Jizan- eller Jazan-regionen (arabisk جازان, romanisert Jāzān) er den nest minste regionen i Saudi-Arabia. Han strekkjer seg kring 300 km langs sørkysten av Raudehavet, like nord for Jemen. Han dekkjer eit område i 13 457 km² og eit folketal på 1 567 547 i 2017. Hovudbyen er Jazan.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Jazan
جازان
Region
Thumb
Foto: Bandar Yuosef
Land  Saudi-Arabia
Del av Regionar i Saudi-Arabia
Hovudstad Jazan
Areal 13 457 km²
Folketal 1 567 547 (2017)
Postnummer 09
Thumb
Jizan-regionen
17.5°N 42.5°E / 17.5; 42.5
Thumb
Kart som viser Jizan-regionen.
Kart som viser Jizan-regionen.
Wikimedia Commons: Jazan Province
Lukk

Regionen omfattar over 100 øyar i Raudehavet. Jazan er det fattigaste området i Saudi-Arabia, og 34 % av dei saudiarabiske familiane i Jazan lever i fattigdom.[1] Farasanøyane, det første verneområdet i Saudi-Arabia, er heimstad for den utryddingstruga arabiske gasellen og om vinteren mange trekkfuglar frå Europa.

Geografi

Regionen er delt inn i tre område.

  • Det indre fjellområdet Al-Sarawat, som stig til kring 3000 meter over havet.
  • Skogområdet Alhazoun består av skogar og frodige marker.
  • Slettene som er kjende for produksjon av kaffibønner, kornavlingar og frukt.

Sjølv om klimaet i høglandet liknar det relativt våtare klimaet i 'Asir, vert kystområda i Jazan-provinsen rekna som ein del av Tihamah, og er truleg det varmaste området i landet, med ein normal maksimumstemperatur som varierer frå 40 °C i juli til 31 °C i januar. Høg råme frå kystlagunane gjer at klimaet er enno meir ubehageleg. Det kjem særs lite nedbør her, mindre enn 75 mm i året. Sabya ligg i midten av regionen, mellom fjella og kysten.

Inndeling

Regionen er vidare delt inn i 14 guvernement som følgjer:

Meir informasjon Namn, Arabisk namn ...
Guvernement i Jazan
Namn Arabisk namn Folketeljing

15. september 2004

Folketeljing

20. oktober 2015

Abu Arishريش 123 943197 112
Alddairالدائر49 23959 494
Alddarbالدرب52 06269 134
Ahad Almasarihahأحد المسارحة70 038110 710
Alaridahالعارضة62 84176 705
Alaydabiالعيدابي52 51560 799
Alharthالحرث47 07318 586
Alraithالريث13 40618 961
Baishبيش58 26977 442
Damadضمد62 36671 601
Farasanفرسان13 96217 999
Jazanجازان255 340157 536
Sabyaصبياء198 086228 375
Samtahصامطة128 447201 656
Total provinsجازان1 187 5871 365 110
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.