Gudvangen er ei grend og ferjestad inst i Nærøyfjorden i Aurland kommune i Vestland fylke. Fjorden kom 14. juli 2005 på UNESCO si verdsarvliste, og om sumaren er Gudvangen ein viktig stad for turisme.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Gudvangen
stad
Thumb
MF Gudvangen i Gudvangen. Nærøydalselvi som renn ut i Nærøyfjorden til venstre.
Foto: lm-berlin
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Postnummer 5747
Ferdselsårer Gudvangen Fv5623
Thumb
Gudvangen
60.879697°N 6.8430253°E / 60.879697; 6.8430253
Wikimedia Commons: Gudvangen
Lukk
Thumb
Gudvangen rundt 1915.
Foto: Samuel J. Beckett / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Namnet kjem av «goter», far i terrenget etter skreder gjennom alle tider, og «vang» ei stor slette.

Vegtunnelen Gudvangatunnelen er kalla opp etter Gudvangen, og bind saman Gudvangen med Undredal og resten av Aurland kommune som del av Europaveg 16. Frå Gudvangen går Fylkesveg 5623 til grenda og kyrkjestaden Bakka ved Nærøyfjorden.

Gudvangen hamn og ferjekai

Gudvangen har vore ein viktig stad for båttransporten sidan Fylkesbaatane fekk sitt fyrste stopp her i 1862, og turistferdsla gjennom Nærøydalen skaut fart etter at Vossabanen opna i 1883. I 1934 vart det oppretta ei bilførande korrespondanserute til det nyoppretta sambandet Lærdal-Vadheim, der ferjene møtast midtfjords og la seg attmed kvarandre for å mogleggjera køyring av bilar mellom ferjedekka. Fem år etterpå, i 1939, vart det oppretta eit nytt direkte ferjesamband til Lærdal. Dette sambandet vart eit viktig ledd i den då komande nye stamvegen mellom aust og vest gjennom Indre Sogn, som me i dag kjenner som Europaveg 16, og vart erstatta av Lærdalstunnelen.

Meir om ferjekaia her.

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.