From Wikipedia, the free encyclopedia
Hod HaSharon (hebraisk skrift הוֹד הַשָּׁרוֹן, tyder «Prakta på Sharon») er ein by i Det sentrale distriktet i Israel.
Hod HaSharon | |||
هود هاشرون, הוֹד הַשָּׁרוֹן | |||
by | |||
|
|||
Namneopphav: Prakta på Sharonsletta | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°09′N 34°53′E | ||
Areal | 19,24 km² | ||
Folketal | 51 035 (2012) | ||
Folketettleik | 2 653 / km² | ||
Grunnlagd | 1964 | ||
• Bystatus | 1990 | ||
Borgarmeister | Hai Adiv | ||
Hod HaSharon 32.15°N 34.883333333333°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Hod Hasharon | |||
Byen fekk offisielt bystatus i 1990 og oppstod i 1964 då fire nabolandsbyar vart slått saman: Magdiel, Ramatayim, Hadar og Ramat Hadar.[1] Byen dekkjer offisielt eit landareal på 19,2 kvadratkilometer,[2] og i følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde byen i desember 2012 eit folketal på 51 035.[3]
Hod HaSharon vart skipa i 1964 då busetjingane Magdiel, Ramatayim, Hadar og Ramat Hadar vart slått saman. Hod Hasharon vart styrt som ein lokal kommune fram til han fekk bystatus i 1990.[4]
Magdiel vart grunnlagd den 2. august 1924 av ei gruppe 12 askenasiske jødar.[4]
Ramatayim vart grunnlagd i 1925 av emigrantar frå Polen.[1] Ramatayim vart bygd på to åsar med ein dal mellom, derfor namnet Ramatayim, som tyder 'to åsar'.[4] Ramatayim er i dag sentrum i Hod HaSharon.
Hadar vart grunnlagd i 1927 av mellomklasseemigrantar frå Aust-Europa, som kort tid etter fekk selskap av ei gruppe italienske jødar.[1] Landområdet vart kjøpt frå Abou Kishk beduinstamme. Pionerane ønskte å byggje ein landleg busetnad basert på sitrusavlingar (namnet «Hadar» er det hebraiske ordet for «sitrus»). Dei første åra dreiv bøndene i Hadar òg med fjørkredrift. Tidleg i 1940-åra, flytta jemenittiske emigrantar til Hadar og oppretta nabolaget Shikun Hateymanim, som i dag er ein del av bydelen Gannei Tzvi.[4] I 1951 vart Ramatayim og Hadar slått saman til Hadar Ramatayim.[1]
Ramat Hadar vart grunnlagd i desember 1938 av emigrantar frå Nazi-Tyskland, medlemmar frå den femte Aliyah.[1] Ramat Hadar vart bygd på ein ås mellom Kfar Hadar, Ramatayim og hovudvegen frå Petah Tikva til Ramatayim. Næringa i Ramat Hadar var basert på mindre gardar, hovudsakleg fjørkredrift.[4] og sitruslundar. Ramat Hadar hadde sitt eige postkontor mellom 1959 og 1989.
Hod HaSharon ligg på Sharonsletta, som er ein del av Den israelske kystsletta. Byen ligg kring 10 km aust for middelhavskysten, sør for Kfar Saba, søraust for Raanana, og nordaust for Ramat HaSharon. Byen ligg kring 8 km vest for Vestbreidda og 8 km nordaust for Tel Aviv.
I følgje CBS var den etniske samansetnaden i byen i 2006 99,9 % jødiske og andre ikkje-arabarar, utan større arabisk folkesetnad.
I følgje CBS er det 18 skular og 8 083 elevar i byenn.
Mosenson ungdomslandsby tar i mot både israelarar og utanlandske elevar.[5]
Hod HaSharon er venskapsby med:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.