Hedalen stavkyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hedalen stavkyrkje står i Hedalen i Sør-Aurdal kommune i Innlandet, og er ei stavkyrkje frå 1160-åra.[2] Kyrkja er no ei krosskyrkje, men var frå starten langkyrkje. Dei lafta krossarmane vart påbygde i 1699, og skipet i mellomalderkyrkja utgjer sidan den vestre krossarmen.[2] På slutten av 1700-talt fekk kyrkja ny altartavla, sett saman av eit krusifiks og eit skåp frå mellomalderen. Altartavla er overmåla og skjuler opphavet. Krusifikset er frå omkring 1250. Madonnaskåpet blir tradisjonelt datert til siste halvdel av 1200-talet.[3]
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Hedalen stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Sør-Aurdal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Valdres | ||
Sokn | Hedalen | ||
Fellesråd | Sør-Aurdal | ||
Type | krosskyrkje | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1160-åra[1] | ||
• Endringar | Stor ombygging i 1699[2] | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Altartavle | seint 1700, delar frå middelalder | ||
Hedalen stavkyrkje 60.62244444°N 9.69041667°E / 60.62244444; 9.69041667 | |||
Wikimedia Commons: Hedalen stave church | |||
Lukk
Kyrkja er soknekyrkje i Hedalen kyrkjesokn i Valdres prosti.
- Vestportalen
Teikning: Georg Andreas Bull - Altar
- Madonna og krusifiks
- Skrin