From Wikipedia, the free encyclopedia
Pave Benedikt XVI (fødd Joseph Ratzinger, 16. april 1927–31. desember 2022) var Den katolske kyrkja sin pave frå han vart vald 19. april 2005 til han gjekk av 28. februar 2013. Som pave var han øvste leiar for den katolske kyrkja, og samstundes statssjef i Vatikanstaten, ein liten sjølvstendig stat midt i Roma. 11. februar 2013 sa Benedikt XVI at han ville abdisere, gå av, klokka 20.00 28. februar 2013 på grunn av manglande styrke i kropp og tankegang.
Benedikt XVI | |||
| |||
Benedictus XVI | |||
Dåpsnamn | Joseph Ratzinger | ||
---|---|---|---|
Fødd | 16. april 1927 Benedikt XVIs fødehus, Marktl | ||
Død | 31. desember 2022 Mater Ecclesiae Monastery, Vatikanstaten | ||
Vald | 19. april 2005 | ||
Innsett | 24. april 2005 | ||
Føregangar: | Johannes Paul II | ||
Etterfylgjar: | Frans |
Ratzinger vart fødd i den vesle marknadsbyen Marktl am Inn i Bayern i Tyskland. Han byrja på guteseminaret i 1939. To år seinare vart han tvangsinnmeld i Hitlerjugend, og 16 år gamal vart han i 1943 innkalla til krigsteneste i eit anti-luftskyts-korps og gjennomgjekk rekruttskule i den tyske hæren i november 1944. Våren 1945 vart han teken som krigsfange, etter seiande etter å ha desertert, og vart repatriert i juni same år. Deretter byrja han på teologiske studium saman med bror sin Georg.
Ratzinger utmerka seg som student ved presteseminaret, og fortsette studia sine først ved Den filosofiske høgskule i Freising og deretter ved Ludwig-Maximilian-universitetet i München, der han tok doktorgraden (dr. theol.) i katolsk teologi. I 1957 fylgde så habilisasjonen hans, òg i München.
Han vart – saman med bror sin – ordinert til prest 29. juni 1951 av kardinal Michael von Faulhaber, og studerte deretter vidare i Roma i to år. I 1953 kom avhandlinga hans ut, Menneske og Guds hus i den heilage Augustins lære om kyrkja, som hausta mykje anerkjenning. Deretter fylgde engasjement ved ei rekkje tyske universitet som professor fram til 1977. I 1962 vart han utnemnd til rådgjevar for erkebiskopen av Köln, Kardinal Joseph Frings, i samband med at Frings deltok på Det andre vatikankonsilet. Det er svært uvanleg at nokon får ei slik utnemning berre 35 år gamal. Han vart etter konsilet medlem av Vatikanet sin internasjonale teologiske kommisjon (1969–1977).
I 1972 grunnla han det teologiske tidsskriftet Communio saman med Hans Urs von Balthasar, Henri de Lubac og andre. Communio, som no kjem ut på tysk, engelsk og spansk, har vorte eit av de viktigaste tidsskrifta for katolsk-kristen tru.
24. mars 1977 vart han utnemnd til erkebiskop av München und Freising av pave Paul VI. Han vart konsekrert 28. mai same år i München. Paul VI utnemnde han 27. juni 1977 til kardinal. Dette var to uvanlege karrieresprang i løpet av eit år: Fyrst rett til eit erkebispesete utan å vere vanleg biskop fyrst, og så kardinalsembetet i ein alder av 50 år og med berre ein månad bak seg som biskop.
Pave Johannes Paul II kalla han i 1981 til Roma som prefekt for Kongregasjonen for truslæra (tidlegare inkvisisjonen), president for Den pontifikale bibelkommisjon og president for Den internasjonale teologiske kommisjonen. På grunn av desse pliktene gjekk han av som erkebiskop av München og Freising 15. februar 1982. I 1993 vart han fremja til kardinalbiskop av Velletri-Segni, og i 1998 vart han visedekanus for kardinalkollegiet. Han var medlem av:
Ratzinger fylte 75 år i 2002, og leverte i tråd med til kyrkjelova sin avskjedssøknad. Pave Johannes Paul II aksepterte ikkje søknaden. I 2002 vart han vald til ny dekanus, eller leiar, for kardinalkollegiet. Han etterfylgde Bernardin Gantin, som ynskte å flytta heim til Benin etter å ha fylt 80 år. Han fekk då òg, i samsvar med tradisjonen, kardinalbispesetet Ostia i tillegg til Velletri-Segni.
30. september 2003 sa Ratzinger at «vi bør be for paven» og skapte overskrifter over heile verda og spekulasjonar om Johannes Paul II var dødssjuk. Han når aldersgrensa for stemmerett ved paveval, 80 år, fyrst 16. april 2007, og var difor stemmeføre ved konklavet 2005. Som dekanus var han ein sjølvskriven kandidat til pavestolen, og han har mange av dei eigenskapane ein pave blir forventa å ha. Mange meinte at dei konservative haldningane hans kunne komma til å telja mot han. Ein grunn til at han vart vald er at han står nær teologien åt den tidlegare paven, som sjølv hovudsakleg utnemnde konservative kardinalar. Mange legg vekt på at den katolske kyrkja no treng ro for å tilpasse seg ei ny tid og gjennomføre enkelte reformer, og ser på Ratzinger som ein naturleg «overgangspave». Han har òg vist organisasjonstalent og evne til moderne kyrkjeleiing. Samtidig har det vore ynske om ein pave som ikkje blir sitjande like lenge som Johannes Paul II. Den relativt høge alderen åt Ratzinger kan vera ein av grunnane til at han vart vald.
Ratzinger vart av mange oppfatta som paven si «høgre hand» og òg ein av dei nærmaste venene åt paven. Under paven sin langvarige sjukdom i 2004 og 2005 fekk han ei stendig meir framståande rolle. Han laut taka over mange av pliktene åt paven.
Som kardinal uttrykte Ratzinger eit ynske om få trekkja seg attende for å skriva fleire bøker. Åt vener skal han ha sagt at han er klar til å akseptera ei kvar byrde Gud legg på akslene hans.
Føregangar Kardinal Julius Döpfner |
Katolsk erkebiskop av München og Freising 1977–1982 |
Etterfylgjar Kardinal Friedrich Wetter |
Føregangar Franjo Seper |
Prefekt for Truskongregasjonen 1981–2005 |
Etterfylgjar William Joseph Levada |
Føregangar Bernardin Gantin |
Dekanus for kardinalkollegiet 2002–2005 |
Etterfylgjar Angelo Sodano |
Føregangar Johannes Paul II |
Pave 2005–2013 |
Etterfylgjar Frans I |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.