Johan Lindstrøm
norsk arkitekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Johan Lindstrøm (25. november 1893–6. mai 1958) var ein norsk arkitekt. Han var frå Lærdal.
Johan Lindstrøm | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. november 1893 Lærdal kommune |
Død | |
Yrke | arkitekt |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/2011-08-01_Fj%C3%A6rland_kirke.jpg/640px-2011-08-01_Fj%C3%A6rland_kirke.jpg)
Lindstrøm fullførte studiane ved Norges tekniske høgskole i 1921. Han arbeidde deretter som arkitekt i Bergen og oppførte eit stort antall bygningar frå 1920-talet til 1950-talet. Johan Lindstrøm hadde slektsrøtene sine i den gamle hotell- og handelsfamilien på Lærdalsøyri og han var den første som tok opp arbeidet med å få verna det gamle trebygningsmiljøet der. Han var ein sentral skikkelse innanfor den såkalla Bergensskulen av arkitektar på 1930-talet. Desse arkitektane nytta ofte den lokale trebygningskulturen som inspirasjonskjelde. Lindstrøm var oppteken av å vidareføra nasjonal byggeskikk i samtidas arkitektur[1] I 1927 gav han ut boka Tunbrot og nybygnad på Vestlandet som hadde som program å «...vekkje og auke sansen for ein betre byggjemåte i bygdene våre»[2] I 1955 vann han konkurransen om restaurering av Håkonshallen, der store delar måtte gjenreisast etter ein eksplosjonsulykke i 1944. Dette prosjektet vart fullført av sønene hans Jon Lindstrøm og Claus Lindstrøm saman med Peter Helland-Hansen.
Sonen Claus Lindstrøm førte faren sitt arbeid vidare, og han gav i 2004 ut boka Mellom aust og vest : eldre bygninger i Lærdal, Alvheim og Eide, som er eit stort dokumentasjonsverk med registrering og oppmåling av gamle bygningar m.a. i Lærdal.