Histidinkinase
From Wikipedia, the free encyclopedia
Histidinkinasar er ein familie av kinasar som fosforylerer histidinrestar, gjerne ein konservert histidinrest på seg sjølv. Dei finst særskilt hjå bakteriar, der dei er viktige komponentar av signaloverføringssystem. Dei finst òg hjå arkar; og hjå eukaryotar, til dømes hjå planter og soppar.[1] Fyrst nyleg (per 2017) har ein byrja å få innsyn i rolla til histidinkinasar hjå pattedyr.[2]