Karma
From Wikipedia, the free encyclopedia
Karma (sanskrit कर्म, karma; av rota kri, 'å gjera', 'gjerning')[1] er ein term i fleire austlege religionar. Karma er eit åndeleg prinsipp om årsak og verknad som viser til at eit individ sine forsett og handlingar påverkar framtida til dette individet.[2] Gode forsett og gode gjerningar bidreg til god karma og framtidig lukke, medan dårlege forsett og dårlege handlingar bidreg til dårleg karma og framtidig liding.[3][4] Karma er tett knytt til ideen om reinkarnasjon i mange indiske religionar.[5] I desse tradisjonane kan karma frå notida påverka framtida i eins noverande liv, men også kvaliteten av framtidige liv - samsara.[6]
- Sjå òg Karma (fleirtyding).
Karma har opphav i det gamle India, og er eit sentralt omgrep i hinduismen, sikhismen,[7] buddhismen, djainismen og taoismen.[8] Som omgrep kan karma sporast attende til dei tidlege Upanisjadane.[6] Ein tidleg og dramatisk illustrasjon av karma finn ein i hinduverket Mahabharata.[9] Ideen om karma vart popularisert i Vesten gjennom arbeidet til det teosofiske selskapet,[10] og er vanleg i New Age-religionar.