Gyachung Kang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gyachung Kang er eit 7 952 m høgt fjell i Himalaya på grensa mellom Kina og Nepal. Det er det høgste fjellet mellom Mount Everest og Cho Oyu i Mahalangur-Himal. Cho Oyu ligg om lag 8 km vest for Gyachung Kang, dei to fjella er samanbundne av ein lang bergrygg som ikkje på noko punkt er lågare enn 7 200 m. I aust ligg Nup-La (vestpasset) mellom dalane Rongbuk i nord og Dudh-Kosi i sør. Gyachung Kang blir rekna som den høgste 7000 meters-toppen i verda.[1]
Kjappe fakta
Gyachung Kang | ||
---|---|---|
Gyachung Kang sett frå vegen til Ngozumpa Tse. | ||
Høgd over havet | 7 952 m | |
Område | Grensa mellom Nepal og Kina (Tibet) | |
Fjellområde | Himalaya | |
Dominans | 8 km → Cho Oyu | |
Skardhøgd | 672 m ↓ (7280 m) | |
Koordinatar | 28° 5′ 53″ N, 86° 44′ 32″ A | |
| ||
Førsteklatring | Ein japansk ekspedisjon i 1964 | |
Normalrute | Høgfjellstur over bre |
Lukk