent |
Taalsjøen | Filippinane |
Lake Taupo | New Zealand |
Tazawa | Japan |
Tobasjøen | Indonesia |
Towada | Japan |
Vicosjøen | Italia |
Wenchi | Etiopia |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.