From Wikipedia, the free encyclopedia
Isakskatedralen er eit museum og ei tidlegare kyrkje i St. Petersburg i Russland. Kyrkja var den største i Russland, og er i St. Petersburg. Tårnet ragar 101,5 meter over bakken. Ho vart oppkalla etter den greske helgenen Isak av Dalmatia (også kalla Isak av Konstantinopel). Den heilage Isak levde i siste halvdel av 300-talet og vart fengsla for å ha skulda keisar Valens for arianisme. Tsar Peter den store, grunnleggjaren av St. Petersburg, var fødd på festdagen for Isak, og såg han som vernehelgenen sin.
Isakskatedralen | |||
| |||
Arkitekt | Auguste de Montferrand | ||
---|---|---|---|
Opna | 30. mai 1858 | ||
Stil | Neoclassical architecture in Russia | ||
Isakskatedralen 59.934047°N 30.30595°E |
Isakskatadralen er den fjerde kyrkja i St. Petersburg som har vore vigd til helgenen Isak. Den fyrste Isakskyrkja var ei trekyrkje bygd 1707, og var åstad for Peter den store sitt bryllaup med den seinare keisarinna Katarina I.
Grunnsteinen til den andre isakskyrkja vart lagt ned i 1717, like ved elva Neva, omtrent der ryttarmonumentet over Peter den store står i dag. Ho vart innvigd i 1727. Kyrkja låg for nær elva, så grunnvatnet tærte på fundamenta. Ho vart råka av lynnedslag i 1735, og skadd av den påfylgjande brannen. Kyrkja vart sett i stand att, men i 1759 var setningsskadane i grunnen så omfattande at kyrkja vart stengd.
I 1762 gav keisarinna Katarina II den italienske arkitekten Antonio Rinaldi i oppdrag å bygge ei ny isakskyrkje. Tomta til denne kyrkja vart lagd lenger bort frå elvebreidda, til staden der den noverande Isakskatedralen står. Bygginga tok lang tid, og i 1796 døydde Katarina II. Sonen, tsar Pavel, hadde ikkje interesse av å bruke masse pengar på å fullføre eit av mora sine prestisjeprosjekt. Han gav ordre om at planane skulle leggjast til side, og katedralen settast i brukbar stand så raskt som mogleg.
Estetisk sett var denne løysinga lite tilfredsstillande, og det vart vedteke å erstatte katedralen med ein ny. I 1818 godkjende Aleksander I planane laga av den franske arkitekten Auguste de Montferrand. Byggeprosessen var krevjande, mellom anna måtte det byggast ei eiga jarnbane for å frakte dei 80 tonn tunge granittsøylene, som vart hogne ut heile.
Sovjetstyret stengde katedralen i 1928 og gjorde han om til museum. Museum er bygningen framleis, men i dag vert halde gudstenester i det eine sidekapellet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.