Karmia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Karmia (hebraisk skrift כַּרְמִיָּה) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg mellom Ashkelon og Gazastripa og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 464 innbyggjarar.
Karmia | |||
kibbutz | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Den sørlege kystsletta | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Hof Ashkelon | ||
Koordinatar | 31°36′14.75″N 34°32′32.99″E | ||
Folketal | 644 (2015) | ||
Grunnlagd | 20. mai 1950 | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Karmia 31.604097222222°N 34.542497222222°E / 31.604097222222; 34.542497222222 | |||
Wikimedia Commons: Carmiya | |||
Kibbutzen vart grunnlagd den 20. mai 1950 av ein Nahal-gar'in av Hashomer Hatzair-medlemmar frå Frankrike og Tunisia som hadde fått opplæring i Beit Zera. Han vart grunnlagd kring ein skule som vart bygd der av britiske styresmakter for den arabiske landsbyen Hiribya, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948. Namnet kjem frå det hebraiske ordet for vinranke (hebraisk skrift כרם, Kerem), som er vanlege i området.
I 1972 vart det starta opp ein teppefabrikk i kibbutzen.
Kibbutzen tok i mot 54 familiar frå Elei Sinai og Nisanit, som vart evakuerte som ein del av den israelske utrekkinga frå området.[1] Sidan 2006 har han ofte blitt råka av Qassam-rakettar avfyrte frå Gazastripa, inkludert ein som landa på ein fotballbane og ein annan som landa i eit hus der tre personar vart alvorleg skadde i 2005.