Volda kyrke er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommuneSunnmøre.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Volda kyrkje
kyrkje
Thumb
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Volda
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Volda
Type langkyrkje
Arkitekt Arnstein Arneberg
Material stein
Innvigd 1. mai 1932
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 540
Thumb
Volda kyrkje
62.1457°N 6.0674°E / 62.1457; 6.0674
Wikimedia Commons: Volda kirke
Lukk

Tidlegare kyrkjer

Thumb
Den førre kyrkja i Volda var bygd i 1858 etter teikningar laga av Chr. H. Grosch. Ho brann ned i 1929.

Halkjelsvik, no sentrum i tettstaden Volda, var kyrkjestad alt kring år 1200. På 1400 talet stod her ei stavkyrkje. Ho vart påbygd fleire gonger til ho vart nedreven i 1858, og erstatta av ei ny krosskyrkje i tre. Dette var ei av dei største trekyrkjene i landet. Ho brann natt til 7. april 1929. Ikkje noko av det tildels svært gamle inventaret vart redda.

Den noverande kyrkja

Det vart vedteke å bygg opp ny kyrkje i stein. Ho er reist etter teikning av arkitekt Arnstein Arneberg. Den grovhogne gråsteinen i yttermuren er teken om lag ein kilometer vest for kyrkja. Innvendig vart det bygd ein frittståande kvelving i jarnbetong. Kyrkja er 43,5 meter lang og 16 meter brei. Tverskipet er 29 meter. Høgda under kvelven er 11 meter. Mønehøgda 15 meter. Høgd på spiret er 40 meter. Meister under bygginga var J. Strømsheim frå Sykkylven.

Kyrkja vart vigsla 1. mai 1932 av biskop Andreas Fleischer. Koret er pryda av ei freskomåling av Hugo Lous Mohr. Det biletet, som den gongen var det største freskoarbeidet i Noreg, stod ferdig til jul i 1932.

Andre kyrkjer i Volda

Kjelder

  • Wilhelm Kvalheim: Volda Kyrkje. Volda 1960

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.