Ina Coolbrith
amerikansk diktar og bibliotekar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ina Donna Coolbrith (10. mars 1841–29. februar 1928), fødd Josephine Donna Smith, var ein amerikansk diktar, skribent, bibliotekar og ein framståande figur i det litterære miljøet i San Francisco Bay Area. Ho blei kalla «Sweet Singer of California».[1] Coolbrith var den fyrste som blei utnemnd til California Poet Laureate og den fyrste til å bli poet laureate i nokon amerikansk delstat.[2]
Ina Coolbrith | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. mars 1841 Nauvoo i Illinois |
Død |
29. februar 1928 (86 år) |
Yrke | bibliotekar, lyrikar, journalist, skribent |
Far | Don Carlos Smith |
Ina Coolbrith på Commons |
Coolbrith var niese av Joseph Smith, grunnleggjaren av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints. Ho forlet mormonarsamfunnet som barn og byrja tenåra i Los Angeles i California, der ho byrja å gje ut lyrikk. Etter eit mislukka ungdomsekteskap slo ho seg ned i San Francisco. Der møtte ho forfattarane Bret Harte og Charles Warren Stoddard som ho grunnla «Golden Gate Trinity» med, ei gruppe som var tett knytt til litteraturtidsskriftet Overland Monthly. Dikta hennar fekk positiv merksemd frå kritikarar og etablerte diktarar som Mark Twain, Ambrose Bierce og Alfred Lord Tennyson. Ho heldt litterære salongar ved heimen sin i Russian Hill,[3] og introduserte gjennom denne nye forfattarar til utgjevarar. Coolbrith blei ven med diktaren Joaquin Miller, og hjelpte han til å oppnå global merksemd.
Medan Miller reiste gjennom Europa og levde ut den felles draumen deira om å vitja grava til Lord Byron, passa Coolbrith dottera hans og medlemmer av sin eigen familie. Som følgje av dette kom ho til å slå seg ned i Oakland og ta stillinga som bybibliotekar. Lyrikken hennar leid som følgje av dei lange arbeidsdagane hennar, men ho var mentor for ein generasjon av unge lesarar som omfatta Jack London og Isadora Duncan. Etter at ho hadde vore 19 år ved biblioteket i Oakland blei Coolbrith avsett ved ei omorganisering. Ho flytta tilbake til San Francisco og blei beden av medlemmer ved Bohemian Club om å bli bibliotekar for dei.[4]
Coolbrith byrja å skriva ei litteraturhistorie om California, med mykje sjølvbiografisk materiale, men brannen etter jordskjelvet i San Francisco i 1906 øydela det ho hadde gjort. Forfattaren Gertrude Atherton og vener frå Bohemian Club friends hjelpte henne til å slå seg ned i eit nytt hus, og ho byrja å skriva att og halda litterære salongar. Ho reiste fleire gonger med tog til New York by, og med færre bekymringar i livet fekk ho ein større poetisk produksjon.
30. juni 1915 blei Coolbrith utnemnd til poet laureate for California, og ho fortsette å skriva poesi i åtte år til. Stilen hennar var meir enn dei typiske melankolske eller oppløftande temaa ein forventa frå kvinner — ho tok for seg ei mengd emne i dikta sine, som blei skildra som «einskild sympatetiske» og «kjenneleg spontane».[5] Dei sanselege skildringane hennar av natuen bidrog til å utvikla viktoriansk poesi til å vera meir nøyaktig enn banalt sentimentar, og var ein føregangar for imagisme-skulen og verka til Robert Frost.[6] Ein annan poet laureate for California, Carol Muske-Dukes, skreiv om dikta til Coolbrith at sjølv om dei var påverka av britisk statlegheit var «California framleis inspirasjonen hennar».[lower-alpha 1][7]