Tropisk syklon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein tropisk syklon er eit stormsystem som får energi frå varme frigjeve av fuktig luft som stig og kondenserer. Namnet understrekar at dette er syklonar som oppstår i tropiske strøk, med rotasjon mot klokka på den nordlege halvkula, og med klokka på den sørlege halvkula. Dei skil seg frå andre lågtrykk, som me til dømes har på våre breiddegrader, ved at det er varmemekanismar som gjev energi til å drive dei.
Tropiske syklonar er det generelle namnet på alle slike system, men dei har forskjellig namn etter kor dei oppstår på jorda og etter kva styrke dei har, slik som orkan, tyfon/taifun, tropisk storm eller tropisk lågtrykk.
Tropiske syklonar kan produsere ekstremt kraftig vind, tornadoar, svært kraftig regn og store bølgjer, kalla stormflod, inn mot kysten. Det kraftige regnet og stormfloda kan skape enorme flaumar. Sjølv om effekten på menneskelege busetnadar kan vere katastrofale, har tropiske syklonar i somme tilfelle også avslutta lange tørkeperiodar, på grunn av den enorme mengda med fukt dei transporterer med seg. Dei kan transportere varme bort frå tropane, og spelar ei viktig rolle i den globale atmosfæriske sirkulasjonen som skapar likevekt i troposfæren.