From Wikipedia, the free encyclopedia
Jesus[lower-alpha 1] (ca. 4 f.Kr.–30/33 e.Kr.), også kjend som Jesus frå Nasaret eller Jesus Kristus, var ein jødisk predikant og religiøs leiar.[1] Han er den mest sentrale personen i kristendommen. Dei fleste kristne reknar han som inkarnasjonen av Sonen, og den venta Messias (Kristus) slik det var spådd i Det gamle testamentet.[2][3]
Jesus | |||
| |||
Fødd | Betlehem, Nasaret | ||
---|---|---|---|
Død | Golgata | ||
Tittel | profet | ||
Opptrer i | Det nye testamentet, Koranen | ||
Identifisert med | Isa, Yeshu, Jesusbarnet, Jesus i ahmadiyya, Jesus i bahai, Jesus i kristendommen, San Salvador, historiske Jesus, Sonen, Jesus i manikeismen, Christ Jesus | ||
Andre namn | gammalgresk Ἰησοῦς, Iēsoûs; hebraisk ישוע; arabisk عيسى, romanisert Isa | ||
Slekt | Den heilage familien, Huset David | ||
Gravstad | Gravkyrkja, Talpiotgraven, Garden Tomb, empty tomb, Jerusalem, tomb of Jesus Christ | ||
Land | Herodian Kingdom of Judea | ||
Mor | Jomfru Maria | ||
Far | Den heilage Josef, Gud Fader | ||
Medlem | treeininga |
Nærast alle moderne oldtidsforskarar er samde i at Jesus var ein reell historisk skikkelse[lower-alpha 2], men det finst motrøyster.[10][11] Innanfor forskinga på den historiske Jesus er det likevel stor usemje om den historiske truverda til evangelia og om i kor stor grad den bibelske Jesus speglar den historiske Jesus.[12][lower-alpha 3][lower-alpha 4] Jesus var ein galileisk jøde[1] som vart døypt av Johannes Døyparen. Han byrja ei eiga forkynnargjerning ved å tala til forsamlingar, og slik framføra bodskapen sin munnleg.[15] Han vart ofte omtala som «rabbi».[16] Jesus engasjerte seg i diskusjonar med jødar i samfunnet rundt seg om korleis ein best kunne følgja Gud, han søkte å lækja sjuke, underviste gjennom likningar og samla følgjarar.[17][18] Han vart arrestert og dømd av dei jødiske styresmaktene,[19] overført vidare til dei romerske myndigheitene og krossfesta på ordre av Pontius Pilatus, den romerske prefekten.[17] Etter Jesu død trudde følgjarane hans på at han steig opp frå dei daude, og samfunnet dei danna vart til slutt den kristne kyrkja.[20]
Jesu fødsel er feira årleg den 25. desember på helgedagen kjend som første juledag. Krossfestinga av han er markert på langfredag, og oppstoda hans er feira i påska. Den utbreidde årsteljinga «e.Kr.», den tilsvarande latinske nemninga anno Domini («Herrens år»), og det sekulære alternative «evt.» (for etter vår tidsrekning), er basert på Jesu omtrentlege fødselsdag.[21][lower-alpha 5]
Etter kristen tru vart Jesus unnfanga av Den heilage ande, fødd av ei jomfru ved namnet Maria, utførte fleire under, grunnla Kyrkja, døydde av krossfesting for å oppnå forsoning, stod opp frå dei daude og steig opp til Himmelen, som han vil venda attende frå.[23] Dei fleste kristne trur at Jesus gjer det mogeleg for menneskja å forsonast til Gud. Den nikenske truvedkjenninga slår fast at Jesus vil dømma dei levande og dei daude[24] anten før eller etter den kroppslege oppstoda deira,[25][26][27] ei hending knytt til Jesu atterkome innan kristen eskatologi.[28] Brorparten av kristne tilbed Jesus som inkarnasjonen av Sonen, den andre av dei tre personane i Treeininga. Nokre få kyrkjesamfunn avviser treeiningslæra heilt eller delvis, og meiner at ho ikkje er støtta i Skrifta.
Jesus er òg vørda utanom kristendommen. Innan islam er Jesus (ofte translitterert som Isa) rekna som ein av profetane og som Messias.[29][30][31] Muslimar reknar Jesus som ein bodberar frå Gud, og trur at han vart fødd av ei jomfru, men ikkje som son av Gud. Koranen seier at Jesus sjølv aldri kalla seg guddommeleg.[32] Dei fleste muslimar meiner at Jesus ikkje vart krossfesta, men vart fysisk løfta opp til Himmelen av Gud. Jødedommen derimot avviser trua på at Jesus var den venta Messias, og argumenterer for at han ikkje oppfylte dei messianske profetiane og korkje var guddommeleg eller gjenoppliva.[33]
Ein gjengs jøde på Jesu tid hadde berre eitt namn, av og til supplert med eit patronymikon eller heimbyen til vedkomande.[34] Derfor vert Jesus i Det nye testamentet omtala som «Jesus frå Nasaret» (Mark 10,47). Jesu naboar i Nasaret omtalar han som «tømmermannen, son av Maria og bror til Jakob, Joses, Judas og Simon» (Mark 6,3),[35] «son til tømmermannen» (Matt 13,55), eller «son av Josef» (Luk 4,22). I Johannesevangeliet refererer disippelen Filip til han som «Jesus frå Nasaret, son av Josef» (Joh 1,45).
Namnet Jesus er avleidd frå latinske Iesus, ein translitterasjon av det greske Ἰησοῦς, Iesous.[36] Den greske forma er ei fortolking av det hebraiske ישוע, (Jeshua), ein variant av det tidlegare namnet יהושע, (Jehoshu'a), på norsk «Josva».[37][38][39] Namnet Jeshua ser ut til å ha vore i bruk i Judea i tida rundt Jesu fødsel.[40] Verka til historikaren Flavius Josefus frå det første hundreåret, forfatta på koinegresk – same språk som i Det nye testamentet,[41] – refererer til minst tjue ulike personar ved namn «Jesus» (dvs. Ἰησοῦς).[42] Etymologien til Jesus i kontekst av Det nye testamentet er generelt gjeve som «Jahve er frelse».[43]
Sidan tidleg kristendom har kristne ofte referert til Jesus som «Jesus Kristus».[44] Ordet «Kristus» er avleidd frå greske Χριστός (Khristos),[36][45] som er ei omsetjing av det hebraiske משיח (Meshiakh), som tyder «den salva» og vanlegvis er translitterert til norsk som «Messias».[46][47] Kristne omtalar Jesus som «Kristus» av di dei reknar han som Messias, som har framkomsten sin profetert i den hebraiske Bibelen og Det gamle testamentet. I post-bibelsk bruk vart Kristus rekna for å vera eit namn — éin del av «Jesus Kristus» — men opphavleg var det ein tittel.[48][49] Nemninga «kristen» (som tyder «følgjar av Kristus») har vore i bruk sidan det første hundreåret.[50]
Dei fire kanoniske evangelia (Matteus, Markus, Lukas og Johannes) er dei fremste kjeldene til Jesu liv og bodskap.[34] Andre delar av Det nye testamentet inneheld òg tilvisingar til viktige delar av livet hans, som siste måltid i 1 Korintarbrev 11,23.[51][52][53] Apostelgjerningane (Apg 10,37–38; Apg 19) refererer til Jesu tidlegare forkynnargjerning og forventninga hennar av døyparen Johannes.[54][55] Apg 1,1–11 seier meir om Jesu himmelferd (også nemnd i 1 Timoteus 3,16) enn dei kanoniske evangelia gjer.[56] I dei ubestridde paulinske breva, som vart forfatta før evangelia, er Jesu ord og instruksjonar sitert fleire gonger (1 Korintarbrev 7,10–11; 9,14; 11,23–25; 2 Korintarbrev 12,9).[lower-alpha 6]
Nokre tidlegkristne grupper hadde eigne skildringar av Jesu liv og lære som ikkje er å finna i Det nye testamentet. Dette inkluderer evangelia etter Thomas, Peter og Judas, i tillegg til Jakobs løynde bok og andre nytestamentlege apokryfar. Dei fleste forskarane konkluderer at desse vart forfatta mykje seinare og at dei er mindre truverdige enn dei kanoniske evangelia.[58][59][60]
Dei kanoniske evangelia består av fire forteljingar, kvar skriven av ulike forfattarar. Evangelieforfattarane er alle anonyme, og vert etter tradisjonen skrivne til dei fire evangelistane, kvar med nære band til Jesus:[61] Markus av Johannes Markus, ein tilknytt Peter;[62] Matteus av ein av Jesu disiplar;[61] Lukas av ein kompanjong av Paulus nemnd i eit par brev;[61] og Johannes av ein annan av Jesu disiplar,[61] den «elska disippel».[63]
Eit viktig aspekt av evangeliestudiet er kva litterær sjanger dei utgjer. Sjanger er «ein nøkkelkonvensjon som styrer både komposisjonen og tolkinga av skriftene».[64] Om evangelieforfattarane hadde som mål å skriva romanar, myter, historier eller biografiar har enorm innverknad på korleis dei bør tolkast. Visse nylege studiar føreslår at evangeliesjangeren bør liggja innan sjangeren av oldtidsbiografiar.[65][66][67] Likevel ikkje utan kritikarar,[68] er standpunktet at evangelia er ei form for oldtidsbiografi konsensus i dag blant forskarar.[69][70]
Ikkje alt i dei nytestamentlege evangelia er rekna som historisk truverdig.[71] Syn spenner frå at dei er ufeilbarlege skildringar av Jesu liv,[72] til at dei gjev lite historisk informasjon om livet hans utanom det grunnleggjande.[73][74] Ifølgje brei vitskapleg konsensus er dei synoptiske evangelia (Matteus, Markus og Lukas), og ikkje Johannes, dei mest truverdige kjeldene til informasjon om Jesus.[75][76][34]
Ifølgje Markus-prioriteten var det første evangeliet til å forfattast Markusevangeliet (skrive 60–75 e.Kr.), etterfølgt av Matteusevangeliet (65–85 e.Kr.), Lukasevangeliet (65–95 e.Kr.), og Johannesevangeliet (75–100 e.Kr.).[77] Vidare er mange forskarar samde i at forfattarane bak Matteus- og Lukasevangeliet brukte Markusevangeliet som kjelde til sine evangelium. Matteus og Lukas deler også innhald som ikkje er å finna i Markusevangeliet. For å forklara dette trur mange forskarar at i tillegg til Markusevangeliet vart ei anna kjelde (ofte kalla «Q-kjelda») brukt av dei to forfattarane.[78]
Matteus-, Markus- og Lukasevangeliet er kjende som dei synoptiske evangelia, frå det greske σύν (syn, «saman») og ὄψις (opsis, «syn»).[79][80][81] Dei er like i innhald, narrativt arrangement, språk og paragrafstruktur.[79][80] Forskarar er generelt sett samde i at det er umogeleg å finna noko direkte litterært samband mellom dei synoptiske evangelia og Johannesevangeliet.[82] Sjølv om rekkjefølgda til nokre hendingar (som Jesu dåp, forklaring, krossfesting og interaksjon med apostlane) er felles mellom dei synoptiske evangelia, opptrer hendingar som forklaringa ikkje i Johannesevangeliet, som òg står ut i andre saker, som Tempelreinsinga.[83]
Jesus i dei synoptiske evangelia | Jesus i Johannesevangeliet |
---|---|
Byrjar med Jesu dåp eller jomfrufødsel.[61] | Byrjar med skapinga, utan fødselshistorie.[61] |
Vert døypt av døyparen Johannes.[61] | Dåpen er rekna som ein føresetnad men ikkje nemnd.[61] |
Lærar i likningar og aforismar.[61] | Undervisar med lange, komplekse resonnement.[61] |
Lærer hovudsakleg om Guds rike, og lite om han sjølv.[61] | Lærer hovudsakleg og utfyllande om seg sjølv.[61] |
Talar for dei fattige og undertrykte.[61] | Seier lite eller ingenting om dei fattige eller undertrykte.[61] |
Driv med djevleutdriving.[84] | Driv ikkje med djevleutdriving.[84] |
Deltek i éin påskefestival.[85] | Deltek i tre eller fire påskefestivalar.[85] |
Tempelreinsinga går seint føre seg.[61] | Tempelreinginga går tidleg føre seg.[61] |
Jesus innleier ei ny pakt med eit siste måltid.[61] | Jesus vaskar føtene til disiplane sine.[61] |
Dei synoptiske evangelia vektlegg ulike delar av Jesus. I Markusevangeliet er Jesus son av Gud, som med det mektige virket sitt viser at Guds rike finst.[62] Han er ein utrøytteleg mirakelarbeidar, tenar av både Gud og mennesket.[86] Dette evangeliet dokumenterer få av Jesu ord og lærer.[62] Matteusevangeliet vektlegg at Jesus er oppfyllinga av Guds vilje slik det er openbert i Det gamle testamentet, og at han er herre av Kyrkja.[87] Han er «son av David», ein «konge» og Messias.[86][2][3] Lukas framstiller Jesus som den guddommeleg-menneskelege frelsaren som viser medkjensle til dei trengande.[88] Han er ven av syndarane og tollarane, komme for å oppsøkja og frelse dei tapte.[86] Dette evangeliet inneheld Jesu mest elska likningar, som den gode samaritanen og den tapte sonen.[88]
Føreordet til Johannesevangeliet identifiserer Jesus som inkarnasjonen av det guddommelege ordet (Logos).[89] Som Ordet var Jesus evig til stades med Gud, aktiv i all skaping, og kjelde til den moralske og åndelege naturen til menneskja.[89] Jesus er ikkje berre større enn nokon tidlegare menneskeleg profet, men større enn nokon profet kunne vera. Han taler ikkje berre Guds Ord; han er Guds Ord.[90] I Johannesevangeliet openberrar Jesus den guddommelege rolla si offentleg. Her er han Livets brød, Verdas lys, Den sanne vinranken, med meir.[86]
Generelt sett viste dei nytestamentlige forfattarane lite interesse i ein absolutt kronologi for Jesus, eller i å synkronisera hendingar i livet hans med tidens sekulære historie.[91] Slik fastslått i Johannesevangeliet (Joh 21,25) hevdar ikkje evangelia å gje ei utført liste over hendingar i Jesu liv.[92] Forteljingane var primært forfatta som teologiske dokument i kontekst av tidleg kristendom, med tidslinjer eit sekundært omsyn.[93] I denne samanhengen er det verdt å merka at evangelia vier omtrent éin tredel av teksten til den siste veka av Jesu liv i Jerusalem, det vil seia lidinga og døden hans, kjend som Lidingssoga.[94] Sjølv om evangelia ikkje gjev nok detaljar til å tilfredsstilla krava frå moderne historikarar om eksakte datoar er det utifrå dei mogeleg å teikna eit generelt bilete av Jesu livshistorie.[71][91][93]
Jesus var jødisk,[1] fødd av Maria, kona til Josef (Matt 1; Luk 2). Matteus og Lukas gjev begge ei slektstavle for Jesus. Matteus sporar Jesu avstamming til Abraham via David.[95] Lukas sporar Jesu slekt via Adam til Gud.[96] Oppføringane er identiske frå Abraham til David, men varierer monnaleg derfrå.
Matteus og Lukas skildrar båe Jesu fødsel, særleg at Jesus vart fødd av ei jomfru Maria i Betlehem i oppfylling av profetien. Forteljinga til Lukas vektlegg før Jesu fødsel og er dreidd rundt Maria, medan Matteus hovudsakleg dekkjer hendingane etter fødselen og er dreidd rundt Josef.[97][98][99] Båe forteljingane slår fast at Jesus vart fødd til Josef og Maria, trulova hans, i Betlehem, og båe støtter doktrinar om Jesu jomfrufødsel, der Jesus mirakuløst vart unnfanga av Den heilage ande i livet til Maria medan ho framleis var jomfru.[100][101][102]
I Matteus er Josef uroa av di Maria, trulova hans, er gravid (Matt 1,19–20), medan i den første av draumane til Josef garanterer ein engel han om at han ikkje må vera redd for å ta Maria til kona si, av di barnet hennar vart unnfanga av Den heilage ande.[103] I Matt 2,1–12 bringer tre vise menn, eller magoi, frå Austen gåver til den unge Jesus som «konge av jødane». Herodes den store høyrer om Jesu fødsel og, i eit ønske om å sjå han drepen, gjev ordre om drapet på alle gutespedbarn i Betlehem. Ein engel åtvarar derimot Josef i den andre draumen hans, og familien flyktar til Egypt – for seinare å venda attende og busetja seg i Nasaret.[103][104][105]
I Luk 1,31–38 lærer Maria av engelen Gabriel at ho vil unnfanga og bera fram eit barn kalla Jesus gjennom Den heilage ande.[98][100] I det Maria skal føda reiser ho og Josef frå Nasaret til familieheimstaden til Josef i Betlehem for å oppføra seg i manntalet befalt av keisar Augustus. I Betlehem gjev Maria liv til Jesus, og då dei ikkje finn husrom plasserer ho den nyfødde i ei krybbe (Luk 2,1–7). Ein engel forkynnar fødselen til nokre gjetarar, som reiser til Betlehem for å sjå Jesusbarnet, og som vidare spreier nyhendet utanlands (Luk 2,8–20). Etter framberinga av Jesus i tempelet vender Josef, Maria og Jesus attende til Nasaret.[98][100]
Jesu barndomsheim er identifisert i Lukas- og Matteusevangeliet som byen Nasaret i Galilea, der han budde med familien sin. Sjølv om Josef opptrer i skildringane av Jesu barndom vert han deretter ikkje nemnd vidare.[106] Dei andre familiemedlemmene hans – mora Maria, brørne hans Jakob, Joses (eller Josef), Judas og Simon i tillegg til dei ikkje-namngjevne systrene hans – er nemnde i evangelia og andre kjelder.[107][108]
Markusevangeliet fortel at Jesus kjem i konflikt med naboane sine og familien sin.[109] Jesu mor og brør kjem for å henta han (Mark 3,31–35) av di folket seier han er frå forstanden (Mark 3,21). Jesus svarer at følgjarane hans er den sanne familien hans. I Johannesevangeliet følgjer Maria Jesus til krossfestinga hans, og der uttrykker omtanke over velværet hennar (Joh 19,25–27).
Jesus er kalla τέκτων (tektōn) i Mark 6,3, vanlegvis forstått som ein «tømrar», men som kan dekkja makarar av ting i ei rekkje materiale, inkludert byggjarar.[110][111] Evangelia indikerer at Jesus kunne lesa, parafrasera, og drøfta skrifta, men dette tyder derimot ikkje nødvendigvis at han fekk formell skriftleg opplæring.[112]
Då Jesus vart boren fram i tempelet etter jødisk lov fortel ein mann ved namnet Simeon til Maria og Josef at Jesus sat til «eit teikn som vert motsagt – ja, også gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma for dagen» (Luk 2,28–35). Då Jesus forsvinn finn dei han i tempelet sitjande blant lærarar, lyttande og stillande spørsmål, og folket er forbløffa av forståinga og svara hans; Maria kjeftar på Jesus for å verta borte frå henne, der Jesus svarer at han må vera i «Far sin sitt hus» (Luk 2,41–52).
Forteljinga til dei synoptiske evangelia om Jesu dåp vert alle gått forut for av informasjon om døyparen Johannes.[113][114][115] Dei fortel om Johannes som preikande om bot og omvending for tilgjeving av syndar og oppmoding til å gje almisser til dei fattige (Luk 3,11) medan han døyper personar i Jordanelva kring Perea og føreseier framkomsten til ein «sterkare» enn han (Luk 3,16).[116][117] Seinare identifiserer Jesus Johannes som «den Elia som skulle koma» (Matt 11,14, Mark 9,13–14), profeten som var venta å kome før «Herrens dag … den store og skremmande» (Mal 4,5). Likeeins fortel Lukas at døyparen Johannes hadde same ande og kraft som Elia (Luk 1,17).
I Markusevangeliet døyper Johannes Jesus, og i det han kjem opp frå vatnet ser han Den heilage ande koma ned over han som ei due og han høyrer ei stemme frå himmelen som erklærer han son av Gud (Mark 1,9–11). Dette er ei av to hendingar skildra i evangelia der ei stemme frå Himmelen kallar Jesus «Son», der den andre er Forklaringa.[118][119] Anden driv han deretter ut i øydemarka der han vert freista av Satan (Mark 1,12–13). Jesus startar deretter forkynnargjerninga si etter fengslinga av Johannes (Mark 1,14). Jesu dåp i Matteusevangeliet liknar: her, før Jesu dåp, protesterer Johannes ved å seia at «eg treng å verta døypt av deg» (Matt 3,14). Jesus instruerer ham til å fortsette med dåpen «for å oppfylle all rettferdighet» (Matt 3,15). Matteus skildrar også dei tre freistingane Satan tilbyr Jesus i villmarka (Matt 4,3–11). I Lukas kjem Den heilage ande ned over han som ei due etter alle har vorte døypte og medan Jesus bed (Luk 3,21–22). Johannes anerkjenner implisitt Jesus frå fengsel etter å senda følgjarane hans ut for å spørja om han (Luk 7,18–23). Jesu dåp og freisting tener som ei førebuing til den offentlege forkynnargjerninga hans.[120]
Johannesevangeliet utelèt Jesu dåp og freisting.[121] Her vitnar døyparen Johannes at han såg Anden koma over Jesus (Joh 1,32).[117][122] Johannes erklærer offentleg Jesus som det oppofra Guds lam, og nokre av følgjarane til Johannes vert Jesu disiplar.[76] I dette evangeliet nektar døyparen Johannes for at han er Elia (Joh 1,21). Før Johannes vert fengsla fører Jesus følgjarane sine til å døypa disiplar også (Joh 3,22–24), og dei døyper fleire enn Johannes sjølv (Joh 4,1).
Dei synoptiske evangelia skildrar to distinkte geografiske omgjevnader for Jesu forkynnargjerning. Den første går føre seg nord for Judea, i Galilea, der Jesus utfører ei vellukka forkynnargjerning; den andre viser Jesus avvist og drepen då han reiser til Jerusalem.[16] Jesus preika bodskapen sin munnleg,[15] og erofte omtala som «rabbinar».[16] Påviseleg forbyd Jesus dei som aktar han som Messias å snakka om det, inkludert dei han lækjar og demonar han fordriv.[123]
Johannesevangeliet skildrar Jesu forkynnargjerning som hovudsakleg basert i og rundt Jerusalem, i staden for Galilea; og Jesu guddommelege identitet er proklamert openlyst og straks akta.[90]
Forskarar deler Jesu forkynnargjerning inn i fleire stadium. Den galileiske forkynnargjerninga startar då Jesus vendar attende til Galilea frå Judeaørkenen etter å ha avvist freistinga av djevelen. Jesus preikar rundt om Galilea, og i Matt 4,18–20, treffer han dei første disiplane sine, dei som seinare vil utgjera kjernen i den tidlege kyrkja, og dei byrjar å reisa med han.[115][124] Denne tida inkluderer Bergpreika, ein av Jesu største diskursar,[124][125] og stormstillinga, mettinga av dei fem tusen, vassvandringa og ei rekkje andre under og Jesu likningar.[126] Ho endar med vedkjenninga til Peter og Forklaringa.[127][128]
Då Jesus reiser mot Jerusalem, under Perea-forkynnargjerninga, vendar han attende til området der han vart døypt, omtrent éin tredel av vegen ned frå Genesaretsjøen langs Jordanelva (Joh 10,40–42).[129][130] Den siste forkynnargjerninga i Jerusalem er innleidd med Jesu inntog inn i byen på palmesøndag.[131] I dei synoptiske evangelia jagar Jesus pengevekslarane frå det andre tempelet, og Judas samansver om å svika han. Denne perioden kulminerer i det siste måltidet og avskjedstalen.[113][131][132]
Tett opp til starten av forkynninga hans utpeiker Jesus tolv apostlar. I Matteus- og Markusevangeliet godtek Jesu fire første apostlar, trass i at Jesus berre kort spurde dei om å verta med han, å verta med han straks, og fortlèt garna og båtane sine for å følgja han (Matt 4,18–22; Mark 1,16–20). I Johannesevangeliet var Jesu to første apostlar følgjarar av døyparen Johannes. Døyparen ser Jesus og kallar han Guds lam; dei to høyrer dette og følgjer Jesus.[133][134] I tillegg til dei tolv apostlane identifiserer opningspassasjen av slettepreika ei mykje større gruppe menneske som Jesu disiplar (Luk 6,17). I tillegg sender Jesus sytti eller syttito av følgjarane sine parvis ut for å førebu byar på framtidige vitjingar av han Luk 10,1–16. Dei er befalte til å godta gjestefridom, heile dei sjuke og spreia bodskapen om at Guds rike kjem.[135]
I Markusevangeliet er disiplane merkande trege i forståinga. Dei maktar ikkje forstå Jesu under (Mark 4,35–41; Mark 6,52), likningane hans (Mark 4,13), eller kva det er å «stå opp frå dei daude» (Mark 9,9–10). Då Jesus seinare vert fengsla forlèt dei han.[123]
I dei synoptiske evangelia underviser Jesus ofte, gjerne i likningar,[136] om Guds rike (i Matteusevangeliet om himmelriket). Riket er skildra som både «kome nær» (Mark 1,15) og allereie til stades i Jesu forkynnargjerning (Luk 17,21). Jesus lovar plass i riket til alle som godtek bodskapen hans (Mark 10,13–27). Jesus talar om «Menneskesonen», ein apokalyptisk skikkelse som vil koma for å samla dei utvalde.[34]
Jesus appellerer til folket om å omvenda for syne syndar og gje seg heilt over til Gud.[34] Jesus fortel følgjarane sine at dei skal følgja jødisk lov, sjølv om han sjølv av nokre er rekna som å ha brote lova, til dømes når det gjeld sabbaten.[34] Då han vert spurd om kva det største bodet av lova er svarer Jesus: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all din forstand … Men det andre er like stort: Du skal elska din neste som deg sjølv» (Matt 22,37–39). Andre etiske lærer frå Jesus inkluderer elsk fiendane dykkar, gje avkall på hat og lyst, venda det andre kinnet til, og tilgje dei som har synda mot deg (Matt 5–7).[137]
Johannesevangeliet framlegg Jesu lære som ikkje berre hans eiga preiking, men som guddommeleg openberring. Døyparen Johannes seier til dømes i Joh 3,34: «Han som Gud har sendt, talar ord frå Gud, for Gud gjev Anden i fullt mål.» I Joh 7,16 seier Jesus «Mi lære er ikkje mi, men kjem frå han som har send meg.» Han slår det same fast i Joh 14,10: «Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei orda eg seier til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv: Far er i meg og gjer sine gjerningar.»[138][139]
Om lag tretti likningar utgjer kring éin tredel av Jesu nedskrivne lære.[138][140] Desse parablane opptrer innan lengre preiker og i andre delar av forteljinga.[141] Dei inneheld ofte symbolisme, og held seg heller til den fysiske verda enn den åndelege.[142][143] Vanlege tema i desse talane inkluderer det gode og gjevmilde i Gud, i tillegg til fara med brot.[144] Nokre av likningane hans, som den fortapte sonen (Luk 15,11–32), er relativt likeframme, medan andre, som Såkornet (Mark 4,26–29), er sofistikerte, djupe og vanskelege å skjøna.[145] Då han vert spurd av disiplane sine om kvifor han talar i likningar til folket svarer Jesus at dei utvalde disiplane har vorte «gjevne å kjenna til løyndommane til himmelriket», i motsetnad til resten av folket, «for den som har, skal få, og det i overflod. Men den som ikkje har, skal verta teken frå det han sjølv har», for så å halda fram ved å seia at brorparten av hjarta til folket deira «har vorte feitt» og dimed ikkje maktar skjøna (Matt 13,10–17).
I evangelieforteljingane vier Jesus ein stor del av forkynnargjerninga si til å utføra under, særleg lækingar.[146] Mirakla kan grupperast i to hovudkategoriar: lækingsmirakel og naturmirakel.[147] Lækingsmirakla inkluderer lækinga av fysiske plagar, djevleutdrivingar,[84][148] og gjenoppliving av dei daude.[149] Naturmirakla viser Jesu makt over naturen, og inkluderer å gjera vatn til vin, gå på vatnet, stilla ein storm, mellom anna. Jesus hevdar at undera hans er frå ei guddommeleg kjelde. Når motstandarane av Jesus plutseleg skuldar han for å drive djevleutdriving ved krafta til Beelsebul, fyrsten til djevelen, svarer Jesus at han gjer dei i «Guds Ande» (Matt 12,28) eller «Guds Finger», og argumenterer at all logikk ville tilseia at Satan ikkje ville tillata sine demonar til å hjelpa Guds Barn av di det ville bringa Satans hus i strid med seg sjølv og at det dimed ikkje kan verta ståande; vidare spør han motstandarane sine om dersom han hadde drive med djevleutdriving ved Beelsebul, «kven er det då deira eigne folk driv dei ut ved?» (Luk 11,20).[150][151] I Matt 12,31–32 held han fram ved å seia at «all synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden [det gode] skal ikkje verta tilgjeve»; han eller ho ber vekta av synda hans eller hennar for alltid.
I Johannesevangeliet er Jesu under skildra som «teikn», utførte for å prova misjonen hans og det guddommelege i han.[152][153] Derimot i dei synoptiske evangelia, då han vert spurd av nokre lovlærarar og farisearar om å gje mirakuløse teikn for å prova autoriteten sin, nektar Jesus,[152] ved å seia at inkje teikn skal koma for å korrumpera og gjera folket vondt unnateke Jona-teiknet. I tillegg svarer ofte folkemengdene i dei synoptiske evangelia på Jesu under med ærefrykt og rop om å lækja deira sjuke. I Johannesevangeliet er Jesus framstilt som urørt av folkemengdene, som ofte reagerer på mirakla hans med tillit og tru.[154] Ein karakteristikk delt av alle Jesu mirakel i evangelia er at han utførte dei gratis og aldri spurde om, eller tok imot, noka form for betaling.[155] Evangeliehistorier som inneheld skildringar av Jesu under inkluderer også ofte lærer, og sjølve mirakla involverer òg eit element av lære.[156][157] Mange av mirakla lærer om det viktige med trua. I reingjeringa av dei ti spedalske og heilinga av dotter til Jairus, til dømes, vert mottakarane fortalde at heilinga deira var på grunn av trua.[158][159]
Om lag midtvegs i kvar av dei tre synoptiske evangelia er to viktige hendingar: Vedkjenninga til Peter og Kristi forklaring.[128][160][118][119] Desse to hendingane er ikkje nemnde i Johannesevangeliet.[161]
I sin vedkjenning fortel Peter Jesus «Du er Messias, den levande son av Gud.»[162][163][164] Jesus stadfestar at vedkjenninga til Peter er guddommeleg openbert sanning.[165][166] Etter vedkjenninga fortel Jesus disiplane sine om den komande døden og oppstoda hans (Matt 16,21; Mark 8,31; Luk 9,22)
I Forklaringa (Matt 17,1–9; Mark 9,2–8; og Luk 9,28–36),[118][119][128] Jesus fører Peter og to andre apostlar opp eit ikkje-namngjeve fjell der han «forvandla framfor auga på dei. Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som lyset.»[167] Ei lysande sky skugga over dei og ei røyst lydde frå skya som sa «Dette er min Son, den elska, i han har eg mi glede. Høyr han!» (Matt 17,1–9).[118]
Skildringane av siste veke av Jesu liv (ofte kalla «Den stille veka») tek opp om lag éin tredel av forteljinga i dei kanoniske evangelia,[94] og byrjar med Jesu inntog til Jerusalem og sluttar med krossfestinga hans.[113][131]
I dei synoptiske evangelia er den siste veka i Jerusalem avslutninga på reisa gjennom Perea og Judea som Jesus byrja i Galilea.[131] Jesus rir på eit ungt esel inn i Jerusalem, som speglar forteljinga om eselet til Messias, ein bodskap frå Sakarja der den audmjuke kongen av jødane entrar Jerusalem slik (Sak 9,9).[62] Folk langs vegen la ned kapper og greiner føre ham og song delar av Sal 118,25–26.[134][168][169]
Jesus jagar deretter ut pengevekslarane frå Det andre tempelet, og tiltalar dei for å gjera det til ei røvarhole gjennom dei kommersielle aktivitetane deira. Jesus profeterer deretter om den komande øydelegginga, inkludert falske profetar, krigar, jordskjelv, himmelske uorden, forfølging av dei truande, framkomsten av det «motbydelege som øydelegg», og uuthaldelige prøvingar (Mark 13,1–23). Den mystiske «Menneskesonen», fortel han, vil senda ut englar for å samla dei trufaste frå alle hjørna i verda (Mark 13,24–27). Jesus åtvarar at desse hendingane vil gå føre seg i livstida til lyttarane (Mark 13,28-32).[123] I Johannesevangeliet går Tempelreinsinga føre seg i starten av Jesu forkynning i staden for ved slutten (Joh 2,13–16).[90]
Jesus kjem i strid med dei jødiske eldre, som når dei tvilar på autoriteten hans og når han kritiserer dei og kallar dei hyklarar.[134][169] Judas Iskariot, ein av dei tolv apostlane, samansver seg i det skjulte med dei jødiske eldre, der han godtar å svika Jesus for 30 sølvstykke.[170][171]
Johannesevangeliet fortel om to andre festar der Jesus preika i Jerusalem før den stille veka (Joh 7,1–10:42).[109] I Betania, ein landsby nær Jerusalem, vekkjer Jesus opp Lasarus frå dei daude. Dette potente teiknet[90] aukar ytterlegare spenninga med styresmaktene,[131] som samansver for å drepa han (John 11).[109] Maria av Betania salvar føtene til Jesus, noko som står som forvarsel for gravlegginga hans.[172] Jesus gjennomfører deretter det messianske inntoget sitt til Jerusalem.[109] Dei jublande folkemengdene som møter Jesus i det han kjem til Jerusalem bidreg til å styrka fiendskapen mellom han og etablissementet.[131] I Johannesevangeliet har Jesus allereie reinsa tempelet under ein tidlegare påskevisitt i Jerusalem. Johannesevangeliet fortel vidare om Jesu siste måltid med disiplane sine.[109]
Det siste måltidet er det siste måltidet Jesus deler med dei tolv apostlane sine i Jerusalem før krossfestinga av han. Det siste måltidet er nemnd i alle dei fire kanoniske evangelia; Paulus' første brev til korintarane (1 Kor 11,23–26) nemner òg hendinga.[52][53][173] I løpet av måltidet føreseier Jesus at ein av apostlane hans vil svika han.[174] Trass i påstanden frå kvar apostel om at dei ikkje vil svika han seier Jesus på nytt at svikaren vil vera ein av dei som er til stades. Matt 26,23–25 og Joh 13,26–27 nemnar spesifikt Judas som svikaren.[52][53][174]
I dei synoptiske evangelia bryt Jesus brød og deler det ut til disiplane sine, medan han fortel at «dette er min kropp, som er gjeven til dykk». Han får alle til å drikka frå eit beger og fortel at «dette begeret er den nye pakta i mitt blod, som vert aust ut for dykk» (Luk 22,19–20).[52][175] Det kristne sakramentet nattverd er basert på desse hendingane.[176] Sjølv om Johannesevangeliet ikkje inneheld ei skildring av brød-og-vin-ritualet under det siste måltidet er dei fleste forskarane samde i at Joh 6,22–59 (preika om livets brød) har ein nattverd-aktig karakter og resonnerer med institusjonsforteljingane i dei synoptiske evangelia og i dei paulinske skriftene om Nattverden.[177]
I alle fire evangelia føreseier Jesus at Peter vil nekta for han tre gonger før hanen gjel neste morgon.[178][179] I Lukas- og Johannesevangeliet er føreseiinga gjord i løpet av måltidet (Luk 22,34; Joh 22,34). I Matteus- og Markusevangeliet er føreseiinga gjord etter måltidet; Jesus føreseier også at alle disiplane hans vil venda bort frå han (Matt 26,31–34; Mark 14,27–30).[180] Johannesevangeliet gjev den einaste forteljinga om at Jesus vaska føtene til disiplane sine etter måltidet.[104] Johannesevangeliet inneheld òg ein lang tale av Jesus der han førebur disiplane sine (no utan Judas) for avskilet sitt. Kapitla 14–17 av Johannesevangeliet er kjende som Avskjedstalen og er ei viktig kjelde for kristologisk innhald.[181][182]
I dei synoptiske evangelia reiser Jesus med følgjarane sine til Getsemane-hagen, der Jesus bed om å sparast for den komande prøvinga si. Judas kjem deretter med ein væpna gjeng, utsend av ypparsteprestane, dei skriftlærde og dei eldre. Han kyssar Jesus for å peika han ut i folkemengda, som deretter pågrip Jesus. I eit forsøk på å stansa dei kuttar ein ikkje-namngjeven disippel av øyret til ein mann i folkemengda ved eit sverd. Etter Jesu fengsling flyktar disiplane hans i skjul, og Peter, når spurd, nektar for å kjenna Jesus tre gonger. Etter den tredje nektinga høyrer Peter hanen gala og minnast Jesu føreseiing om nektinga hans. Peter bryt deretter ut i gråt.[180][123][178]
I Johannesevangeliet (Joh 18,1–11), bed ikkje Jesus om å sparast frå krossfestinga, då evangeliet framstiller han som urørt av slik menneskeleg veikskap.[183] Folkemengda som pågrip han består av romerske soldatar og tempelvakter.[184] I staden for å svikast av eit kyss erklærer heller Jesus identiteten sin, og i det han gjer dette fell soldatane til bakken. Evangeliet identifiserer Peter som disippelen som trekkjer sverd, medan Jesus iretteset han.
Etter pågripinga hans er Jesus bringa for Det høge rådet (Sanhedrin), ein jødisk domstol.[185] Evangelieforteljingane sprikar i detaljane om prosessen.[186] I Matt 26,57, Mark 14,53 og Luk 22,54, vert Jesus ført til huset til øvstepresten Kaiafas, der han spottar Jesus og vert slått den natta. Tidleg neste morgon fører overprestane og dei skriftlærde Jesus vekk til domstolen deira.[187][188][189] Joh 18,12–14 hevdar at Jesus først vert ført til Annas, svigerfaren til Kaiafas, og deretter til øvstepresten.[187][188][189]
Under prosessen seier Jesus lite, prøver ikkje forsvara seg, og gjev sporadiske og indirekte svar på spørsmåla til presten, noko som fører til at han vert slått av ei av vaktene. I Matt 26,62 fører Jesu manglande respons Kaiafas til å spørja han «har du ikkje noko å seia til det dei tiltalar deg for?»[187][188][189] I Mark 14,61 spør øvstepresten Jesus vidare, «er du Messias, Son av Den velsigna?» Jesus svarer «Eg er det», og føreseier deretter framkomsten av Menneskesonen.[34] Dette fører Kaiafas til å flerra kappa si i sinne og tiltala Jesus for blasfemi. I Matteus- og Lukasevangeliet er Jesu svar meir tvitydig:[34][190] i Matt 26,64 svarer han «Du har sagt det.»; i Luk 22,70 svarer han «De seier sjølv at eg er det.»[191][192]
Dei jødiske eldre fører Jesus til borga til Pilatus og bed den romerske landshøvdingen Pontius Pilatus om å dømma og fordømma Jesus, tiltalande om at han hevdar seg å vera konge av jødane.[189] Bruken av ordet «konge» er sentral i samtalen mellom Jesus og Pilatus. I Joh 18,36 fortel Jesus at «kongsmakta hans ikkje er av denne verda», samtidig som han ikkje utvitydig nektar for å vera konge av jødane.[193][194] I Luk 23,7–15 innser Pilatus at Jesus er galilear, og dimed fell under domsmakta til Herodes Antipas, fjerdingfyrste av Galilea og Perea.[195][196] Pilatus sender Jesus til Herodes for å prøvast,[197] men i møte med spørsmåla frå Herodes gjev Jesus nærmast ingen svar. Herodes og soldatane hans hånar Jesus, ikler ham ei praktfull kappe og sender ham tilbake til Pilatus,[195] som deretter samlar saman dei jødiske eldre og kunngjer at han ikkje har funne «skuld hos denne mannen».[198]
I tråd med ein påskeskikk lèt Pilatus folkemengda velja ut ein fange som skal frigjevast. Han gjev deretter folket valet mellom Jesus og ein mordar kalla Barabbas. Overtala av dei eldre (Matt 27,20), vel folkemengda Barabbas for lauslating og å krossfesta Jesus.[199] Pilatus skriv deretter eit skilt på hebraisk, latin og gresk som les «Jesus frå Nasaret, kongen av jødane» (forkorta «INRI» i skildringar) for å festast til Jesu kross (Joh 19,19–20),[200] deretter får han piska og sender han til krossfestinga si. Soldatane plasserer ein tornekrans på Jesu hovud for å latterleggjera han som kongen av jødane. Dei slår og spottar han før dei tek han til Golgata,[201] «Hovudskallen», for krossfesting.[187][189][202]
Jesu krossfesting er skildra i alle dei fire kanoniske evangelia. Etter prosessen vert Jesus ført til Golgata berande med krossen sin; ruta som tradisjonelt reknast å ha vorte følgt er kjend som Via Dolorosa. Dei tre synoptiske evangelia tyder på at Simon frå Kyréne hjelpte han, etter å ha vorte tvungen av romarane til å gjera det.[203][204] I Luk 23,27–28 bed Jesus kvinnene i folkemengda som følgjer han ikkje gråta for han, men heller for dei sjølv om deira barn.[203] Ved Golgata er Jesus tilbode eit brygg vanlegvis tilbydd som ein smertedempar. Ifølgje Matteus- og Markusevangeliet avslår han.[203][204]
Soldatane krossfestar deretter Jesus og kasta lodd for kleda hans. Over Jesu hovud på krossen stod det oppført Pilatus inskripsjon, «Jesus frå Nasaret, kongen av jødane.» Soldatar og forbipasserande hånar Jesus for det. To dømde røvarar heng krossfesta saman med Jesus. I Matteus- og Markusevangeliet hånar begge røvarane Jesus. I Lukasevangeliet derimot avviser éin av dei Jesus, medan den andre forsvarer han.[203][205][206] Jesus fortel sistnemnde: «I dag skal du vera med meg i paradis» (Luk 23,43). I Johannesevangeliet er Maria, Jesu mor, og disippelen han elska til stades ved krossfestinga. Jesus bed den elska disippelen ta vare på mora hans (Joh 19:26–27).
Dei romerske soldatane knekker beina til dei to røvarane (ein prosedyre meint å framskunda daud i krossfesting), men knekker ikkje beina til Jesus då han allereie er daud (Joh 19,33). I Joh 19:34 stikk ein soldat Jesus i sida med eit spjut, og blod og vatn flyt ut.[207] I dei synoptiske evangelia rivnar forhenget i tempelet i det Jesus døyr. I Matt 27:51–54 opnar eit jordskjelv gravene i området. I Matteus- og Markusevangeliet ropar ein romersk centurion, forskrekka av hendingane, ut at Jesus var son av Gud.[203][208]
Same dag ber Josef frå Arimatea, med tillating frå Pilatus og hjelp frå Nikodemus, Jesu kropp ned frå krossen, pakkar han inn i linklede og gravlegg han i ei ny, nærliggjande grav.[203] I Matt 27:62–66 kjem dei fremste jødiske prestane med ein førespurnad til Pilatus om at grava skulle få vakthald, og med tillating frå Pilatus plasserer prestane segl på den store steinen som forseglar inngangen.[203][99]
Maria Magdalena (åleine i Johannesevangeliet, men med følgje av andre kvinner i dei synoptiske evangelia) reiser til Jesu grav sundag morgon og overraska finn dei henne tom. Trass Jesu lære hadde ikkje disiplane skjøna at Jesus ville stå opp frå dei daude.[209]
Jesu himmelferd til Himmelen er skildra i Luk 24,50–53; Apg 1,1–11; og nemnd i 1 Tim 3,16. I Apostlanes gjerningar vert Jesus, førti dagar etter oppstoda og medan disiplane er vitne, «løfta opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort føre auga deira». 1 Pet 3,22 fortel at Jesus har fare «opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand».[56]
Apostlanes gjerningar skildrar fleire opptredenar av Jesus etter himmelferda. I Apg 7,55 vendar Stefanus blikket mot himmelen og ser «Jesus stå ved Guds høgre hand» like før dauden sin.[212] På vegen til Damaskus vert apostelen Saulus konvertert til kristendom etter å ha sett eit blendande lys og høyrt ei stemme seia «Eg er Jesus, han som du forfølgjer» (Apg 9:5). I Apg 9,10–18 befaler Jesus Ananias frå Damaskus i eit syn til å lækja Saulus.[213] Johannes' openberring inneheld ei openberring frå Jesus når det gjeld endetida.[214]
Før opplysningstida var evangelia vanlegvis rekna som nøyaktige historiske forteljingar, men sidan har forskarar byrja å tvila på truverdet til evangelia og føretrekker å skilja mellom Jesus i evangelia og Jesus i historia.[215] Sidan 1700-talet har tre separate akademiske forsøk på å finna den historiske Jesus gått føre seg, kvar med særeigne karakteristikkar og basert på ulike forskingskriterium, som ofte vart utvikla av søkinga som brukte dei.[84][216] Sjølv om det er vidspreidd akademisk semja om Jesu eksistens,[lower-alpha 2] og ein grunnleggjande konsensus om det generelle omrisset av livet hans,[lower-alpha 7] så varierer ofte portretteringane av Jesus konstruert av ulike forskarar frå kvarandre, og frå bilete teikna i evangelia.[218][219]
Tilnærmingar til den historiske rekonstruksjonen av Jesu liv har variert frå den «maksimalistiske» tilnærminga under 1800-talet, der evangelieforteljingane vart vørda som truverdige prov der det er mogeleg, til den meir «minimalistiske» tilnærminga under 1900-talet der knapt noko om Jesus vart vørda som historisk.[220] I 1950-åra, då den andre søkinga etter den historiske Jesus tok fart, byrja dei minimalistiske tilnærmingane å fasast ut, og per 2000-talet er «minimalistar» som Price ein særs liten minoritet.[221][222] Sjølv om trua på at evangelia ikkje kunne ta feil ikkje kan støttast historisk har mange forskarar sidan 1980-åra meint at, utanom eit par fakta rekna som historisk visse, så er nokre andre delar av Jesu liv «historisk trulege».[221][223][224] Moderne vitskapleg forsking på den historiske Jesus fokuserer dermed på å identifisera dei mest trulege elementa.[225][226]
I år 6 e.Kr. vart Judea, Idumea og Samaria omgjorde frå romerske klientstatar til ein keisarleg provins, også kalla Judea. Ein romersk prefekt, i staden for ein lydkonge, regjerte landet. Denne prefekten regjerte frå Caesarea Maritima, og lèt Jerusalem vera styrt av overpresten av Israel. Som eit unntak kom prefekten til Jerusalem under religiøse festivalar, når religiøs eller patriotisk entusiasme nokre gonger gav næring til uro eller oppstand. Ikkje-jødiske landområde omringa dei jødiske landa Judea og Galilea, men romersk lov og praksis tillét jødar å halda fram å vera separate både rettsleg og kulturelt. Galilea var tydelegvis særs velståande, og fattigdommen var avgrensa nok til at han ikkje truga den sosiale ordenen.[34]
Jødisk religion var uvanleg i den grad at jødar berre vedkjende seg éin gud, at de rekna seg sjølve som utvalde av han, og at dei ville at ikkje-jødar skulle vedkjenna seg deira gud som den eine Guden. Jødar baserte trua si og den religiøse praksisen på Toraen, fem bøker sagt å ha vorte overleverte til Moses av Gud. Dei tre fremste religiøse gruppene var farisearane, essenarane og sadukearane. Saman representerte desse gruppene berre ein brøkdel av folkesetnaden. Dei fleste jødane såg fram til ei tid der Gud ville frelse dei frå dei heidenske herskarane sine, mogelegvis gjennom ein krig mot romarane.[34]
Nytestamentlige forskarar møter ei formidabel utfordring når dei analyserer dei kanoniske evangelia.[228] Evangelia er ikkje biografiar i den moderne tydinga, og forfattarane forklarer Jesu teologiske verde og fortel om den offentlege forkynninga hans samtidig som dei utelèt mange detaljar om livet hans.[228] Nedskrivingane om overnaturlege hendingar assosierte med Jesu død og oppstode gjer utfordringa enno vanskelegare.[228] Forskarar reknar evangelia som kompromitterte informasjonskjelder då forfattarane prøvde å glorifisera Jesus.[71] Trass dette er kjeldene for Jesu liv betre enn kjeldene forskarar har for til dømes livet til Aleksander den store.[71] Forskarar bruker ei rekkje kriterium, som kriteriet med uavhengig attestasjon, kriteriet med koherens, og kriteriet med diskontinuitet for å vurdera historisiteten til hendinga.[229] Historisiteten til ei hending avheng òg på truverdet til kjelda; og evangelia er ikkje uavhengige eller konsekvente nedskrivingar av Jesu liv. Markusevangeliet, som mest sannsynleg er det tidlegast forfatta evangeliet, har i tiår vore vørda som det mest historisk truverdige.[230] Johannesevangeliet, det sist skrivne evangeliet, sprikjer monnaleg frå dei synoptiske evangelia, og er dimed generelt rekna som det minst truverdige, sjølv om stadig fleire forskarar no òg godtek at det kan innehalde ein kjerne av eldre materiale like eller meir historisk verdifullt som den synoptiske tradisjonen.[231]
Det ikkje-kanoniske Thomas-evangeliet kan vera eit uavhengig vitne til mange av Jesu likningar og aforismar. Til dømes stadfestar Thomas-evangeliet at Jesus velsigna dei fattige og at denne utsegna sirkulerte uavhengig før ho vart slått saman med likande utsegner i Q-kjelda.[232] Andre utvalde ikkje-kanoniske kristne tekster kan òg ha ein verdi for den historiske jesusforskinga.[76]
Tidlege ikkje-kristne kjelder som gjev vitnesbyrd om den historiske eksistensen til Jesus inkluderer verka av historikarane Josefus og Tacitus.[lower-alpha 8][227][234] Josefus-forskar Louis Feldman har hevda at «få har tvilt på om tilvisinga av Josefus til Jesus i bok 20 av Antiquitates Iudaicae er ekte», og at ho berre er dementert av eit lite tal forskarar.[235][236] Tacitus refererte til Jesus og avrettinga hans ved Pilatus i bok femten av verket Annalar. Forskarar reknar generelt sett tilvising av Tacitus til Jesu avretting både som autentisk og av historisk verdi som ei uavhengig romersk kjelde.[237]
Ikkje-kristne kjelder er verdifulle på to vis: for det første viser det at sjølv nøytrale eller fiendtlege partar aldri viser noka tvil på at Jesus faktisk fanst; for det andre teiknar dei eit omtrentleg bilete av Jesus som er kompatibel med det som er funne i dei kristne kjeldene: at Jesus var ein lærar, at han hadde rykte som mirakelarbeidar, at han hadde ein bror ved namn Jakob, og at han døydde ein valdeleg daud.[238]
Arkeologi hjelper forskarar i å betre forstå verdssamfunnet rundt Jesus.[239] Nyare arkeologiske utgravingar, til dømes, tyder på at Kapernaum, ein by viktig i Jesu forkynnargjerning, var fattig og liten, og til og med utan eit forum eller ein agora.[240][241] Denne arkeologiske avdekkinga resonnerer godt med det akademiske synet at Jesus preika om ei felles deling mellom dei fattige i det området av Galilea.[240]
Jesus var ein galileisk jøde,[1] fødd omkring starten av det 1. hundreåret, og som døydde i 30 eller 33 e.Kr. i Judea. Den generelle vitskaplege konsensus er at Jesus var ein samtidig av døyparen Johannes, og vart krossfesta av den romerske guvernøren Pontius Pilatus, som hadde embetet frå 26–36 e.Kr.[17]
Evangelia legg fram fleire leietrådar når det gjeld Jesu fødselsår. Matt 2,1 knyter Jesu fødsel med regjeringa til Herodes den store, som døydde rundt 4 f.Kr., og Luk 1,5 nemner at Herodes sat på trona kort tid før Jesu fødsel,[242][243] sjølv om dette evangeliet òg knyter fødselen hans med folketeljinga til Kvirinius som gjekk føre seg ti år seinare.[244][245] Luk 3,23 hevdar at Jesus var «omkring tretti år gamal» ved byrjinga av gjerninga si, som ifølgje Apg 10,37–38 følgde etter gjerninga til døyparen Johannes, som er nemnd på nytt i Luk 3,1–2 som å ha starta i det femtande året av regjeringa til Tiberius (28 eller 29 e.Kr.).[243][246] Ved å samanstilla evangelieforteljingane med historisk data og eit utval andre metodar kjem dei fleste forskarane fram til ein fødselsdato mellom 6 og 4 e.Kr. for Jesus,[246][247] sjølv om nokre føreslår estimat som ligg i eitt breiare spenn.[lower-alpha 9]
Året til Jesu forkynnargjerning har vorte rekna ut ved fleire ulike tilnærmingar.[250][251] Ein av desse bruker tilvisinga i Luk 3,1–2, Apg 10,37–38 og tidspunktet til regjeringa Tiberius, som er godt kjend, til å framstilla eit tidspunkt rundt 28–29 e.Kr. for starten av Jesu forkynnargjerning.[252] Ei anne tilnærming bruker utsegna om tempelet i Joh 2,13–20, som hevdar at tempelet i Jerusalem var i sitt 46. år under konstruksjon ved starten av Jesu prestegjerning, saman med utsegna til historikaren Josefus om at tempelgjenoppbygginga vart sett i verk av Herodes den store i det 18. år av regjeringa si, for å estimera et tidspunkt rundt 27–29 e.Kr.[250][253] Ein annan metode bruker tidspunktet til døden til døyparen Johannes og ekteskapet mellom Herodes Antipas og Herodias, basert på nedteikningane til Josefus, og samanstiller det med Matt 14,4 og Mark 6,18.[254][255] Gjeve at dei fleste historikarane daterer ekteskapet mellom Herodes og Herodias til tida rundt 28–35 e.Kr., gjev dette eit tidspunkt rundt 28–29 e.Kr.[251]
Ei rekkje tilnærmingar har vorte nytta for å rekna ut året av Jesu krossfesting. Dei fleste forskarane er samde i at Jesus døydde i år 30 eller 33 e.Kr.[256] Evangelia hevdar at hendinga gjekk føre seg under regjeringa Pilatus, den romerske guvernøren av Judea frå 26 til 36 e.Kr.[257][258][259] Tidspunktet til omvendinga av Paulus (estimert til kring 33–36 e.Kr.) fungerer som ei øvre grense for tidspunktet av krossfestinga. Tidspunkta til omvendinga av Paulus og gjerninga hans kan stadfestast ved å analysera Paulus' brev og Apostlegjerningane.[260][261] Astronomar har prøvd å rekna ut det nøyaktige tidspunktet til krossfestinga ved å analysera månerørsler og rekna ut det historiske tidspunktet til den jødiske påska, ein festival basert på den lunisolare hebraiske kalenderen. Dei mest akta tidspunkta avleidd med denne metoden er 7. april 30 e.Kr., og 3. april 33 e.Kr. (begge julianske datoar).[262]
Forskarar har danna ein avgrensa konsensus om grunneiningane i Jesu liv.[263]
De fleste forskarane er samde i at Josef, Jesu far, døydde kring tida Jesus innleidde gjerninga si. Josef er ikkje nemnd i det heile i evangelia under Jesu forkynnargjerning. Bortgangen til Josef kan forklare kvifor Jesu naboar (i Mark 6,3), refererer til Jesus som «son av Maria» (sonar var vanlegvis identifiserte gjennom fedrane sine).[264]
Ifølgje Theissen og Merz, er det vanleg for usedvanlege karismatiske leiarar, som Jesus, å koma i konflikt med sine ordinære familiar.[265] I Markusevangeliet kjem Jesu familie til han, i frykt av at han har mist forstanden (Mark 3,20–34), og denne forteljinga er truleg historisk av di dei tidlege kristne ikkje ville ha funne henne opp.[266] Etter Jesu død gjekk mange av familiemedlemmene hans inn i den kristne rørsla.[265] Jesu bror Jakob vart leiar for kyrkja i Jerusalem.[267]
Géza Vermes hevdar at doktrinen om Jesu jomfrufødsel voks fram frå teologisk utvikling i staden for historiske hendingar.[268] Trass det vidt utbreidde synet at forfattarane bak dei synoptiske evangelia henta informasjon frå kvarandre (det såkalla synoptiske problemet), meiner andre forskarar det er vesentleg at jomfrufødselen er attestert av to separate evangelium (Matteus- og Lukasevangeliet).[269][270][271][272][273][274]
Ifølgje E. P. Sanders er fødselsforteljingane i Matteus- og Lukasevangeliet det tydelegaste dømet på oppfinning i evangelieforteljingane om Jesu liv. Begge forteljingane fortell at Jesus vart fødd i Betlehem, i tråd med jødisk frelseshistorie, og at begge seier han voks opp i Nasaret. Sanders påpeiker derimot at dei to evangelia gjev totalt ulike og ikkje-samsvarande forklaringar på korleis dette hende. Forteljinga til Lukasevangeliet om ei folketeljing der alle vende heim til sine anestader er ikkje truverdig; forteljinga til Matteusevangeliet er meir sannsynleg, men forteljinga les som om ho var funnen opp for å identifisera Jesus som ein ny Moses, og historikaren Josefus skriv om brutaliteten til Herodes den store utan å nokosinne nemna at han massakrerte unggutar.[275]
Sanders seier at Jesu slektslinjer ikkje er baserte på historisk informasjon men på ønsket til forfattarane om å visa at Jesus var den universelle jødiske frelsaren.[95] Uansett så avløyste doktrinen om Jesu jomfrufødsel den tidlegare tradisjonen om at han stamma frå David gjennom Jesus, så fort han var vorten etablert.[276] Lukasevangeliet fortel at Jesus var blodsslektning av døyparen Johannes, men forskarar reknar generelt denne koplinga som ei oppfinning.[95][277]
Dei fleste moderne forskarar reknar Jesu dåp som eit definitivt historisk faktum, saman med krossfestinga hans.[278] Teologen James D. G. Dunn slår fast at «dei krev nærast universell aksept» og «rangerer så høgt på 'nesten umogeleg å tvila på eller nekta for'-skalaen av historiske faktum» at dei ofte utgjer startpunkta for studien om den historiske Jesus.[278] Forskarar nemner blygskapskriteriet, og seier med dette at dei tidlegkristne ikkje ville ha funne opp ein dåp som kunne tyda på at Jesus utførte synder og ønskte tilgjeving.[279][280] Ifølgje Theissen og Merz var Jesus inspirert av døyparen Johannes, og tok over fleire delar av læra si frå han.[281]
Dei fleste forskarane held fast ved at Jesus budde i Galilea og Judea, og ikkje preika eller studerte andre stader.[282] Dei er samde i at Jesus strei med jødiske styresmakter om temaet Gud, utførte nokre lækingar, lærte i likningar, og samla følgjarar.[17] Jesu jødiske kritikarar rekna prestegjerninga hans som skandaløs av di han feira med syndarar, fraterniserte med kvinner, og tillét følgjarane sine å plukka aks på sabbaten.[61] Ifølgje Sanders er det ikkje sannsynleg at usemjene rundt tolkinga av Moseloven og Sabbaten ville føra til at jødiske styresmakter ville sjå Jesus drepen.[283]
Ifølgje Ehrman lærte Jesus at det komande riket var det rette fokuset for alle, og ikkje noko i dette livet.[284] Han lærte andre om jødisk lov, søkte den sanne meininga bak lova, nokre gonger i opposisjon til andre tradisjonar.[285] Jesus plasserte kjærleik i sentrum av Lova, og at å følgja Lova var noko apokalyptisk sjølvsagt.[285] Den etiske læra hans gav rop om tilgjeving, ikkje å dømma andre, å elska dine fiendar og visa omtanke for dei fattige.[286] Funk og Hoover tilføydde at typisk Jesus var paradoksale eller overraskande vendingar, som å råda ein som å hadde vorten slått på kinnet om å venda det andre kinnet til for også å verta slått (Luke 6:29).[287]
Evangelia framstiller Jesu lære i veldefinerte økter, som bergpreika i Matteusevangeliet, eller den parallelle slettepreika til Lukas. Ifølgje Gerd Theissen og Annette Merz inneheld desse læreøktene ekte lære frå Jesus, men at omgjevnadene vart funne opp av dei respektive evangelistane for å gje ei ramme til læra, som opphavleg hadde vorte skriven ned utan kontekst.[76] Sjølv om Jesu mirakel passar inn i den sosiale konteksten til antikken definerte han dei annleis. For det første tilføydde han dei til trua til dei lækja; for det andre knytte han dei til ein endetidsprofeti.[288]
Jesus valde ut tolv disiplar[289] (dei «tolv»), tydelegvis som ein apokalyptisk bodskap.[290] Alle tre synoptiske evangelium nemner dei tolv, sjølv om namna på lista i Lukasevangeliet varierer med dei i Markus- og Matteusevangeliet, noko som tyder på at dei kristne ikkje var visse på kven alle disiplane var.[290] Dei tolv disiplane kan ha representert dei tolv opphavlege israelske stammene, som skulle stå opp att så snart Guds styre vart innført.[290] Disiplane var påstått meint å vera leiarane for stammene i det kommande Riket (Matthew 19:28, Luke 22:30).[290] Ifølgje Bart Ehrman var Jesu løfte om at dei tolv ville regjera historisk, av di dei tolv inkluderte Judas Iskariot. Etter synet til Ehrman ville ingen kristne ha funne opp ei utsegn frå Jesus der han lova leiarskap til disippelen som sveik han.[290] I Markusevangeliet spelar disiplane knapt noka rolle utanom ei negativ rolle. Sjølv om andre ofte svarer Jesus med fullstendig tru er disiplane hans forbløffa og tvilande.[291] Dei tener ei rolle som eit motstykke til Jesus og andre skikkelsar.[291] Feilane til disiplane er truleg overdrivne i Markusevangeliet, og disiplane gjer ein betre figur i Matteus- og Lukasevangeliet.[291]
Sanders seier at Jesu misjon ikkje var om anger, sjølv om han anerkjenner at dette synspunktet er upopulært. Han argumenterer for at anger opptrer som eit stort tema berre i Lukasevangeliet, at anger var bodskapen til døyparen Johannes, og at Jesu gjerning ikkje ville ha vore skandaløs om syndarane han åt med hadde vore omvende.[292] Ifølgje Theissen og Merz lærte Jesus om at Gud generøst gav folk ein sjanse til å venda om.[293]
Jesus lærte om at ein apokalyptisk skikkelse, Menneskesonen, snart ville koma i skyene med stor makt og herlegdom for å samla dei utvalde (Mark 13:24–27, Matthew 24:29–31, Luke 21:25–28). Han refererte til seg sjølv som ein «menneskeson» i den kvardagslege tydinga «person», men forskarar veit ikkje om han òg meinte seg sjølv då han viste til den himmelske «Menneskesonen». Apostelen Paulus og andre tidlegkristne tolka Menneskesonen som den atteroppstandne Jesus.[34]
Tittelen Kristus, eller Messias, tyder på at Jesu følgjarar rekna han som den salva etterfølgjaren til kong David, som nokre jødar venta skulle redda Israel. Evangeliane refererer til han som ikkje berre ein Messias, men i den bundne forma som sjølve «Messias-en», eller tilsvarande «Kristus». I tidleg jødedom er ikkje denne bundne forma av tittelen å spora opp, men berre frasar som «hans Messias». Tradisjonen er tvitydig nok til å gje rom for debatt om Jesus definerte den eskatologiske rolla si som Messias.[294] Den jødiske messianske tradisjonen omfatta mange ulike former, der nokre fokuserte på ein messiasskikkelse og nokre ikkje.[295] Basert på den kristne tradisjonen fremjar Gerd Theissen hypotesen at Jesus såg seg sjølv i messianske forstand men ikkje gjorde krav på tittelen «Messias».[295] Bart Ehrman argumenterer for at Jesus ikkje såg på seg sjølv som Messias, likevel i den forstand at han ville vera konge i den nye politiske orden Gud ville bringa fram,[296] og ikkje i den forstand som folk flest i dag knyter til omgrepet.[297]
Rundt år 30 reiste Jesus og følgjarane hans frå Galilea til Jerusalem for å følgja påska.[289] Jesus forårsaka uro i tempelet,[19] som var senteret for jødisk religiøs og sivil autoritet. Sanders assosierer det med Jesu profeti at tempelet ville verta fullstendig rive.[298] Jesus delte eit siste måltid med disiplane sine, som er opphavet til det kristne sakramentet med brød og vin. Jesu ord er skrivne ned i dei synoptiske evangelia og i det første brevet til korintarane av Paulus. Ulikskapane i forteljingane kan ikkje fullstendig sameinast, og det er umogeleg å vita kva Jesus hadde til føremål, men generelt sett verkar måltidet å peika på det komande Riket. Jesus venta seg truleg å verta drepen, og han kan ha håpa at Gud ville intervenera.[299]
Evangelia fortel at Jesus var sviken til styresmaktene av ein disippel, og mange forskarar reknar denne forteljinga som svært truverdig.[121] Han vart avretta på befal av Pontius Pilatus, den romerske prefekten i Judea.[19] Pilatus rekna truleg Jesu tilvising til Guds rike som ein trugsel til romersk autoritet og samarbeidde med tempeleliten for å få Jesus avretta.[300] Sadukeiske overprestar frå tempelet fekk truleg Jesus avretta av politiske årsaker heller enn på grunn av læra hans.[121] Dei kan ha sett på han som ein trugsel til stabiliteten, særleg etter han skapte uro ved tempelet.[121][33] Andre faktorar, som Jesu sigersrike inntog til Jerusalem kan ha bidrage til denne avgjerda.[301] Dei fleste forskarane reknar Jesu krossfesting som fakta, av di tidlegkristne ikkje ville ha funne opp den smertefulle døden til leiaren sin.[278][302]
Etter Jesu død fortalde følgjarane hans at han steig opp att frå dei daude, sjølv om dei eksakte detaljane av opplevingane deira er uvisse. Nokre av dei som hevda å ha sett Jesu oppstode døydde seinare for trua, noko som tyder på at trua deira truleg var oppriktig.[303] Ifølgje Sanders motstrid evangelieforteljingane kvarandre, noko som ifølgje han tyder på ein konkurranse om å ha hevda å ha sett han først i staden for å tyda på bevisst bedrageri.[304] På den andre sida føreslår L. Michael White at inkonsekvensen i evangelia speglar usemje i agendaen til dei ukjende forfattarane deira.[263] Jesu følgjarar danna eit samfunn i vente av atterkoma og etableringa av riket hans.[19]
Moderne forsking på den historiske Jesus har ikkje ført til eit sameint bilete av den historiske skikkelsen, delvis grunna variasjonen av akademiske tradisjonar representert ved forskarane.[305] Gjeve at det er knapt med historiske kjelder er det generelt sett vanskeleg for nokon forskar å teikna ei portrettering av Jesus som kan reknast som historisk truverdig utanom grunneiningane i livet hans.[73][74] Portretteringar av Jesus kreert i denne søkinga sprikar ofte frå kvarandre, og frå biletet framstilt i evangelia.[306][307]
Jesus er sett på som grunnleggjaren av, i orda til Sanders, «ei fornyingsrørsle innan jødedommen.» Eit av kriteria brukte for å skilja historiske fakta i den «tredje søkinga» etter den historiske Jesus er truverdskriteriet, relativt til Jesu jødiske kontekst og til innverknaden hans på kristendommen. Ei usemje i samtidig forsking er om Jesus var apokalyptisk. Dei fleste forskarane konkluderer med at han var ein apokalyptisk predikant, som døyparen Johannes og apostelen Paulus. I kontrast fremjar nokre framståande nordamerikanske forskarar, som Burton Mack og John Dominic Crossan, ein ikkje-eskatologisk Jesus, ein som er meir ein kynisk vismann enn ein apokalyptisk predikant.[308] I tillegg til å portrettera Jesus som ein apokalyptisk profet, ein karismatisk lækjar eller ein kynisk filosof, portretterer nokre forskarar han som den sanne Messias eller ein egalitær profet for sosial endring.[309][310] Attributtane skildra i portretteringane overlappar derimot i mellom, og forskarar som er usamde i nokre attributtar kan vera samde i andre.[311]
Sidan 1700-talet har forskarar iblant lagt fram at Jesus var ein politisk nasjonalmessias, men provet for dette portrettet er ubetydeleg. Likeeins er framlegget om at Jesus var ein selot ikkje i tråd med det tidlegaste laget av den synoptiske tradisjonen.[121]
Jesus voks opp i Galilea og mesteparten av forkynnargjerninga hans gjekk føre seg der.[314] Språket snakka i Galilea og Judea i det 1. hundreåret inkluderer jødisk-palestinsk arameisk, hebraisk og gresk, med arameisk som framherskande.[315][316] Det er brei semje om at Jesus for det meste forkynte på arameisk.[317]
Moderne forskarar er samde i at Jesus var ein jøde av Palestina i det første hundreåret.[318][319] Ioudaios på nytestamentleg gresk[lower-alpha 10] er eit omgrep som i den samtidige konteksten kunne referera til religionen (jødedom), etnisiteten (av Judea), eller begge.[321][322][323] I ein omtale av tilstanden til moderne forsking skriv Amy-Jill Levine at heile spørsmålet om etnisitet er «full av vanskar», og at «utanom å anerkjenna at 'Jesus var jødisk' tek forskinga sjeldan for seg kva 'jødisk' inneber».[324]
Det nye testamentet gjev ingen skildringar av Jesu fysiske måte å vera på før dauden hans – det er generelt likegyldig til etnisk utsjånad og refererer ikkje til trekka til nemnde personar.[325][326][327] Jesus såg truleg ut som ein typisk jøde for si tid og ville ifølgje nokre forskarar hatt ein senete utsjånad på grunn av den asketiske og omreisande livsstilen sin.[328]
Kristusmyteteorien er ein hypotese om at Jesus frå Nasaret aldri fanst; eller, dersom han gjorde det, hadde han nærmast ingenting å gjera med grunnlegginga av kristendommen og evangelieforteljingane.[lower-alpha 11] Forteljingar om Jesu fødsel, attåt andre viktige hendingar, har så mange mytiske element at nokre forskarar har foreslått at Jesus sjølv var ein myte.[330] Bruno Bauer (1809–1882) lærte om at det første evangeliet var eit litteraturverk som skapte historie i staden for å skildra henne.[331] Ifølgje Albert Kalthoff (1850–1906) skapte ei folkerørsle Jesus i møte med jødiske messianske forventingar.[331] Arthur Drews (1865–1935) såg Jesus som den konkrete forma av ein myte som fanst før kristendommen.[331] Trass argument lagde fram av forfattarar som tviler på eksistensen av ein historisk Jesus held ein sterk konsensus fram i historisk-kritisk bibelforsking at ein historisk Jesus levde i området og den nemnde tida.[332][333][334][335][336][337][338]
Sett bort frå sine eigne disiplar og følgjarar avviste jødane på Jesu tid generelt han som Messias, slik mesteparten av jødar gjer i dag. Kristne teologar, økumeniske konsil, reformatorar og andre har skrive utstrekt om Jesus over hundreåra. Kristne sekter og skisma har ofte vorte definerte av sine skildringar av Jesus. Samstundes har manikeistar, gnostisistar, muslimar, bahaiar, og andre funne framståande plassar for Jesus i trusretningane sine.[339][340][341]
Jesus er den sentrale personlegdommen i kristendommen.[2] Sjølv om kristne syn på Jesus varierer er det mogeleg å oppsummera nøkkelsyn delt av dei store kristne kyrkjesamfunna, slik det er slått fast av dei katekistiske eller konfesjonelle tekstene deira.[342][343][344] Kristne syn på Jesus er avleidd frå diverse kjelder, inkludert dei kanoniske evangelia og nytestamentlige breva som dei paulinske breva og johanneiske skrifter. Desse dokumenta lagar omriss av sentrale overtydingar haldne av kristne om Jesus, inkludert om at han er guddommeleg, menneskeleg og hadde eit jordisk liv, og at han er Kristus og son av Gud.[345] Trass i dei mange delte overtydingane deira er ikkje alle kristne kyrkjesamfunn samde i alle doktrinane, og både store og små skilnader når det gjeld lærer og trussyn har eksistert gjennom kristendommen i hundreår.[346]
Det nye testamentet slår fast at Jesu oppstode er grunnlaget for den kristne trua (1 Kor 15,12–20).[347] Kristne meiner at gjennom den oppofra døden og oppstoda hans kan menneske forsonast med Gud, og følgjeleg verta tilbodne frelse og løfte om evig liv.[25] Ved å minna om orda til døyparen Johannes dagen etter Jesu dåp refererer desse doktrinane ofte til Jesus som Guds lam, krossfesta for å oppfylla si rolle som tenar av Gud.[348][349] Jesus er dermed rekna som den nye og siste Adam, som i sin lojalitet kontrasterer illojaliteten til Adam.[350] Kristne reknar Jesus som ein rollemodell, og dei truande vert oppmoda om å etterlikna det gudsfokuserte livet hans.[2]
Dei fleste kristne meiner at Jesus både var menneske og son av Gud.[3] Sjølv om det er teologisk strid når det gjeld naturen hans.[lower-alpha 12] Nokre tidlege kristne såg på Jesus som underlagt Faderen, medan andre rekna han som ein del av Faren heller enn ein separat person.[34][351] Kyrkja løyste problema i ei rekkje oldtidskonsil, som etablerte den heilage treeininga, med Jesus både sant menneske og sann Gud.[34] Trinitariske kristne reknar generelt sett Jesus som Logos, inkarnasjonen av Gud og Gud Sonen, både heilt guddommeleg og heilt menneskeleg. Doktrinen om treeining er ikkje universelt akseptert mellom kristne.[352][353] Med den protestantiske reformasjonen byrja kristne som Michael Servetus og socinianarar å stilla spørsmål ved dei eldgamle trusvedkjenningane som hadde slått fast dei to naturane til Jesus.[34] Ikkje-trinitariske kristne grupper inkluderer Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage,[354] unitaristar og Jehovas vitne.[351]
Kristne heidrar ikkje berre Jesus sjølv, men òg namnet hans. Andakter til Jesu heilage namn har opphav i dei tidlegaste dagane av kristendommen.[355][356] Desse andaktene og festane eksisterer i både aust- og vestkyrkja.[356]
Jødedommen avviser trua på at Jesus var ein Gud,[33] eller ein mellommann til Gud eller del av ei treeining.[357] Religionen held ved at Jesus ikkje var Messias, og argumenterer for at han korkje oppfylte Tanakhens messianske profetiar eller personifiserte dei personlege kvalifikasjonane som Messias.[358] Jødar hevdar at Jesus ikkje oppfylte profetiane om å byggja det Tredje tempelet (Ezekiel 37:26–28), samla jødane attende til Israel (Isaiah 43:5–6), bringe fram verdsfred (Isaiah 2:4), og sameina menneskja under Israels Gud (Zechariah 14:9).[359] Vidare, ifølgje jødisk tradisjon, var det ingen profetar etter Malaki,[360] som leverte sine profetiar i det 5. hundreåret f.Kr.[361]
Jødisk kritikk av Jesus har eksistert lenge. Talmud, forfatta og samla frå det tredje til det femte hundreåret,[362] inneheld forteljingar som sidan mellomalder-tid har vore rekna som krenkande forteljingar om Jesus.[363] I ei slik historie, vert Yeshu HaNozri («Jesus den kristne») avretta, ein utuktig fråfallen, av eit jødisk råd for å spreia avgudsdyrking og praktisere magi.[364] Størstedelen av samtidige forskarar reknar med at dette materialet gjev ingen informasjon om den historiske Jesus.[365] Mishne Tora, eit verk om jødisk lov forfatta av Moses Maimonides, hevdar at Jesus er ein «snublestein» som får «mesteparten av verda til å feila og tena eni annan gud enn Herren».[366]
Som ein stor skikkelse innan islam[29][31] er Jesus (ofte translitterert ʾĪsā) rekna som Guds (Allah) bodbringar og som Messias (al-Masih) som vart send for å leia borna av Israel (Bani Isra'il) med nye skrifter, Evangeliet (referert til i islam som Injil).[30][367] Muslimar reknar evangelia i det nye testamentet som uautentiske, og meiner at Jesu opphavlege bodskap var tapt eller endra og at Muhammed seinare kom for å atteroppretta det.[368] Trua på Jesus (og alle andre Guds bodbringarar) er eit krav for å vera muslim.[369] Koranen nemner Jesus ved namn 25 gonger – meir enn Muhammed[370][371] — og vektlegg at Jesus var eit dødeleg menneske som, lik dei andre profetane, hadde vorte guddommeleg utvald til å spreia Guds bodskap.[372] Sjølv om Koranen anerkjenner Jesu jomfrufødsel er han korkje rekna som inkarnasjonen eller son av Gud. Islamske tekster vektlegg ei streng oppfatning av monoteisme (tawhid) og forbyd assosiasjonen av partnarar med Gud, som ville vera avgudsdyrking.[373] Som alle profetar i islam er Jesus rekna som ein muslim.[374]
Koranen skildrar bodskapen til Maria (Maryam) av ein engel om at ho skal føda Jesus medan ho heldt seg jomfru. Boka kallar jomfrufødselen eit under som gjekk føre seg ved Guds vilje.[375][376] Koranen (21:91 og 66:12) hevdar at Gud pusta anden sin inn i Maria medan ho var kysk.[375][376] Jesus er kalla «Guds ande» av di han vart fødd gjennom handlinga til Anden,[375] men den trua seier ikkje noko om pre-eksistensen hans.[377]
For å hjelpa gjerninga si til det jødiske folket var Jesus gjeve evna til å utføra under, ved tillating frå Gud heller enn si eiga kraft.[32] Gjennom gjerninga si er Jesus sett på som føregangar til Muhammed.[372] Ifølgje Koranen vart ikkje Jesus faktisk krossfesta, berre tilsynelatande for dei som ikkje trudde på Allah,[378] som fysisk løfta Jesus til himmelen.[379] For muslimar er det himmelferda i staden for krossfestinga som utgjer ei stor hending i Jesu liv.[380] Dei fleste muslimar trur at Jesus vil venda attende til Jorda ved endetida og nedkjempa Antikrist (ad-Dajjal) ved å drepa han.[30]
Det muslimske Ahmadiyya-samfunnet har fleire særeigne lærer om Jesus. Ahmadier ser på Jesus som eit dødeleg menneske som overlevde krossfestinga si og døydde ein naturleg daud i ein alder av 120 i Kashmir i India, og at han er gravlagd ved Roza Bal.[381]
Bahai-lære reknar Jesus som ein manifestasjon av Gud, eit bahai-konsept for profetar[382] — mellommenn mellom Gud og menneskja, og tener som bodbringarar og reflekterer kvalitetane og attributtane til Gud.[383] Bahai-konseptet vektlegg dei samtidige kvalitetane av menneskja og det guddommelege;[383] dermed er det likt det kristne konseptet av inkarnasjon.[382] Bahai-tankegang aksepterer Jesus som Son av Gud.[384] I bahai-tankegang var Jesus ein perfekt inkarnasjon av eigenskapane til Gud, men bahai-læra avviser tanken på at den «veldige essensen» til det guddommelege var halden i éin enkelt menneskekropp på grunn av trua deira på «allestadsnærværet og transendensen av Guds essens».[382]
Bahá'u'lláh, grunnleggjaren av bahai-trua, skreiv at sidan kvar manifestasjon av Gud har dei same guddommelege attributtane kan dei sjåast som den åndelege «tilbakekomsten» av alle tidlegare manifestasjonar av Gud, og opptreden til kvar nye manifestasjon av Gud innvier ein religion som tek over for den tidlegare, eit konsept kjent som progressiv openberring.[383] Bahaiar trur at Guds plan gradvis vert avdekt gjennom denne prosessen medan menneskja vert modna, og at nokre av manifestasjonane kjem som spesifikk oppfylling av misjonen til dei tidlegare. Dermed trur bahaiar at Bahá'u'lláh er den lova atterkoma av Kristus.[385] Bahai-læra stadfestar mange, men ikkje alle, aspekta av Jesus slik framstilt i evangelia. Bahaiar trur på jomfrufødselen og krossfestinga,[386][387] men ser på oppstoda og undera til Jesus som symbolske.[384][387]
Innan kristen gnostisisme (no ei hovudsakleg utdøydd religiøs rørsle),[388] var Jesus send frå det guddommelege riket og gav den løynde kunnskapar (gnosis) naudsynte for frelse. Dei fleste gnostisistar trudde at Jesus var eit menneske som vart forgjord av «Kristus'» ande ved dåpen sin. Denne anden forlét Jesu kropp under krossfestinga, men sameinte seg med han då han vart vekt frå dei daude. Nokre gnostisistar derimot var doketistar, og trudde dermed at Jesus ikkje hadde ein fysisk kropp, men berre såg ut til å ha ein.[389] Manikeisme, ei gnostisk sekt, aksepterte Jesus som profet, i tillegg til å heidra Gautama Buddha og Zoroaster.[390][391]
Nokre hinduar reknar Jesus som ein avatar eller sadhu.[392] Paramahansa Yogananda, ein indisk guru, lærte at Jesus var reinkarnasjonen av Elisja og ein student av døyparen Johannes, reinkarnasjonen av Elia.[393] Nokre buddhistar, inkludert Tenzin Gyatso, den 14. Dalai Lama, rekna Jesus som ein bodhisattva som gav livet sitt for velferda til folket.[394] New Age-rørsla nærar ei rekkje syn på Jesus.[395] Teosofistar, der mange New Age-lærer stammar frå,[396] refererer til Jesus som Meister Jesus, og meiner at Kristus, etter ulike inkarnasjonar, tok bustad i Jesu kropp.[397] Scientologar reknar Jesus (saman med andre religiøse skikkelsar som Zoroaster, Muhammad og Buddha) som del av deira «religiøse arv».[395][398] Ateistar avviser Jesus som guddomleg, men har varierande syn på Jesu moralske lære. Til dømes har den prominente ateisten Richard Dawkins kalla han ein «stor moralsk lærar»,[399][400] medan Christopher Hitchens rekna læra hans om tilgjeving som «definitivt umoralsk».[401]
Bilete av Jesus her eksistert i snart 2000 år; og bileta er prega av samtida, den kulturelle konteksten, politiske omstende og teologiske diskusjonar.[312][313][326]
Nokre av dei eldste bileta av Jesus finst i Dura-Europos-kyrkja i Syria, og er truleg datert til før 256.[403] Som med annan tidleg kristen kunst er dei tidlegaste bileta daterte til slutten av 100- og starten på 200-talet; bevarte bilete finst særleg i katakombane i Roma.[404]
I den tidlegare kyrkjehistoria, under gnostisismen, var biletforbod eit tema.[405][lower-alpha 13][406] Frå 400-talet og utover vart todimensjonale, malte ikon populære i austkyrkja.[407] Ikon var uønskte under den bysantinske ikonoklasmen, men frå 800-talet var kunstforma tillaten att.[312]
Forklaringa var eit sentralt motiv i kunsten til austkyrkja, og kvar austleg-ortodoks munk som hadde opplæring i ikonmaling måtte prova ferdigheita si ved å måla eit ikon som viste hendinga.[408] Ikon tek imot dei utvendige teikna på vørdnad, som kyss og prostrasjon, og dei er rekna som mektige kanalar av guddommeleg nåde.[407] Renessansen bringa med seg ei rekkje kunstnarar som fokuserte på bilete av Jesus; Fra Angelico og andre følgde Giotto i den systematiske utviklinga av ryddige bilete.[312]
Før reformasjonen var krusifikset vanleg i vestleg kristendom. Krusifikset vart eit hovudmotiv på alteret på 1200-talet, ein skikk som har vart til moderne tid.[409]
Ei julekrybbe, der Jesus er framstilt som spedbarn i ei krybbe, omgjeven av Maria, Josef, dyr, gjetarar, englar og dei tre vise menn, er eit populært motiv.[410] Frans av Assisi er gjeven æra for populariteten til julekrybba.[410] Motivet var særs populært i Sør-Europa på 1600- og 1700-talet.[410]
Bruken av Jesus-bilete til andaktsformål er tilrådd både av anglikanarar og katolikkar,[411][412][413] og er sentralt i den austlege ortodokse tradisjonen.[414][415]
Den totale øydelegginga som følgde den romerske omleiringa av Jerusalem i år 70 e.Kr. gjorde at få gjenstandar frå Judea i det første hundreåret overlevde, og nærast ingen direkte nedteikningar overlever når det gjeld historia om jødedommen frå sistedelen av det første hundreåret opp gjennom det andre hundreåret.[416][417][lower-alpha 14] Margaret M. Mitchell skriv at sjølv om Evsebios fortel (Historia ecclesiastica III 5.3) at dei tidlegkristne forlét Jerusalem til fordel for Pella like før Jerusalem var offer for den endelege omleiringa, så må ein godta at ingen kristne førstehandsgjenstandar frå den tidlege jerusalemkyrkja har nådd nyare tid.[419] Joe Nickell skriv at «som undersøking etter undersøking har vist, så eksisterer ikkje éin einaste truverdig autentisert relikvie av Jesus.»[420][lower-alpha 15]
Trass i dette har det opp gjennom historia til kristendommen vorte hevda ei rekkje relikviar skrivne til Jesus, sjølv dei har det vorte tvil om. Den katolske teologen Erasmus frå 1500-talet skreiv sarkastisk om spreiinga av relikviar og om talet på bygningar som kunne oppførast frå trevyrket som er hevda å vera frå krossen brukt i krossfestinga.[423] Tilsvarande, samtidig som ekspertar er usamde om Jesus vart krossfesta med tre eller fire naglar, så er minst tretti heilage naglar tilbedne som relikviar på tvers av Europa.[424]
Nokre relikviar, som dei påståtte restane av Tornekransen, tek imot berre eit lågt tal pilegrimar, medan likkledet i Torino (som er knytt med ein godkjend katolsk andakt av Jesu heilage andlet), har motteke millionar,[425] inkludert pavane Johannes Paul II og Benedikt XVI.[426][427]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.