From Wikipedia, the free encyclopedia
Helena av Konstantinopel, fullt namn Flavia Iulia Helena (fødd 248/250 i Bithynia; død venteleg 18. august 330 i Nikomedia) var mor til den romerske keisaren Konstantin den store, som gav ho tittelen augusta.
Helena av Konstantinopel | |||
| |||
Fødd | ca. 250 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Helenopolis | ||
Daud | 18. august 330 | ||
Dødsstad | Konstantinopel, Nikomedeia | ||
Yrke | politikar | ||
Helgendag | 18. august, 21. mai, 19. mars, 3. juni | ||
Vernehelgen | Frankfurt am Main, Pesaro og Ascoli, bispedømmene Trier, Bamberg og Basel; for fargarar, bergverksarbeidarar, skattegravarar og naglesmedar; mot lyn og eld; for gjenfinning av tapte eller stolne gjenstandar |
I den katolske og i dei ortodokse kyrkjene er ho rekna som helgen. Festdagen hennar i den katolske kyrkja er 18. august. Øya St. Helena er oppkalla etter ho.
Helena blei etter den framherskande meiningar fødd ca 248/250 i Drepanon (i dag Karamürsel) i provinsen Bithynia[1] ved Bosporos. Ho kom frå særs enkle kår.[2] Kyrkjefaren Ambrosius av Milano skriv at ho var ei god herbergsvertinne.[3] Ein slik enkel herkomst er det ein går allment ut frå, men det finst eigentleg eit lite høve for at ho kom frå meir framståande kår.[4] Det finst også ei britisk soge om at ho var dotter av ein britannisk konge kalla Coel.[5]
Ho hadde eit forhold med den romerske offiseren Constantius, og mellom 272 og 280 fekk dei sonen Konstantin. Om Constantius og Helena òg var gifte, er omstridt. Det kan vera at dei to levde i eit livslangt konkubinat. Constantius Chlorus skilde seg i så fall frå Helena i 289, for å gifta seg med Theodora, som var stedotter av keisar Maximian. Han blei adoptert og i 293 utnemnt til caesar (underkeisar) innan det romerske tetrarkiet.[6]
Etter at Constantius Chlorus døydde overtok sonen Konstantin hæren til faren, og blei utropt av hæren til overkeisar (augustus) den 25. juli 306 i det som i dag er York i England. Etter at han tok over styret henta han mor si til Trier.
Constantius Chlorus blei verande heidning, men Helena lét seg døypa. Hennes son Konstantin sigra i 312 under Jesu Kristi banner over motstandaren Maxentius i slaget ved Ponte Milvio, og utskreiv året etter Toleranseediktet i Milano.
Ifølgje biskop Ambrosius av Milano og Eusebius reiste Helena i ein alder av rundt 76 år til Palestina. Undervegs var ho ei tid på Kypros, noko som seinare skulle spela ei rolle for den den autokefale karakteren til kyrkja på øya.
I Jerusalem viste Helena rundt 326 biskop Makarios til det tilhøvet at ei overlevering sa at Jesus si grav skulle liggja under eit Venustempel som romarane hadde bygd på 100-talet. Dette tempelet var blitt reist av keisar Hadrian etter Bar Kochba-oppstanden, for å få sett ein stoppar for den kristne venerasjonen av grava, for allereie i løpet av dei første hundre åra etter krossfestinga av Jesus var Golgata og grava ca 40 meter unna blitt til viktige stadar for den veksande gruppa jødekristne.
Etter at Hadrian hadde slått ned oppstanden i 125, grunnla han romarkolonien Aelia Capitolina over det øydelagde Jerusalem. Han vigde byen til yndlingsgudinna si Venus og lét byggja eit stort tempel over dei førkristne tempela i vestkanten av forumet i byen. Ein høg terrasse dekte det ein rekna som grava og heile Golgataklippen, og på den blei det sett opp ein Venus-stele. Denne kunstige terrassen verna om dei to kristne heilage stadene for seinare tider.[7]
Etter soga fekk Helena sett igang gravearbeid, og fann då blant anna restar av krossen til Jesus og den heilage grava. Helena lét restane av Jesus sin kross dela i tre. Ein tredel bleiverande i Jerusalem,[8] ein tredel tok keisarmora med tilbake til Roma,[9] og ein tredel sende ho til sonen sin i Konstantinopel.[10]
Over grava og funnstaden for krossen lét Helena og sonen Konstantin byggja ein basilika, den såkalla Gravkyrkja. Også Fødselskyrkja i Betlehem og den seinare øydelagte Eleona- (det vil seia Helena-) basilikaen på Oljeberget kan førast tilbake til Helena. I tillegg stod ho bak bygginga av ei rekkje andre kyrkjer, ikkje berre i Jerusalem.
Helena blir også tilskriven funnet og medtaking av relikviane etter heilage tre kongar. Først tilhøyrde dei familien hennar, og så blei dei gjevne til biskop Eustorgius. Dei kom etterkvart til Milano, og så seinare tok keisar Fredrik Barbarossa dei med til Kölnerdomen.
Dødsåret til Helena blir oppgjeve til noko frå 329 til 335 . Året 329 er det mest sannsynlege, ettersom det etter dette året ikkje blei prega mynter med hennar namn. Ho døydde dermed truleg dette året, den 18. august 329 i Nikomedia (no İzmit).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.