Indre Sogn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Indre Sogn

Indre Sogn er ikkje ei fast geografisk avgrensing, men vert ofte brukt som ei fellesnemning for kommunane og landområdet inst i Sognefjorden. Når ein deler Sogn i to geografiske område, Indre Sogn og Ytre Sogn, omfattar Indre Sogn kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Området midt i Sogn, altså dei kommunane som ligg lengst vest i Indre Sogn, vert av og til omtala som Midtre Sogn.

Thumb
Kommunar i Sogn og Fjordane, delt i regionane Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn.

Indre Sogn har eit samla areal på 8 584 km² og 28 756 innbyggjarar per 27. februar 2020.[1]

Kommunar i Indre Sogn

Indre Sogn består av seks kommunar:[2]

Meir informasjon Nr, Våpen ...
NrVåpenNavnInnbyggereMålform
1420Sogndal komm 2020Sogndal kommune7 348Nynorsk
1421Aurland sitt kommunevåpenAurland kommune1 712Nynorsk
1422Lærdal sitt kommunevåpenLærdal kommune2 205Nynorsk
1424Årdal sitt kommunevåpenÅrdal kommune5 572Nynorsk
1426Luster sitt kommunevåpenLuster kommune5 026Nynorsk
1417Vik sitt kommunevåpenVik kommune2 748Nynorsk
Lukk

Tidleg historie

Manntalet frå 1701 frå Ytre og Indre Sogn futedøme viser at prestegjelda som vart plassert i Indre Sogn var Lærdal, Sogndal, Luster og Hafslo, medan prestegjelda Vik, Leikanger, Aurland, Voss, Askvoll og Eivindvik var i Ytre Sogn[3]

Ein matrikkel frå 1723 inkluderer desse skipreida i Indre Sogn: Lærdal, Borgund, Årdal, Luster, Marifjøra, Solvorn, Sogndal og Norum. Skipreida i Ytre Sogn var i 1723 Aurland, Nærøy, Systrond, Tjugum, Kvamsøy, Vik, Klævol, Lavik og Utvær.[4]

Amtstida

Nordre Bergenhus Amt, det som i dag er Sogn og Fjordane fylke, vart oppretta i 1763 vart amtet delt i fire futedøme: Ytre Sogn og Indre Sogn, Nordfjord og Sunnfjord.[5]

I 1917 gav Det Statistiske Centralbyraa ut "Norges Civile, Geistelige og Judicielle Inddeling", og i tabell 3 finn vi "Rikets inddeling amtsvis i prestegjeld; og sogn, bykommuner og herreder, lensmandsdistrikter, tinglag, sorenskriveri og fogderi." Her kan vi sjå at futedømet heiter Sogn, men at det er delt inn i Indre Sogn og Ytre Sogn sorenskriveri. I Indre Sogn finn ein: Jostedalen, Lærdal, Hafslo, Årdal, Luster og Sogndal. I Ytre Sogn finn vi Aurland, Balestrand, Leikanger, Vik, Lavik], Gulen og Sulen.[6]

Moderne bruk

Jordskiftesoknet til Indre Sogn Jordskifterett omfattar kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.[7]

Sogn regionråd er eit samarbeidsorgan for kommunane i Indre Sogn: Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Regionrådet jobbar med rammevilkår for busetnad og næringsliv, samt med samordning.[8]

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.