Gjemselund stadion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gjemselund stadion | |||||
Adresse | Brugata 47 B 2212 Kongsvinger | ||||
Eigar | Kongsvinger kommune | ||||
Brukarar | Kongsvinger Idrettslag | ||||
Underlag | Kunstgras | ||||
Kapasitet | 6700[1] | ||||
Historiske årstal | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
Gjemselund stadion er heimebanen til Kongsvinger og den fjerde heimebanen til klubben gjennom den over 100 år lange historia.
På byrjinga av 1900-talet trente laget ein del på det gamle torget som låg ved Vinger kyrkje, men då dette resulterte i knuste vindauge hos fortvilte naboar flytta ein til Lomsnæsløkka i nærleiken av stasjonen. Der spelte ein til rundt 1912 då ein flytta vidare til øvre Rasta (søraust i byen). Der spelte dei til rundt 1924, då formannskapet i byen endeleg vedtok å stille Winsnesløkka (i bydelen Øvrebyen) til disposisjon. Då denne vart meir eller mindre øydelagt under andre verdskrigen måtte noko gjerast, og KIL flytta altså til sin fjerde og noverande bane.
14. juni 1953 opna Gjemselund med ein fotballbane på 64 x 105 m, løpebane på 7,5 x 400 m, treningsbane 60 x 100 m, handballbane 25 x 50 m, tumleplass ca. 3 dekar, parkeringsplass ca. 2 dekar og tribunar for ca. 3000 tilskodarar. I tillegg stod òg garderobar, dusjar og klubbrom klart.
Kongsvinger kommune overtok Gjemselund stadion den 1. oktober 1963. Under kommunalt eigarskap vart ståtribunen bygd i 1982 og hovudtribunen med sitteplassar bygd i 1986/1987, før ny grasmatte vart lagt i 1990.
I 2008 etablerte kommunen, i samarbeid med KIL, Kongsvinger Sportsanlegg AS, som overtok ansvaret for drifting og utbygging av idrettsanlegga i byen, inkludert Gjemselund stadion. Det vart òg halde ein arkitektkonkurranse for heile Gjemselund-området der nytt stadionanlegg inngjekk. Den 5. april 2009 opna den nye kunstgrasbanen (med undervarme) offisielt med utseld seriestart mot lokalrivalen Hamarkameratene og same år fekk òg stadion fire splitter nye flaumlysmaster, og dessutan VIP-lokale og nye garderobar. Då opprykket til Tippeligaen vart klart seinare same år, vart òg ståtribunen delt i to og flytta bak kvart mål. Ein ny sittetribune på motsett side av hovudtribunen vart òg reist. Det vart i tillegg vedteke å fjerne løpebanen og dessutan flytte graset inntil hovudtribunen. Stadionet kan difor i dag berre brukast til fotball.