From Wikipedia, the free encyclopedia
Clinton Richard Dawkins (fødd 26. mars 1941) er ein britisk etolog, evolusjonsbiolog og populærvitskapleg forfattar som held Charles Simonyi Chair for Public Understanding of Science ved Oxford University.
Richard Dawkins | |||
| |||
Fødd | Clinton Richard Dawkins 26. mars 1941 Nairobi | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | åtferdsbiologi, evolusjonsbiologi, zoologi, biologi, religiøsitet, Kyrkja, evolusjonsteori | ||
Yrke | evolusjonsbiolog, etolog, vitskapleg forfattar, vitskapsformidlar, essayist, biologiteorisk forsker, kunnskapsteoretiker, sosiobiolog, manusforfattar, biolog, universitetslærar, skribent, zoolog, skodespelar, forfattar, genetikar | ||
Institusjonar | University of Oxford University of California, Berkeley University of Oxford Northeastern University London | ||
Alma mater | Balliol College University of Oxford Oundle skole Chafyn Grove skole | ||
Doktorgradsrettleiar | Nikolaas Tinbergen | ||
Ektefelle | Marian Stamp Dawkins, Lalla Ward, Eve Barham | ||
Medlem | Royal Society Royal Society of Literature |
Richard Dawkins er mest kjend for boka The Selfish Gene (1976, på norsk Det egoistiske genet), som populariserte det gensentriske synet på evolusjon. Boka introduserte òg omgrepet mem og var såleis med på å grunnlegga disiplinen memetikk. I andre bøker har han argumentert for korleis gen kan verka på andre kroppar enn den dei sjølv sit i (The Extended Phenotype, 1982), og for evolusjon ved naturleg utval generelt.
Dawkins er ein ateist, humanist og skeptikar, og eit framståande medlem av den såkalla Brights-rørsla. På grunn av forsvaret sitt av darwinistisk evolusjon vert han stundom omtala som «Darwins rottweiler», eit ordspel på Thomas Huxleys epitet «Darwins bulldog».
Dawkins' seinaste bok er The God Delusion (2006), som er ein kritikk av religion. I boka hevdar han mellom anna at religionar urettmessig har ein privilegert immunitet mot kritikk.
Nettsider
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.