![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ea/Severnaya_Zemlya.svg/langnn-640px-Severnaya_Zemlya.svg.png&w=640&q=50)
Severnaja Zemlja
From Wikipedia, the free encyclopedia
Severnaja Zemlja (russisk Северная Земля, tyder «Nordlandet») er ei øygruppe i Arktis og Russland ved 79°30′N 97°19′E. Ho ligg nord for Tajmyrhalvøya i Sibir på andre sida av Vilkitskijsundet. Øygruppa ligg mellom to randhav i Nordishavet, Karahavet i vest og Laptevhavet i aust.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ea/Severnaya_Zemlya.svg/320px-Severnaya_Zemlya.svg.png)
Severnaja Zemlja vart først oppdaga i 1913 og først kartlagd i 1933. Ho er dermed den siste øygruppa som vart oppdaga på Jorda. Administrativt høyrer ho til Krasnojarsk kraj, men bortsett frå ein polarbase er ho ikkje busett.