From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgskolen i Bergen (HiB) er ein tidlegare norsk høgskule som blei etablert 1. august 1994.
HiB, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskolen i Sogn og Fjordane gjekk i 2016 inn for å slå seg saman.[1] Den samanslåtte Høgskolen på Vestlandet blei oppretta 1. januar 2017.[2]
Høgskolen i Bergen var eit resultat av at seks statlege høgskular i Bergen blei slått saman til ein i samsvar med Høgskolereforma i 1994.
1. januar 2005 blei Statens dykkerskole overført til Høgskolen i Bergen.
Høgskulen hadde kring 6000 studentar og 600 tilsette. Han hadde tilbod om fag- og profesjonsstudium innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomisk-administrativ utdanning, musikkutdanning og lærarutdanning. Desse kinne takast i varierande lengder frå halvtårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudium, og ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Dei fleste fagmiljøa ved Høgskolen i Bergen heldt til på Campus Kronstad i Inndalsveien 28 i Bergen eller på Campus Møllendalsveien i Møllendalsveien 6–8 attmed Store Lungegårdsvannet i Bergen. Hovudcampusen låg på Kronstad, og var studiestad for om lag 6 000 studentar og arbeidsplass for nærare 600 tilsette, medan bygningen i Møllendalsveien var studiestad for om lag 1 000 studentar og arbeidsplass for nærare 200 tilsette. Høgskulebygningen på Kronstad, som blei teke i bruk hausten 2014, ligg på den gamle verkstadtomta til Noregs statsbanar, og fem av dei gamle bygningane blei integrert i høgskulebygningen. Bygningskomplekset er heilt moderne, praktisk og miljøvennleg, med ein særeigen arkitektur.
Høgskulen hadde òg undervisningslokale utanfor Campus Kronstad og Campus Møllendalsveien. Det eittårige forkurset for ingeniørutdanning og maritim høgskoleutdanning gjekk føre seg på Bergen tekniske fagskole i Strandgaten 196 på Nordnes i Bergen. Dykkerutdanninga hadde tilhald i Skålevikveien 60 på Skålevikneset i Loddefjord i Bergen, 15 kilometer frå sentrum. Ingeniørutdanninga i undervassteknologi hadde undervisningslokale i Straume Næringspark, Smålonane 2, i Fjell kommune, 14 kilometer frå Bergen sentrum, i Flora idrettssenter, Professor Gjelsvikveg 20 i Florø, og på Høgskolesenteret i Industriveien 18 i Kristiansund.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.