Denis Diderot (fødd 5. oktober 1713 i Langres i Frankrike, død 31. juli 1784 i Paris) var ein fransk filosof, forfattar og redaktør av det fyrste moderne leksikonet. Han vart ein av dei mest framståande personane i opplysningstida og blant dei mest radikale og fritalande, som førte til at han vart arrestert fleire gonger. Diderot var overtydd om at dersom religiøse dogme vika for fornufta, og fornufta fekk fullt spelerom, kunne menneska løyse alle problema sine. Han vart ogso kjent for å kome fram med «utrivelege tankar» - som at den frie viljen er ein illusjon, at Gud ikkje eksisterer og at universet ikkje har ei meining. Han stod for ateisme, individualisme og materialisme.
Denis Diderot | |
Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike |
Fødd | 5. oktober 1713 Langres |
Død |
31. juli 1784 (70 år) |
Yrke | filosof, romanforfattar, essayist, Encyclopédistes, kunstkritikar, skodespelforfattar, litteraturkritikar, korrespondent, omsetjar, historikar, statsvitar, leksikograf, skribent, kunstteoretiker, litteraturteoretiker |
Språk | fransk |
Medlem av | Det prøyssiske vitskapsakademiet, Det russiske vitskapsakademiet, Vitskapsakademiet i St. Petersburg |
Far | Didier Diderot |
Ektefelle | Anne-Antoinette Diderot |
Born | Angélique Diderot |
Denis Diderot på Commons |
Etter at han vart ferdig med studia fekk Diderot plass hos ein advokat, samtidig som han studerte språk og matematikk. Ei tid livnærte han seg delvis som språklærar og omsetjar frå engelsk, og han forsøkte sidan å leve av å skrive. Dei franske myndigheitene arbeidde mot han, men mot slutten av livet sitt fekk han stytte frå Katarina den store av Russland.
Det vart særleg britisk som vart utgangspunktet for Diderots tenking og livsverk. Omsetjinga hans av Shaftesburys Enquiry concerning Virtue (1745) vekte oppsikt, og frå arbeidet hans vidare av Chambers Cyclopædia fekk han idéen til det store prosjektet sitt: den store franske Encyclopédie. Utgjevinga hans byrja i 1761. Diderot hadde både leiinga og det mest vanskelege arbeidet, og skreiv med forundra allsidigheit om filosofien sin historie og tekniske fag. Her vart den radikale kritikken mot tradisjonen frå hundreåret samla. Encyklopedien vart forbydd i 1752 og 1759, men utgjevinga vart likevel fortsett av Diderot trass mange farar og vanskar, og trass for at den berømte medarbeidaren hans d’Alembert trekte seg tilbake i 1759. Teksten til Encyklopedien vart ferdig i 1765. Viktige sjølvstendige arbeid frå denne tida er Lettre sur les aveugles (1749) og det naturfilosofiske skriftet Interprètation de la nature (1754).
Ved sida av arbeidet med Encyklopedien dreiv Diderot eit allsidig forfattarskap, og han har øvd stor påverknad på den seinare litterære utviklinga. I motsetning til dei klassiske dramatikarane gjekk Diderot ut frå livsføresetnadene og situasjonane; derfor vert han ofte rekna for å vere far til det moderne realistiske dramaet. Også dei etterlatne skriftene hans vart gjevne ut etter at han døydde; fleire av dei var svært betydelege arbeid. Særskilt romanane Jacques le fataliste (1773) og La Religieuse (1790), den vektige kunstkritikken Les Salons (1756-81), dialogane Le Neveu de Rameau (1763-72; fyrste gong offentleggjort i Goethes omsetjing i 1806; norsk utgåve 1994) og Le Rève de d’Alembert (1829-30), og breva til elskarinna Sophie Volland.
Som leiaren for encyklopedien vart Diderot ein av dei fremste franske opplysningsfilosofane. Han har til felles med f.eks. Voltaire at han vart vektig både som filosof og skjønnlitterær forfattar. Men han vart mindre rasjonalist og meir oppteken av dei forskjellige sidene ved «det materielle» enn dei mang ein andre franske tenkjarar i samtida. Han sette «livsvitskap» høgare enn matematikk og logikk; han vart neppe deist, men helte mot ein ateistisk materialisme, og han understreka dei skapte krefter i materien så sterkt at enkelte også har talt om «vitalisme» og «panteisme» i samanheng med Diderot.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.