kyrkje i Hornindal kommune From Wikipedia, the free encyclopedia
Hornindal kyrkje står på Kyrkhorne nordom Grodås sentrum i tidlegare Hornindal kommune (no Volda i Møre og Romsdal), og er ei tømra langkyrkje frå 1853.
Hornindal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Søre Sunnmøre | ||
Sokn | Hornindal | ||
Fellesråd | Volda | ||
Stad | Foto: kirkenorge.no | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ludolph Rolfsen[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 30. november 1856[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 400[1] | ||
Hornindal kyrkje 61.9725°N 6.5203°E | |||
Wikimedia Commons: Hornindal kyrkje | |||
Arkitekt for kyrkja, som har sitjeplassar til 400 personar, var kaptein Ludolph Rolfsen frå Stryn. Han støtte seg til typeteikning laga av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow.[1] Mykje av inventaret er frå byggeåret.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Hornindal sokn i Søre Sunnmøre prosti. Området høyrde fram til 1867 under Eid prestegjeld.[2]
Då kyrkja i Hornindal stod ferdig i 1856, vart det sett opp eit gylt trekors på altaret i påvente av altartavle. 75 år seinare var det ennå ikkje kome altartavle. I 1929 tok presten og prestefrua, Jon og Alhede Johnson, tak i saka. Prestefrua skipa Jentelag til kyrkja sin prydnad, og presten tok kontakt med kunstnaren Dagfin Werenskiold. Han hadde nyleg laga eit trerelieff som presten ville kopiere, og det fekk han.
Våren 1932 var Johnson ferdig med arbeidet sitt. Wernskiold kom til Hornindal for å ta seg av målinga av relieffen, men kunstnaren vart så imponert av det han fekk sjå at han tilbaud Hornindal originalen mot at han fekk kopien. Kopien vart seinare sett opp i Sørkedalen kyrkje.
Altartavla vart vigsla søndag 10. april 1932.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.