![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/98/KIL7.jpg/640px-KIL7.jpg&w=640&q=50)
Kongsvinger IL Toppfotball
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kongsvinger IL Toppfotball er Kongsvinger IL sitt profesjonelle fotballag. Klubben spelar i OBOS-ligaen og har eit lag i 4. divisjon (2023). Noverande hovudtrenar er Vegard Hansen.
![]() | |||
Fullt namn | Kongsvinger IL Toppfotball | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Vinger | ||
Grunnlagd | 31. januar 1892 | ||
Heimebane | Gjemselund stadion (kapasitet: 6 700) | ||
Styreleiar | Vegard Herlyng | ||
Hovudtrenar | Vegard Hansen | ||
Supporterklubb | KIL Supporterklubb | ||
Liga | OBOS-ligaen | ||
| |||
![]() |
Dei heldt seg i den norske eliteserien i fotball frå 1983 til 1999. I 1999 rykte dei ned i 1. divisjon, og i 2001 rykte dei vidare ned i 2. divisjon. KIL var attende igjen i 1. divisjon i 2004. Den 12. november 2009 rykte KIL opp til eliteserien etter kvalifiseringskampar mot Sarpsborg 08.
Klubben har vunne ein sølv- og to bronsemedaljar i den norske eliteserien i fotball, og har nådd semifinalen i noregsmeisterskapen fire gonger - og cupfinalen ein gong (2016). Der tapte dei 4-0 mot Rosenborg. Klubben spelte i UEFA-cupen 1993/94 der dei gjekk vidare frå 1. runde etter 7–2 samanlagt mot Östers IF. Heimekampen i 2. runde vart spelt på Ullevaal Stadion mot Juventus og enda 1–1. Kongsvinger rauk ut då Juventus vann heimekampen sin 2–0.
Kongsvinger hadde to toppscorarar i eliteserien under stordomstida på 1980- og 90-talet. På grunn av dei små ressursane til klubben, har klubben ofte fostra fram eigne spelarar og henta inn spelarar frå naboklubbene.
Klubben spelar på Gjemselund stadion som har ein kapasitet på 6 700 tilskodarar.[1] Rekorden lyder på 6 794 tilskodarar og er frå 1983.