Klima i Australia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Klimaet i Australia varierer frå nesten tropisk klima i nord til eit mykje meir temperert klima lengst sør. Dei fleste menneska bur på søraustkysten av landet, og her har Great Dividing Range mykje å seie for klimaet. Denne fjellrekkja vernar den søraustlege delen av landet frå den steikande varmen og dei tørre forholda ein har i det store indre område av Australia, kalla Outback. Det meste av Outback kan kallast ørken, men sjølv om dei vanlegvis får svært lite nedbør kan stundom tropiske lågtrykk passere over området og gje mykje nedbør. Dette fører ofte med seg flaum og stengde vegar. Alice Springs, som ligg midt i Outback, fekk 205 mm nedbør på ein einaste dag i mars 1988. Dette er nær same nedbørsmengda byen normal får på eit heilt år!
Toppane av Dividing Range er dei kaldaste stadane i landet om ein ser bort i frå Tasmania, og vêret er nesten maritimt med regn eller snø om lag halvparten av dagane i året. Her er akkurat nok snø til at ein har eit par skistader. Sørover frå fjellområda mot Bass-sundet og Tasmania vert klimaet meir maritimt med kjøligare vêr og regn eller snø om lag annakvar dag. Nordkysten av Australia merkar den indiske monsunen kvart år, og her kan det kome store nedbørsmengder. Så godt som alt kjem derimot mellom desember og april. Vinteren frå mai til oktober er varm og fuktig, men det kjem svært lite nedbør.
Ifølgje australske Bureau of Meteorology (BOM) har 80 % av landet mindre enn 600 mm (24 in) nedbør årleg, og 50 % har mindre enn 300 mm (12 in).[1] Totalt har Australia ei svært låg nedbørsmengd på 419 mm (16 in).[2]
Den normale nedbørsfordelinga gjennom året i Australia vert av og til snudd på hovudet av vêrfenomen som tropiske syklonar og El Niño-episodar. Syklonar kan av og til halde seg i nærleiken av landet i dagevis og gje enorme mengder regn på kort tid — av og til opp i 500 mm på ein dag. El Niño fører ofte til tørke i nord og i aust, medan La Niña kan føre til flaum. Skogbrannar herja landet under El Niño-episoden i 1982-83, medan område i New South Wales vart overfløymde av regnvatn under La Niña i 1999-2000. Den kraftige El Niño-episoden i 1997-98 hadde derimot liten påverknad på vêret i Australia.