Knokkelbrot, beinbrot eller fraktur (stundom forkorta FRX eller Fx, Fx eller #) er ein medisinsk tilstand der det har oppstått eit brot i kontinuiteten av ein knokkel.[1][2][3] Det kan skuldast sterke støyt eller stress,[4] eller minimal trauma som følgje av svake knoklar, som til dømes i personar med osteoporose, knokkelsvulstar eller osteogenesis imperfecta; desse vert kalla spontanfrakturar eller patologiske frakturar.[5][6]
Omgrepa «brote bein» og «knekt bein» er mykje brukt i ålmenta, men dei vert ikkje rekna som formelle ortopediske omgrep.
Sjølv om knokkelvev ikkje inneheld smertereseptorar, kan knokkelbrot likevel vere smertefullt av ulike grunnar, som til dømes ved:[7]
brot i kontinuiteten av knokkelhinna (periost) eller endost, sidan begge inneheld smertereseptorar.
ødem i nærliggjande blautvev som følgje av bløding frå blodårer i knokkelhinna kan skape trykksmerter.
muskelspasmar som prøver å halde knokkelfragmenta på plass.
Skade på kringliggjande strukturar som til dømes nervar og blodårer, ryggmerg eller nerverøter (ved ryggbrot), eller skalleinnhaldet (ved kraniebrot), kan føre til andre spesifikke teikn og symptom.
Knokkelbrot kan diagnostiserast klinisk på grunnlag av historia som vert gjeven, samt den fysiske undersøkinga. Røntgenbilete vert ofte tatt for å stadfeste brotet. Computertomografi (CT) og magnetresonanstomografi (MRI) kan vere naudsynt i tilfelle der røntgen ikkje er tilstrekkeleg.
Omgrepa brot og fraktur er synonyme og kan nyttast om einannan. I somme namngjevne brot er det vanleg å nytte fraktur, til dømes komminutt fraktur, men det er valfritt, og ein kan òg kalle det for eit komminutt brot. I denne artikkelen er bruken vekslande og basert på bruksfrekvensen blant medisinske tidsskrift og andre respekterte, medisin-relaterte kjelder; der fleire variantar er vanleg, er desse nemnd.
Mekanisme
Traumatisk fraktur — brot etter tileigna traume, t.d. etter fall, trafikkulukke, slåstkamp osb.
Spontanfraktur eller patologisk fraktur — brot som følgje av underliggjande sjukdom i knoklane, t.d. brot i ein knokkel med metastase. Osteoporose er den vanlegaste spontanfrakturen.
Lukka brot — brot der den overliggjande huda er intakt
Opent brot — brot der såret kommuniserer med brotet, eller der hematom er synleg slik at såret er «opent» og utsett for kontaminasjon. Opne brot er i større fare for å verta infiserte. Stundom feilaktig kalla «komplisert brot».
Reint brot
Kontaminert brot
Forskyving
Ikkje-forskyvd
Forskyvd
Translasjon
Angulert
Rotert
Forkorta
Frakturmønster
Lineært brot — eit brot som ligg parallelt til knokkelaksen
Tverrfraktur eller tverrbrot – eit brot som ligg perpendikulært til knokkelaksen
Skråfraktur eller skråbrot – eit brot som ligg diagonalt til knokkelaksen
Spiralfraktur eller spiralbrot – eit brot der minst éin del av knokkelen er vridd som følgje av dreiemoment
Kompresjonsfraktur – oppstår oftast i ryggvirvlane, til dømes når framdelen av ryggvirvelen kollapsar som følgje av osteoporose (ein medisinsk tilstand som fører til at knoklane vert skjøre og lett brotnar, med eller utan trauma)
Impaktert brot – eit brot der knokkelfragmenta vert knuste inn i einannan
Avulsjonsfraktur eller avulsjonsbrot – eit brot der eit knokkelfragment vert skild frå hovudmassen
Fragment
Inkomplett brot — eit brot der knokkelfragmenta delvis heng saman. Det er eit knekk i knokkelvevet, men det strekker seg ikkje på tvers av heile knokkelen.
Komplett brot — eit brot der knokkelfragmenta er fullstendig fråskilde
Komminutt fraktur (brot) — eit brot der knokkelen er knust i fleire delar
Le Fort-fraktur i hovudskallen — andletsfraktur i overkjeveknokkelen og kringliggjande strukturar; oftast bilateralt (tosidig) og anten horisontalt, pyramidalt eller transversalt.
Humerusskaft-fraktur — fraktur i den distale tredjedelen av humerus som fører til klemming av spolebeinsnerva (radialis- eller radialnerva).
Underarmsbrot eller underarmsfraktur
Ulnafraktur eller ulnabrot
Monteggia-fraktur — fraktur i den proksimale tredjedelen av albogebeinet (ulna) med dislosering av leddhovudet til spolebeinet (caput radii)
Olecranon-fraktur — fraktur i albogespissen (olecranon) med anterior (framovergåande) dislosering av leddhovudet til spolebeinet
Radiusfraktur
Essex-Lopresti-fraktur — fraktur i leddhovudet til spolebeinet med samstundes dislosering av det distale radioulnarleddet med avbrot i bindevevsmembranen i underarmen
Distal radiusfraktur
Galeazzi-fraktur — fraktur i spolebeinet (radius) med dislosering av det distale radioulnarleddet
Colles' fraktur — distal fraktur i spolebeinet med dorsal (posterior) forskyving av handleddet og handa
Smiths fraktur — distal fraktur i spolebeinet med volar (ventral) forskyving av handleddet og handa
Bartons fraktur — ein intraartikulær fraktur i distal spolebeinet med forskyving av radiokarpalleddet (øvre handledd)
Handfraktur eller handbrot
Skafoidfraktur eller båtbeinsbrot
Rolandofraktur
Bennetts fraktur
Boxers fraktur
Bekkenfraktur eller bekkenbrot
Hoftebeinsbrot
Duverney-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent)
Lårbeinsbrot
Hoftebrot eller hoftefraktur — brot i lårbeinet; ikkje i hoftebeinet
Patellafraktur eller kneskjellbrot
Crusfraktur eller leggbrot
Tibiafraktur eller skinnebeinsbrot
Pilon fraktur
Tibial platåfraktur
Bumper-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — fraktur i det laterale tibialplatået som følgje av tvungen valgus i kneet
Segond-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — avulsjonsfraktur i den laterale kondylen i skinnebeinet
Gosselin-fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — fraktur i plafond i skinnebeinet i fremre og bakre fragment
Toddlers fraktur (korrekt norsk namn er ukjent) — ikkje-forskyvd spiralfraktur frå den distale tredjedelen til den distale halvdelen av skinnebeinet
Fibulafraktur eller leggbeinsbrot
Maisonneuve-fraktur — spiralfraktur i den proksimale tredjedelen av leggbeinet med revning i den distale tibiofibulare syndesmosen og bindevevsmembranen
Le Fort-fraktur i ankelen — vertikal fraktur i den anteromediale delen av distale leggbein med avulsjon av det anteriore ligamentum tibiofibulare anterius
Kombinert fraktur i skinnebeinet og leggbeinet
Trimalleolær fraktur — involverar den ytre ankelknoken (malleolus lateralis), den indre ankelknoken (malleolus medialis) og det distale, posteriore aspektet av skinnebeinet
Bimalleolær fraktur — involverar den ytre og indre ankelknoken
Potts fraktur
Fotbrot
Lisfranc fraktur (oftast kalla Lisfranc skade) — der éin eller fleire metatarsalbein er forskyvd frå tarsus
Jones-fraktur — fraktur i den proksimale enden av femte metatarsalbein
Marsjfraktur — fraktur i den distale tredjedelen av ein av metatarsalbeina som skuldast residiverande stress (trøyttleiksbrot)
«Tretthetsbrudd». Norsk Helseinformatikk, nhi.no (Norsk Helseinformatikk). 5. juli 2011. Arkivert frå originalen 13. desember 2014. Henta 11. desember 2014.