Ismåse
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ismåse (Pagophila eburnea) er ein liten måse, han er einaste arten i slekta si. Han har ei sirkumpolar utbreiing og hekkar i Kanadisk Arktis, Nord-Grønland og på arktiske øyar som Spitsbergen, Frans Josefs land, Novaja Semlja og Severnaja Zemlja.[2] Dei trekkjer sør om hausten berre over korte avstandar, det meste av populasjonen overvintrar på kanten av pakkisen, men nokre fuglar kan nå meir tempererte område. Streiffuglar kan kome så langt sør som til Danmark og Storbritannia. Den globale hekkebestanden reknar ein til om lag 14 000 par, av desse trur ein at 80 prosent hekkar i Russland.[3] Svalbardbestanden er estimert til omlag 1 000–2 000 par.[3] Ismåen hekkar i koloniar (ofte samam med krykkje eller andre sjøfuglar) i klippar (opp mot 1 000 moh.) langs iskanten ved dei arktiske kystane.[3] I Russland kan koloniane telje opp mot 2 000 par, men på Svalbard er koloniane sjeldan større enn 10–50 par, enda sjeldnare opp mot 150 par.[3]
Ismåse | |
Ismåse | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Sårbar[1] Utbreiinga av ismåse | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Underfamilie: | Larinae |
Slekt: | Pagophila |
Art: | Ismåse P. eburnea |
Vitskapleg namn | |
Pagophila eburnea Phipps, 1774 |