norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Johan Ludwig Mowinckel (22. oktober 1870–30. september 1943) var skipsreiar og ein leiande politikar i Noreg. Han hadde fleire ministerpostar, og leidde tre regjeringar. Som politikar representerte han partiet Venstre.
Johan Ludwig Mowinckel var fødd i Bergen. Han studerte språk og handel i Tyskland, England og Frankrike. I 1898 kjøpte han sitt fyrste skip og starta eit stort shipping-selskap, J. Ludwig Mowinckels Rederi, med hovudkvarter i Bergen. Mowinckel vart leiar for Bergens Venstreforening og vald til bystyret i 1899.
Mowinckel var statsminister i Noreg i tre periodar: frå 1924 til 1926, frå 1928 til 1931 og frå 1933 til 1935. Frå 1927 var han òg formann i Norges Venstrelag. Han var handelsminister (1921-1922), utanriksminister (1922-1923) og stortingspresident (1916-1918).
Ettersom Mowinckel ikkje var medlem av den norske statskyrkja, kunne han ikkje bli regjeringsmedlem ifølgje grunnlova. Den såkalla «Lex Mowinckel» av 15. mai 1919 endra dette.
Johan Ludwig Mowinckel var medlem av Den Norske Nobelkomiteen frå 1925 til 1936.
Frå 1942 fekk han ei leiande stilling ved Nortraship og reiste til New York, der han døydde året etter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.