From Wikipedia, the free encyclopedia
Jazan (arabisk جازان, Jazān), òg skrive Jizan, Gizan eller Gazan, er ein hamneby og administrasjonssenter i Jizan-regionen, som ligg heilt sørvest i Saudi-Arabia, like nord for grensa til Jemen. Jazan ligg ved kysten av Raudehavet og tener eit stort jordbruksområde med kring 1,5 millionar innbyggjarar, i følgje ei folketeljing i 2010. Området er kjent for tropiske frukter av høg kvalitet, som mango, fiken og papaya.
Jazan | |||
جازان | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Jazan | ||
Høgd | 40 moh. | ||
Koordinatar | 16°53′21″N 42°33′40″E | ||
Folketal | 105 193 (2012) | ||
Folketettleik | 105 193 / km² | ||
Guvernør / Emir | Prins Mohammed Bin Nasser Bin Abdulaziz Al-Saud | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Jizan 16.889166666667°N 42.561111111111°E | |||
Kart som viser Jizan.
| |||
Wikimedia Commons: Jizan | |||
Nettstad: www.jazan.gov.sa/ | |||
Det vert gjort Jazan utbyggingar innan infrastruktur i området for mange milliardar dollar, mellom anna av eit raffineri og tilhøyrande terminal ved Raudehavet nær Jazan. Det heile er venta å stå ferdig seint i 2016.[1]
Innbyggjarane i Jazan er arabarar og nesten berre sunnimuslimar.
Tidleg på 1900-talet var Jazan ein viktig stad for perlefiske. Då fyrste verdskrigen byrja, vart handelen forflytta over frå Jazan til Al Hudaydah.[2]
I dag er det sett i gang enorme, ambisøse prosjekt innan samferdsle, fornybar energi, turisme og jordbruk i området kring Jazan. Jazan økonomiby er nyleg utvikla for 27 milliardar dollar, i tillegg til bygginga av Jazan aluminiumsverk for 3,5 milliardar dollar.
Jazan har eit varmt ørkenklima (Köppen: BWh) med ein årsmiddeltemperatur på 30 °C. Vêret varierer frå ekstremt varmt i dei langre somrane til varmt i dei korte vintrane.
Den høgaste temperaturen som er målt er 49 °C den 10. juli 2002, medan den lågaste er 9 °C on 28. februar 1984.[3]
Vêrdata for Jazan i, Saudi-Arabia | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 39 | 39 | 39 | 41 | 44 | 48 | 49 | 48 | 42 | 43 | 39 | 38 | 49 |
Gjennomsnittleg maks °C | 29,7 | 30,6 | 32,3 | 34,6 | 37,1 | 37,9 | 37,2 | 37,2 | 36,8 | 36,2 | 33 | 31,4 | 34,5 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 25,7 | 26,5 | 28 | 30 | 32,3 | 33,6 | 33,4 | 33,3 | 32,4 | 31 | 28,2 | 26,5 | 30,1 |
Gjennomsnittleg min °C | 21,8 | 22,5 | 23,8 | 25,4 | 27,6 | 29,3 | 29,6 | 29,4 | 28 | 25,8 | 23,5 | 21,6 | 25,7 |
Lågast målte °C | 15 | 9 | 16 | 11 | 19 | 20 | 21 | 17 | 20 | 19 | 14 | 17 | 9 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 11 | 5 | 6 | 8 | 7 | 1 | 8 | 19 | 8 | 8 | 13 | 12 | 106 |
Kjelde: Climate-Data.org[4]Voodoo Skies[3] for record temperatures |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.