![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/Nicosia_3_April_2008_06.jpg/640px-Nicosia_3_April_2008_06.jpg&w=640&q=50)
Korrespondent
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein korrespondent (av fransk correspondre) er ein journalist som jamleg sender artiklar eller reportasjar til arbeidsgjevaren sin.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ef/Nicosia_3_April_2008_06.jpg/640px-Nicosia_3_April_2008_06.jpg)
Ein korrespondent kan arbeida for ei avis, radio, fjernsyn eller eit nyhendebyrå, og dekka eit visst område permanent eller i eit avgrensa tidsrom. Ein korrespondent kan vera fast tilsett eller ha ei lausare tilknyting til medieføretaket. «Stringer» er ei alminneleg nemning på ein frilanskorrespondent.
I Noreg har større medieforetak som NRK og Aftenposten fleire korrespondentar i utlandet.