private møteplassar for diskusjonar, høgtlesingar og musikalske framføringar frå 1600 til 1900-talet From Wikipedia, the free encyclopedia
Litterær salong var ein møteplass for høgtlesing, diskusjon av politikk og vitskapelege emne, eller framføring av musikk, som var særleg utbreidd på 1700-talet og fram til 1900-talet. Dei fleste salongvertane var private mesenar, som oftast velståande og høgt danna kvinner.
Salongane var spesielt verdfulle for tidas kvinner. I det offentlege rom vart dei nekta å ha ei eiga røyst, men i dei private – i realiteten halvt offentlege – samkomene fekk dei ta del i ordskiftet på like fot med mennene, og dermed vere med på å påverke samfunnsutviklinga.
Forløparar til dei eigentlege tidlegmoderne litterære salongane finn ein i kulturorienterte hoff, til dømes hos Isabella d’Este og hos keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket. I Frankrike danna det seg rundt år 1600 ein stildannande salongkultur som ei tilpassing til tilhøva under eineveldet og som ein sivilisasjonsbyggande motreaksjon på råskapen under dei franske religionskrigane. Mange aristokratar trakk seg attende til sine landlege gods for å komme ut av einevaldskongens innverknadsfære. Påverka av borgarlege omgangsformer danna dei intime småkammersalongar (ruelle). Ofte var møteplassen eit av tidas rommelege sovekammer.
I dei parisiske salongane utvikla seg tidleg ein kultur som vart kalla préciosité. «Presiøsiteten» framheva det som vart oppfatta som spesielt forfina kvinnelege dygder, og utvikla ein tilhøyrande sentimentalistisk litteratur. Denne salongkulturen utarta med tida til parodisk snobberi, noko som inspirerte Molières til å skrive dramaet Les Précieuses ridicules (1682, «dei låttelege presiøse»).
Om presiøsiten si rolle var utspelt, tok salongkulturen ei ny vending utover på 1700-talet. I dei halvt private, halvt offentlege salongane kunne møtelyden, uakta klasse eller kjønn og utanfor den kvelande sensuren til makthavarane, fritt utveksle kontroversielle idear og synspunkt og stille spørsmål ved dei offisielle, dogmatiske sanningane. Tankane som låg til grunn for opplysingstida vaks slik fram i dei parisiske salongane, der òg grunnlaget for den franske revolusjonen vart lagd av filosofar som Voltaire og Diderot.
Dei parisiske salongane overlevde revolusjonen, men med tiltakande fridom og framvoksteren av politiske organ utover på 1800-talet, fall innverknaden dei hadde på samfunnsutviklinga.
Ein særs kjend musikalsk-litterær salong var dei såkalla «Schubertiadane» som venekrinsen til Franz Schubert arrangerte i 1820-åras Wien. Under ein Schubertiade var hovedattraksjonen framføringar av nyskriven Schubert-musikk, vanlegvis med komponisten sjølv ved pianoet, men òg høgtlesingar og åndrike selskapsleikar høyrde med under desse samkomene.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.