Kathrin Klaas
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kathrin Klaas (fødd 6. februar 1984) er ein tysk tidlegare sleggjekastar frå Haiger i Hessen. Ho kvalifiserte seg til ni internasjonale finalar i øvinga, men makta ikkje vinne ein medalje. Fjerdeplassane i VM 2009, EM 2012 og EM 2014 vart hennar beste plasseringar.
Kathrin Klaas | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 6. februar 1984 (40 år) Haiger |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Klaas sette personleg rekord med 73,45 m i 2007-sesongen. To år seinare forbetra ho rekorden sin til 74,23 meter i VM-finalen i Berlin og vart nummer 4. I 2010 flytta ho sin personbeste til 74,53 m, året etter nådde ho 75,48 meter ved eit stemne i Ostrava. Etter fjerdeplass i europameisterskapen 2012, presterte Klaas sitt livs lengste sleggjekast i OL-finalen i London. 76,05 meter heldt til femteplass i ei sylskarp tevling. Sidan enda ho på ein ny fjerdeplass i EM 2014 og på ein sjetteplass i VM 2015.
I dei fleste år som aktiv sleggjekastar kom Klaas til å stå i skuggen av den eitt år eldre landskvinna Betty Heidler. Perioden 2007-18 vart Klaas tysk meister i 2014 og 2018, siste året etter at Heidler hadde lagt opp. Elles enda Klaas opp med åtte nasjonale sølvmedaljar i sleggjekasting.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.