Interrobang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Interrobang, ‽, spørjeropsteiknet, er eit moderne og sjeldant brukt skiljeteikn i typografien. Teiknet er ei blanding av eit utropsteikn og eit spørjeteikn, og tyder det same som begge desse teikna brukt etter kvarandre, ein kombinasjon ofte brukt i uformell tekst. Til dømes vil Kva?! kunne erstattast av Kva‽.
‽ |
---|
apostrof ( ' ) ( ’ ) Fordelingsmellomrom Parentesar |
Teiknet blei laga i 1962 av den amerikanske reklamemannen Martin K. Speckter, som håpte å kunne lage reklametekstar med eit sterkare uttrykk.