norsk forfattar From Wikipedia, the free encyclopedia
Gunnar Staalesen (fødd 19. oktober 1947 i Bergen) er ein norsk forfattar og dramatikar. Han voks opp og har budd i Bergen heile livet sitt, og der finn også handlinga i dei fleste bøkene hans stad.
Gunnar Staalesen | |
Gunnar Staalesen Foto: Nina Aldin Thune | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. oktober 1947 Bergen i Noreg |
Yrke | Forfattar |
Rørsle | Postmodernisme, kriminallitteratur, sosialrealisme |
Gunnar Staalesen på Commons |
Staalesen debuterte med romanen Uskyldstider i 1969, men er mest kjend for kriminalromanane sine om privatdetektiven Varg Veum. Meir enn nokon annan vert Staalesen rekna som den som introduserte sosialrealismen i norsk kriminallitteratur. Mellom 1997 og 2000 gav han ut den såkalla hundreårstrilogien, eit verk på om lag 1600 sider som er sentrert rundt ulike familiar i Bergen og omland frå 1900 til 2000. Han har vore forfattar på heiltid sidan 1987.
Gunnar Staalesen har (per 2009) gjeve ut fem romanar, 18 kriminalromanar, to novellesamlingar, tre barne- og ungdomsbøker, seks skodespel og ei rekkje mindre utgjevingar. I tillegg har han ei rekkje tekstar frå arbeid som dramatikar, manusforfattar og skribent som ikkje er utgjevne i bokform. Fleire av bøkene hans er også omsette til andre språk. Han har vorte heidra med mellom anna Rivertonprisen (to gonger), Bokhandlarprisen og heidersprisen for kultur i Bergen kommune.
Gunnar Staalesen voks opp på Nordnes i Bergen med ein far frå Haugesund som var lektor og ei mor frå Fredrikstad som var sjukepleiar.[1][2] Han har fortalt at han hadde ein heilt vanleg oppvekst, og at han oppdaga at han likte å skrive som 10–11-åring.[1] Han eksperimenterte med å skrive historier og lage teikneseriar, og alt i 1960, som 12-åring, hadde han ei novelle på trykk i det dåverande Haugesunds Dagblad.[3] Ho hadde fått namnet «Det spøker ved Ulve-vann!», og han hadde også illustrert denne vesle novella som hadde ein journalist og ein hund i hovudrollene. Dette må altså kunne kallast Gunnar Staalesen sin forfattardebut.
Staalesen tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1966. Deretter byrja han på Universitetet i Bergen, der han i 1976 vart cand.philol. med faga engelsk, fransk og litteraturkunnskap. I studietida var han frilans filmmeldar og kulturjournalist i BA (då Bergens Arbeiderblad). Han har også vore tilsett som informasjonssekretær ved Den Nationale Scene, i periodane 1972–1973 og 1976–1987. Det var fyrst i 1987 at han vart forfattar på heiltid, sidan ein, som han seier, «i utgangspunktet ikkje tener nok pengar på å vere forfattar i Noreg til å kunne leve av det».[1]
Gunnar Staalesen skildrar seg sjølv som eit «tvers igjennom alminneleg menneske som tilfedigvis kan skrive bøker mange likar å lese.»[4] Han har karakterisert seg sjølv som ein ihuga lesehest,[5] og ein annan hobby han har, er springing. To–tre gonger i veka er han ute og spring, har han fortalt, i tillegg til at han er med i mosjonsløp og spring halvmaraton. Tidlegare har han også sprunge maraton.[1] Staalesen har vorte millionær etter boksuksessane sine, men har eit nøkternt forhold til pengar. Han køyrer til dømes ein vanleg bil og har kjøpt ei rimeleg hytte.[6] Han har sagt at han ikkje har «behov for å signalisere at [han] har hatt nokre gode år.»[7]
Han har vore gift sidan 1969, og har to vaksne ungar, Vidar og Reidar[8]
Gunnar Staalesen hadde hatt tekstar på trykk i mellom anna Vinduet, Profil og Dagbladet før han fekk noko utgjeve i bokform.[9] Han hadde også fleire refusjonar bak seg, mellom anna frå Brikt Jensen på Gyldendal, før han fekk utgjeve den fyrste boka si, Uskyldstider i 1969.[10] Boka kom ut på Pax Forlag etter å ha vorte refusert av både Cappelen og Gyldendal. Likevel vart heile opplaget på 2 500 eksemplar selt ut. Staalesen hadde, naturleg nok, høge forventingar til seg sjølv på denne tida, og han har ved fleire høve sagt at han såg på seg sjølv som den nye Knut Hamsun.[4][10] Dei to fyrste romanane hans har vorte skildra som «prosalyriske formeksperiment som var typiske for tida dei kom ut i.»[2] og «modernistiske kortromanar»[11]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.