From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) var ein middels stor norsk høgskole med omkring 3700 studentar og 300 tilsette, og studiestader i Sogndal og Førde.
HiSF, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Bergen gjekk i 2016 inn for å slå seg saman.[1] Den samanslåtte Høgskolen på Vestlandet blei oppretta 1. januar 2017.[2]
Høgskulen i Sogn og Fjordane blei skipa 1. august 1994. Han var eit resultat av at fire statlege høgskular i Sogndal, Førde og Sandane blei slått saman som ein del av Høgskolereforma i 1994. I tillegg til dei fire høgskulane blei Spesialpedagogikkutdanninga på Sandane (skipa 1981 og i regi av Statens spesiallærarhøgskole og Musikkterapiutdanning på Sandane (skipa 1988 med Østlandets Musikkonservatorium som fagleg ansvarleg) innlemma i høgskulen.
Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ingeniør- og naturfag, helsefag, lærarutdanning, samfunnsfag, reiseliv, leiing og økonomi. Desse kunne takast i varierande lengder frå halvtårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og nokre doktorgradstudium, og i ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskulen hadde fire avdelingar:
Ved alle bachelorutdaningane var det høve til å ta eit studieopphald i utlandet som del av graden ved Høgskulen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.