From Wikipedia, the free encyclopedia
Ulrich Zwingli eller Huldrych Zwingli (fødd 1. januar 1484 i Wildhaus i Sveits, død 11. oktober 1531 i Kappel am Albis) var ein teolog som vert rekna som grunnleggjaren av den reformerte kyrkja.
Huldrych Zwingli | |
Statsborgarskap | Old Swiss Confederacy |
Fødd | 1. januar 1484 Wildhaus |
Død |
11. oktober 1531 (47 år) |
Yrke | teolog, omsetjar, prest, reformator, skribent, predikant |
Språk | latin, tysk |
Religion | kalvinisme |
Ektefelle | Anna Reinhart |
Huldrych Zwingli på Commons |
Zwingli studerte i Wien og Basel. Han vart magister i 1506 og byrja same året å verka som prest i Glarus. Frå 1515 tenestegjorde han i valfartsbyen Einsiedeln og frå 1519 i Grossmünster i Zürich.[1] Han var frå byrjinga tilhengjar av Erasmus, men blei påverka av Luther og utvikla etter 1519 ei reformatorisk oppfatning i samband med studiane sine av Paulus og Augustinus.
I august vart 1519 Zürich råka av ein pestepidemi som drap rundt ein fjerdedel av innbyggjarane. Medan mange flykta frå byen vart Zwingli verande. Han vart pestsjuk i september, og var nær ved å døy. Han skildra seinare den andelege forståinga si av sjukdommen i diktet «Pestlied».
Zwingli gjorde offentleg opprør mot den katolske læra i 1522, då han ope braut fasten i fastetida. Han hadde også vorte hemmeleg gift med enkja Anna Reinhard tidlegare dette året, og var open motstandar av dei katolske sølibatreglane for prestar.[1] Etter fleire kranglar med katolikkane let byrådet i Zürich halda ein disputas om reformasjonen i 1523.[1] Magistraten anerkjende standpunktet til Zwingli som det rette og reformasjonen vart gjennomført i Zürich. Klostera vart avskaffa og prestane fekk pålegg om protestantisk forkynning. I 1525 avskaffa Zwingli bilde, altar, orgel og salmesong i kyrkjene og innførte ei ny gudstenesteordning som skulle byggja på skriftlesing, bøn og preken med enkel altergang fire gonger i året.[1] Frå 1525 til 1529 arbeidde han med ei bibelomsetjing som blei til Zürich-Bibelen eller «Zwinglibibelen».
I 1530 hadde reformasjonen til Zwingli spreidd seg til Bern, Basel, Bodensjø-området og Strasbourg. Han lukkast derimot ikkje forsøket i å reformere dei katolske kantonane i Sveits med makt. Zwingli fall i slaget ved Kappeln, der han deltok som feltprest.
Forsøket på å nå eit felles standpunkt med Martin Luther ved religionssamtalane i Marburg (Marburger Religionsgespräche) i 1529 mislukkast på grunn av usemje om nattverden. Zwingli såg på nattverden som ei symbolsk handling, medan Luther meinte at Jesus Kristus var til stades i kjøt og blod.
Gjennom Heinrich Bullinger, etterfølgjaren til Zwingli som leiar for kyrkja i Zürich, virka læra til Zwingli vidare og influerte den reformerte teologien, men i mindre omfang enn Jean Calvin.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.