![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/82/John_Rawls_%25281937_senior_portrait%2529.jpg/640px-John_Rawls_%25281937_senior_portrait%2529.jpg&w=640&q=50)
John Rawls
From Wikipedia, the free encyclopedia
John Rawls (21. februar 1921–24. november 2002) var ein amerikansk filosof. Han er mest kjent for hovudverket sitt 'Ein teori om rettferd' (A Theory of Justice) frå 1971, der han kom med eit kontraktteoretisk alternativ til utilitarismen. Dette verket revolusjonerte den politiske filosofien i USA, og sette i gang ein debatt mellom kommunistar og liberalistar. Debatten handla om kvar sterkt fellesskapsband som må til for at eit demokrati skal fungera. Rawls ynskja å skapa prosedyrar som skulle hjelpa menneske å løysa konfliktar. Sentralt for samarbeid mellom menneske er sosiale institusjonar, som er basisstrukturen i samfunnet, ifylgje Rawls.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
John Rawls | |||
![]() | |||
Fødd | 21. februar 1921 Baltimore | ||
---|---|---|---|
Død | 24. november 2002 Lexington | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | politisk filosofi, statsvitskap | ||
Yrke | filosof, pedagog, universitetslærar, politikar | ||
Institusjonar | Princeton University Harvard University Massachusetts Institute of Technology Cornell University | ||
Alma mater | Princeton University Kent School Calvert School | ||
Doktorgradsrettleiar | Walter Terence Stace | ||
Ektefelle | Margaret Warfield Fox | ||
Barn | Anne Warfield Rawls | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences American Philosophical Society British Academy |
Lukk
Rawls rettleidde den norske filosofen Andreas Føllesdal til doktorgraden sin.[1]