From Wikipedia, the free encyclopedia
Jerusalemskogen er ein furuskog som ligg i Judeafjella vest for Jerusalem. Han er omgjeven av bydelane Beit HaKerem, Yefe Nof, Ein Kerem, Har Nof, Givat Shaul, og ein moshav, Beit Zeit. Skogen vart planta frå 1950-åra av Jewish National Fund,[1] finansiert av private gjevarar.
Jerusalemskogen | |||
skog | |||
Jerusalemskogen frå Yad Vashem | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
By | Jerusalem | ||
Koordinatar | 31°46′19″N 35°9′56″E | ||
Jerusalemskogen 31.77194444°N 35.16555556°E | |||
Kart som viser Jerusalemskogen.
| |||
Wikimedia Commons: Jerusalem Forest | |||
Tidlegare låg det fleire palestinske landsbyar her: Ayn Karim, Beit Mazmil, Zuba, Sataf, Jura, Beit Umm Al-Meis og Deir Yassin.[2] Deir Yassin vart utsletta av sionistiske militsar den 9. april 1948 i ei hending kjend som Deir Yassin-massakren.[3]
På sitt største dekte skogen over 4 kvadratkilometer. Dei siste åra har skogen minka på grunn av byutbygging og dekkjer i dag berre 1,2 kvadratkilometer. Yad Vashem museum ligg i skogen nær Herzlfjellet. Midt i skogen, mellom Yad Vashem og Ein Kerem, ligg eit fritidssenter, Chaim Tzippori gjestehus, med eit ungdomsherberge.
Av dyreliv i skogen finst ein flokk sjakalar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.